.
Databaseveljar | 1801 | 1865 | 1875 | 1900 | -1910 | Søk i alle basar | -Skanna kyrkjebøker | Skanna skiftemateriale | Skanna pantebøker | Skanna tingbøker
English
Nye sider for Digitalarkivet
Meldingar
Om Digitalarkivet
Nybyrjar i Digitalarkivet
Digitalpensjonatet
Skanna kyrkjebøker
Skanna tinglysingsdokument
Skanna skiftemateriale
Skanna tingbøker
Kjelderegistrering
Debattforuma
Digitale bøker
Utskrifter av folketeljingar
Fotoalbum av gardar
Kurs i gotisk handskrift
Kalkar
Arkivverket

Digitalarkivets debattforum

Me har 16. februar 2002 sett i drift eit nytt debattforumsystem, med litt andre inndelingar av tema. Les meir om dette på hjelpesida som du finn lenke til inne på debattsidene, og ver merksam på at hjelpeteksta endrar seg etter kvar i systemet du er.
Foruma er:

  • Eit arkivforum som gjeld spørsmål om Digitalarkivet og om kjeldene/databasane me har, om arkivsaker generelt, eller spørsmål direkte til Statsarkivet i Bergen. Velj gruppe etter kven spørsmålet skal rettast til.
  • Eit brukarforum for spørsmål der du vender deg til andre brukarar av Digitalarkivet. Det kan vera spørsmål om andre kjelder enn dei me har, etterlysing av personar, eller kva det måtte vere. Her har ikkje Digitalarkivet ansvar for å svara. Om det er etterlysninga av personar bør namn og prestegjeld/kommune eller anna geografisk avgrensing gå fram av tittelen, om mogeleg. Hugs også på å plassera innlegget under riktig fylke. Lar det seg ikkje plassera, vel gruppa "Generelt".
  • Eit Forum for kjelderegistrering der dei som registrerer kjelder kan utveksla erfaringar og stilla spørsmål til kvarandre og til oss i Digitalarkivet. Spørsmål til Kyrre (standard for registrering av kyrkjebøker i Noreg) kan stillast i dette forumet, medan konkrete endringsforslag må sendast til digitalarkivet@arkivverket.no dersom dei skal vurderast før lansering av neste versjon.
  • Eit Forum for skanna kyrkjebøker der spørsmål og kommentarar gjeld tenesta "Skanna kyrkjebøker" (mikrofilma kyrkjebøker i Arkivverket vert digitalisert og lagt ut på nett). Spørsmål og kommentarar er i hovudsak retta til dei ansvarlege bak tenesta, så her kan ein senda ris og ros, feilmeldinger, manglar med utlagte kyrkjebøker eller med tenesta, osb.. Forumet er ikkje meint for diskusjonar om innhaldet i kyrkjebøkene, skrifttyding eller dataregistrering av desse, til det ber me om at de nyttar dei andre foraa.

Me har laga nokre Ordensreglar på korleis diskusjonane i foruma skal gå føre seg:

1) Alle som skriv innlegg i debattforuma skal oppgje fullt namn, bustad (kommune) og e-postadresse. E-postadressa vert ikkje publisert i forumet, men ein vil få e-postar frå debattforuma kvar gong ein lagar eit innlegg, eller dersom det kjem nye innlegg i eit tema ein sjølv har oppretta.

2) Det skal berre vera ein diskusjon per tema. Dersom nokon av debattantane ynskjer å å gripa fatt i eitt av elementa for å diskutera dette vidare, og dermed går på sida av temaet, skal vedkomande oppretta eit nytt tema. Han eller ho kan, om ynskjeleg, opplysa om at ein diskusjon om dette sidetemaet er starta i ein anna debatt (bruk temanr.)

3) Så langt som det er mogleg skal ein svara på same språk som den som stiller spørsmålet. Dersom ein ikkje kjenner seg stø nok i dette språket, kan ein svara på norsk og eventuelt be om hjelp til oversetjing frå andre debattantar.. Me må kunna gå ut frå at ein som stiller spørsmål på eit anna språk enn norsk gjer det fordi ein ikkje er stø nok i norsk. Unntak frå denne regelen er svensk og dansk.

4) Alle har fritt innsyn i diskusjonane og ein må difor vera varsam med å gje ut opplysningar om levande personar, eller opplysningar som på andre måtar kan såra, krenka eller skada.

5) Ein står fritt til å sitere fra andre diskusjonar. Når ein siterer, skal ein tydeleg markera at dette er eit sitat, og samstundes oppgje namn på forfattar og nummeret på temaet det er henta frå.

6) Tonen mellom debattantane i debattforuma skal vera høfleg. Ein skal gå ut frå at den som stiller spørsmåla meiner det seriøst, og ein skal svara deretter.

Digitalarkivet har rett til å flytta tema mellom foruma og gruppene, slik me sjølve finn det best, og til å skjule innlegg me finn upassande. Me vil også kunna stenga ute debattantar som ikkje rettar seg etter dei køyrereglane som me har skissert.

-Framsida | -English | -Kontakt | Gammel debatt | -Ny debatt | Ordlista | -Nyttige lenker | Hjelp | -Hjelp til nye sider