.
Databaseveljar | 1801 | 1865 | 1875 | 1900 | -1910 | Søk i alle basar | -Skanna kyrkjebøker | Skanna skiftemateriale | Skanna pantebøker | Skanna tingbøker
English
Nye sider for Digitalarkivet
Meldingar
Om Digitalarkivet
Nybyrjar i Digitalarkivet
Digitalpensjonatet
Skanna kyrkjebøker
Skanna tinglysingsdokument
Skanna skiftemateriale
Skanna tingbøker
Kjelderegistrering
Debattforuma
Digitale bøker
Utskrifter av folketeljingar
Fotoalbum av gardar
Kurs i gotisk handskrift
Kalkar
Arkivverket

Digitalpensjonatet

I Digitalpensjonatet finn du databasar laga av organisasjonar eller privatpersonar utanfor Arkivverket. Bidragsytaren er ansvarleg for innhaldet i databasane, og han eller ho sit og med rettane til desse dataa. Digitalarkivet tilbyr berre eit verktøy for formidling, og kan ikkje spreie materialet på noko anna vis enn gjennom Digitalpensjonatet. Bidragsytaren kan trekkje tilbake eigne databasar når han eller ho ønskjer det.

Digitalarkivet har ei redaktørrolle i Digitalpensjonatet, og skal sjå til at materialet er av ein slik kvalitet at det er til god nytte for brukarane. Digitalarkivet kan reservera seg mot å leggja databasane ut på nett dersom materialet ikkje er av ein slik art at me ynskjer det publisert gjennom Digitalpensjonatet.

Materiale som vert levert til oss skal som ein hovudregel vera ei mest mogleg kjeldetru avskrift av originalt kjeldemateriale, og skal berre byggja på eit arkivstykke eller ein serie, som til dømes fleire kyrkjebøker frå same prestegjeld. Dette vil seia at slektstavler, databasar som er sett saman av ei rekkje ulike kjelder, eller databasar som berre tar med ein del av personar, gardar e.l. i eit område ikkje vil verta lagt ut på våre sider. Det er laga registreringsstandardar for kyrkjebøker og folketeljingar. Les meir om kjelderegistrering.

I Digitalpensjonatet finn du ei liste over alle eigarane/gjestane, og du må så besøkje dei einskilde romma for å sjå deira databasar. Merk at databasane er i tillegg tilgjengelege gjennom dei vanlege inngangane som kjeldekategori og fylke/kommune. Ein database i Digitalpensjonatet, vil ha DP-logo og namn på eigaren i tittelen.

Til Digitalpensjonatet

Har du eit register eller ein database du ønskjar å gjere tilgjengeleg for andre? Send ein e-post til Digitalarkivet

-Framsida | -English | -Kontakt | Gammel debatt | -Ny debatt | Ordlista | -Nyttige lenker | Hjelp | -Hjelp til nye sider