.
Databaseveljar | 1801 | 1865 | 1875 | 1900 | -1910 | Søk i alle basar | -Skanna kyrkjebøker | Skanna skiftemateriale | Skanna pantebøker | Skanna tingbøker
English
Nye sider for Digitalarkivet
Meldingar
Om Digitalarkivet
Nybyrjar i Digitalarkivet
Digitalpensjonatet
Skanna kyrkjebøker
Skanna tinglysingsdokument
Skanna skiftemateriale
Skanna tingbøker
Kjelderegistrering
Debattforuma
Digitale bøker
Utskrifter av folketeljingar
Fotoalbum av gardar
Kurs i gotisk handskrift
Kalkar
Arkivverket

Skanna kyrkjebøker

Digitalarkivet har frå 8. november 2005 gleda av å tilby brukarane ei ny netteneste for navigering i og framvising av skanna kyrkjebøker. Bøkene er skanna frå mikrofilm og deretter indekserte. Bøkene vert lagde ut på internett først når dei er indekserte. Du kan da navigere deg fram til byrjinga av ei bestemt bok, til byrjinga av kvar einskild liste (handlingstype) i denne, eller til byrjinga av kvart år innan lista. Derifrå kan du bla deg framover og bakover i boka, eller du kan velje å følgje den utvalde lista (kronologisk), jamvel om den "hoppar" fram og attende i den originale kyrkjeboka ("listemodus"). Det er ikkje mogleg å søkje etter personar på namn i det skanna materialet.

Mikrofilmsamlinga til Riksarkivet omfattar nesten alle kyrkjebøkene som er avleverte frå prestekontora til statsarkiva, det vil seie ca. 11.000 bøker med til saman ca. 1,85 millionar fotograferte sider. Planen er å leggje ut heile dette materialet innan utgangen av 2007.

Dei skanna kyrkjebøkene skal integrerast med databasane i Digitalarkivet etter kvart, inntil vidare ligg dei skanna kyrkjebøkene her.

Skanna borgarlege vigselprotokollar

I august 2010 vart ein ny protokolltype introdusert i dei skanna kyrkjebøkene: Vigselbok (borgarleg).

Her finn ein vigselprotokollane frå byfut og sorenskrivar. Sjølv om dei ikkje har noko med prestane sine kyrkjebøker å gjere, fann me det riktig å publisera dei skanna protokollane bland dei. Det er hit ein går for å finna vigsler, no også borgarlege vigslar.

Merk: Dette er ikkje eit nytt prosjekt med storstilt skanning. Dette er eit initiativ frå Statsarkivet i Bergen som har skanna vigselprotokollar for byfuten i Bergen. Statsarkivet i Oslo deltek med skanna vigselprotokollar frå byfutar og sorenskrivarar i Østfold og Akershus. Nye protokollar kjem sporadisk og på eige initiativ frå statsarkiva.

Protokollane tek fatt 1920 og kan gå fram til 1950-talet: Sjå lista over tilgjengelege protokollar

-Framsida | -English | -Kontakt | Gammel debatt | -Ny debatt | Ordlista | -Nyttige lenker | Hjelp | -Hjelp til nye sider