.
Databaseveljar | 1801 | 1865 | 1875 | 1900 | -1910 | Søk i alle basar | -Skanna kyrkjebøker | Skanna skiftemateriale | Skanna pantebøker | Skanna tingbøker
English
Nye sider for Digitalarkivet
Meldingar
Om Digitalarkivet
Nybyrjar i Digitalarkivet
Digitalpensjonatet
Skanna kyrkjebøker
Skanna tinglysingsdokument
Skanna skiftemateriale
Skanna tingbøker
Kjelderegistrering
Debattforuma
Digitale bøker
Utskrifter av folketeljingar
Fotoalbum av gardar
Kurs i gotisk handskrift
Kalkar
Arkivverket

Skanna skiftemateriale

Frå 1. desember 2009 har Digitalarkivet gleda av å tilby brukarane ei ny netteneste for navigering i og framvising av skanna skiftemateriale.

Det skanna skiftematerialet består av skifteprotokollar og dødsfallsprotokollar, i tillegg til registre og forhandlingsprotokollar, registreringsprotokollar, utlodningsprotokollar, journal og ymse anna skiftedokument. Merk at alt materiale er ikkje publisert enno. Les meir om tenesta.

Bøkene er skanna frå mikrofilm. Merk at det er ikkje alt skiftemateriale som er mikrofilma. Det skanna materialet tar for seg perioden frå dei første protokollane (ca midtvegs i 1600-talet) til utpå 1800-talet. Materiale etter 1850 er det lite av. Likevel utgjer kjeldene nærare ein million bilete. Etterkvart vil skiftemateriale skanna frå originalkjeldene bli publisert.

Det skal koma ei integrering av databasar i Digitalarkivet registrert frå skifteprotokollar med det skanna materialet. På det viset vil databasane fungera som eit søkbart register til det skanna materialet. Enn så lenge er det berre databasen Skifteregister for Sunnhordland 1668-1800 som har lenker til det skanna materialet.

Me set pris på alle kommentarar om tenesta og ynskjer at de legg dei i Forum for skanna skiftemateriale. Då kan de sjølv sjå om ei liknande feilmelding allereie er lagt inn, og me slepp å få mange likelydande meldingar. Om de ikkje vil delta i debattforumet, kan de sende meldinga på e-post til digitalarkivet@arkivverket.no

Gå til skanna skiftemateriale for å prøva ut tenesta.

-Framsida | -English | -Kontakt | Gammel debatt | -Ny debatt | Ordlista | -Nyttige lenker | Hjelp | -Hjelp til nye sider