DokumentasjonDu kan no søkja gjennom alle databasane i eitt søk.Fattigstell
Fattigstell
Eit fast organisert offentleg fattigvesen vart oppretta i Noreg kring midten av 1700-talet, med fleire føresegner som gjaldt dei ulike landsdelane. Fattigomsorg var likevel ikkje noko nytt fenomen, og i røynda var ikkje det nye systemet særleg annleis for dei fattige. Det var for det meste sjølve organiseringa av systemet som vart nytt. Fleire seinare lover regulerte fattigomsorga. Særleg viktige var fattiglovene av 1845, 1863 og 1900.
Denne kategorien omfattar fleire ulike typar kjelder som gjeld fattigstellet, både før og etter det ein reknar som etableringa av det offentlege fattigvesenet. Fattigmanntala listar dei som mottok stønad frå fattigvesenet. Fattigprotokollane er protokollar frå fattigvesenet, møtebøker og anna. Heimstavnprotokollar inneheld bustadforklaringar frå personar som kunne ha krav på fattigstønad. I desse forklaringane måtte ein greie ut om kvar ein var fødd, slekta si, og dei ulike bustadene ein hadde hatt. Les meir om desse kjeldene.