Digitalarkivet
Databaseveljar | 1801 | 1865 | 1875 | 1900 | 1910 | Søk i alle basar | Skanna kyrkjebøker | Skanna skiftemateriale | Skanna pantebøker | Skanna tingbøker
Databaseveljaren
Vel database
Fylke
Kjeldekategori
Underkategori
Tidsperiode

Eller søk etter database
Søkeomgrep
Det er forskjell på store og små bokstavar.
"Aker" vil finna Aker, men ikkje Ullensaker, "aker" finn begge.

Det er funne 81 databasar.
Innskrenk utvalet eller trykk på knappen under.



Dokumentasjon
Du kan no søkja gjennom alle databasane i eitt søk. Matriklar og jordebøker

Matriklar og jordebøker

Nemninga matrikkel er nytta om ulike typer lister eller register, men vert her brukt om offentlege register over grunneigedommar. I 1661 nedsette Kongen Landkommisjonen for å registrere all jordeigedom i Noreg og lage eit framlegg om skattlegging av den i form av ein ny matrikkel. Resultatet vart forkasta, og i 1665 vart det sett i arbeid nye kommisjonar. Dei skulle sjå på skatteevna til kvar einskild gard, og registrerte talet på husdyr og kartla avlinga. Dette arbeidet vart gjort mellom 1665 og 1670, og gav som resultat Matrikkelen av 1665.

Det kom kritikk av matrikkelen, og i 1723 vart det gjort eit omfattande registreringsarbeid for ein ny matrikkel, men matrikkelutkastet som kom etter at arbeidet var gjort vart aldri sett ut i livet. Først i 1818 kom det i gang arbeid som førte fram til ein matrikkel, kalla matrikkelen frå 1838. Då vart ein heller ikkje nøgd med fordelinga av skattebyrdene, og i 1863 vart det nedsett nye matrikkelkommisjonar. Deira arbeid førte fram til matrikkelen i 1886.

Jordebøkene er lister over fast eigedom og rettar knytta til fast eigedom. Desse kjeldene skulle innehalde oversikt over rettane til eigarane, og kan i tillegg vere rekneskap over innkomne jordeboksinntekter.

Framsida | English | Kontakt | Gammel debatt | Ny debatt | Ordlista | Nyttige lenker | Hjelp | Hjelp til nye sider