|
| Databaseveljar | 1801 | 1865 | 1875 | 1900 | 1910 | Søk i alle basar | Skanna kyrkjebøker | Skanna skiftemateriale | Skanna pantebøker | Skanna tingbøker | |||||
|
Databaseveljaren |
Valde databasar Skule, elevprotokollar Skule, karakterprotokollar Skule, andre |
Dokumentasjon Du kan no søkja gjennom alle databasane i eitt søk. SkuleSkuleplikten vart satt i verk frå 1739. No måtte alle barn gå på skule frå dei var sju år og til dei var konfirmert, her skulle dei læra sin katekismus utenat og læra å lesa. Det vart oppretta skulekommisjonar i kvart prestegjeld, leia av soknepresten. Skulen fikk anten si eiga bygning eller vart organisert som omgangsskule, dvs. læraren holdt skule i ein periode på ein gard og flytta seg så til ein annan gard. Skuleloven av 1860 endra på organiseringa av skulevesenet. No skulle ein ikkje lenger ha omgangsskule, men ein skulebygning også på landsbygdane. Elevane vart delt opp i fleire klassetrinn og skuledagane vart lengre. Skulefaga hadde allereie vorte utvida, men mot 1900-talet kom endå fleire fag inn på timeplanen. Skulekommisjonen vart erstatta av ein skuledirektør som skulle leie alt skulestell. Direktøren kunne delta hos stiftsdireksjonen når dei behandla skulesaker. Det er lite av det eldre kjeldematerialet frå skulane som er bevart. Mykje av grunnen skyldast at ein ikkje førte noko i protokollar. Det var ikkje lett for ein lærar i omgangsskulen å halde ein skuleprotokoll, og det var heller ikkje reglar om å føre protokollar for dei faste skulane. Presten som skulle ha overoppsyn over skulane i sitt prestegjeld førte gjerne notat i sine protokollar. Så i prestearkiva langt fram på 1800-talet kan ein finne skulesaker. Arkiva etter høgskuler og universitet er bevart hos statsarkiva, medan arkiva etter allmennskulane er i dei kommunale arkiva. Les meir: | |||
| Framsida | English | Kontakt | Gammel debatt | Ny debatt | Ordlista | Nyttige lenker | Hjelp | Hjelp til nye sider | |||||