Digitalarkivet
Databaseveljar | 1801 | 1865 | 1875 | 1900 | 1910 | Søk i alle basar | Skanna kyrkjebøker | Skanna skiftemateriale | Skanna pantebøker | Skanna tingbøker
Databaseveljaren
Vel database
Fylke
Kjeldekategori
Underkategori
Tidsperiode

Eller søk etter database
Søkeomgrep
Det er forskjell på store og små bokstavar.
"Aker" vil finna Aker, men ikkje Ullensaker, "aker" finn begge.

Det er funne 62 databasar.
Innskrenk utvalet eller trykk på knappen under.



Dokumentasjon
Du kan no søkja gjennom alle databasane i eitt søk. Skifte

Skifte

Dei gamle norske lovane hadde i arvebolkane grundige føresegner om korleis arv skulle skiftast, men sjølve arveskiftet var ei privatsak, og vedkom ikkje nokon offentleg instans. Offentleg arveskifte (ofte berre kalla skifte) vart innført i Noreg kring midten av 1600-talet, og ved reskript av 31. mai 1690 vart det endeleg slått fast at arveskiftet på landet skulle styrast av Sorenskrivaren. I byane høyrde skifteforvaltninga under byfogden og magistraten, medan byskrivaren førte protokollen og skreiv breva.

Christian Vs lov slo fast at offentleg skifte ikkje skulle vera påbode ved alle dødsfall. Berre når den avdøde hadde umyndige, fråverande eller utanlandske arvingar, eller dersom det ikkje var arvingar etter avdøde i det heile tatt, måtte det haldast offentleg skifte. Gjenlevande ektefelle fekk ofte løyve til å sitta i uskifta bu, og skifte vart dermed utsatt til denne skulle gifta seg på ny eller døydde. Ut på 1700-talet kom det lovføresegner som gjorde at også dei fattigaste i samfunnet slapp offentleg skifte.

Geistlege og militære hadde eigne skiftejurisdiksjonar. Dette priviligiet forsvann for dei geistlege i 1809 og for dei militære i 1824.

Les meir:
- Kiil, Alf: Arkivkunnskap. Statsarkiva, Oslo 1969, s. 99-110

Framsida | English | Kontakt | Gammel debatt | Ny debatt | Ordlista | Nyttige lenker | Hjelp | Hjelp til nye sider