DokumentasjonDu kan no søkja gjennom alle databasane i eitt søk.Untitled Document
Branntakstar
Brand-Forsikringsanordning for Kjøbstæderne i Norge av 18. august 1767 innførte branntrygding i byane i Noreg. Alle huseigarane i byane vart pålagde å taksera husa sine. Dette skulle takserast av kunnige menn, som skulle oppnemnast av magistraten. Den same forordninga gav også huseigarar på landet høve til å gjera det same. Det er likevel sjeldan me finn branntakstar av hus på landsbygda lenger attende enn 1845. Dette året kom lov om allmenn branntrygdings-skipnad for bygningar.
Branntakstane er ei svært nyttig kjelde til informasjon av eldre hus. Ved hjelp av desse takstane kan me få kunnskap om byggjetidspunktet for dei husa som er bygde dei siste 250 åra, og elles om ombygging av eldre hus.
Databasane som ligg i Digitalarkivet er register til branntakstprotokollane, som ligg i statsarkiva. Arkivet til Norges brannkasse (ordna kommunevis 1850-1950) er i Riksarkivet.