|
| Databaseveljar | 1801 | 1865 | 1875 | 1900 | 1910 | Søk i alle basar | Skanna kyrkjebøker | Skanna skiftemateriale | Skanna pantebøker | Skanna tingbøker | |||||
|
Databaseveljaren |
Dokumentasjon Du kan no søkja gjennom alle databasane i eitt søk. KyrkjebøkerEi kyrkjebok er ein protokoll der opplysningar om dei kyrkjelege handlingane presten utfører vert førte. I tillegg til dette vil kyrkjebøkene i periodar innehalda opplysningar om tiltak som prestane har vore pålagde å halda kontroll med, som det å føra attestar over inn- og utflytta og lister over vaksinerte. Til å byrje med var det alltid presten som skulle føra kyrkjebøkene, men i 1812 kom det påbod om at klokkarane skulle føra duplikatkopiar av presten si bok. Både dei protokollane presten førte (ofte kalla ministerialbøker) og dei som klokkaren førte (klokkarbøker) går under nemninga kyrkjebøker. Kyrkjebøkene er i utgangspunktet klausulerte for innsyn i 60 år. Listene over døypte frå 1930 og seinare må likevel kontrollerast for opplysningar om adopsjon før dei kan leverast ut til publikum. Digitalarkivet kan ikkje leggja ut søkbare opplysningar om levande personar, og opererer derfor med strengare grenser. Per dags dato legg me ut opplysningar om:
Desse grensene gjeld for databasane i Digitalarkivet. Dei vert flytta kvart femte år. Skanna kyrkjebøker har ikkje så strenge grenser:
Merk at dei skanne kyrkjebøkene er førebels ikkje tilgjengeleg frå Databaseveljaren. Klikk på Skanna kyrkjebøker i den horisontale menyen for å sjå eit eige søkjebilete for desse bøkene. Les meir
| ||||
| Framsida | English | Kontakt | Gammel debatt | Ny debatt | Ordlista | Nyttige lenker | Hjelp | Hjelp til nye sider | |||||