Databaseveljar | 1801 | 1865 | 1875 | 1900 | -1910 | Søk i alle basar | -Skanna kyrkjebøker | Skanna skiftemateriale | Skanna pantebøker | Skanna tingbøker
Leit etter gardsnamn i folketeljing 1900
Gardsnamn Finn personar
Du har ikkje gjort noko utval.
Landsomfattande søk for teljingar i Digitalarkivet

Landsomfattande søk for teljingar i Digitalarkivet

I dei landsomfattande søket er variablane delt opp i ord. Om ein person heiter Hanne Marie, vil namnet her vera delt i Hanne og Marie. Du vil såleis ikkje kunna leita etter Hanne Marie, men vil finna henne både om du leiter etter Hanne og Marie.

Søkesida

På søkesida får du opp ein valboks der du kan velja mellom variablane som er søkbare (førenamn, etternamn, fødselsår, fødestad (ikkje i 1801) og yrke. Du kan så velja mellom LIK og BØRJAR PÅ. Vel du LIK og skriv inn Mari, vil systemet finna berre dei som har Mari som eit av førenamna sine. Vel du BØRJAR PÅ og så Mari vil du få opp ei liste over alle namn som børjar på Mari og kan kryss av for dei du vil ha med. Du vil då med alle dei personane som har eit (evt. av fleire) førenamn lik eit av dei du har valt.

Gardssøk

Ein av variablane du kan søkja på er gardsnamn. Nrukar du den, vil du få personane som bur på garden. Vel du førenamn lik Ole og gardsnamn lik Berge, vil du få dei Olane som bur på ein gard der berge inngår i namnet. Vil du derimot finna gardane som heiter Berge, må du trykkja Finn gard-lenkja og så skriva Berge i den nye boksen.

Resultatet

Du vil også få opp kor mange du har funne i kvart fylke. Klikkar du på frekvensen (blått tal), vil du få frekvensen i kvart av prestegjelda/kommunane i dette fylke, også med ein blå frekvens. Trykkjer du på denne lenka, vil du bli teken rett inn i teljinga for dette prestegjeldet/kommunene. Trykkjer du SØKESIDA derifrå er du attende til søkesida.

Gjentatte søk

Du kan søka fleire gonger, også på same variabelen. Vil du finna Hanne Marie, søkjer du først på Hanne så på Marie, begge gonger med Førenamn som variabel. Vil du finna Hanne Hansen vel du Etternamn som andre variabel og skriv inn Hansen. For kvart søk vil resultatlista forandra seg.

Attende til førre utval

Om du har leit fram alle Hanne hansen og ikkje finn den du leitar etter, vil du kanskje leita etter Hansen Hansdtr.. I staden for å børja på nytt, kan du då velja lenka Attende til førrre utval. Då vil du få berre Hanne og kan velja etternamn på nytt.

Start på nytt

Om du vil søka i heile database; gje opp det utvalet du har laga, trykkjer du lenka Ta bort utvalet ditt; søk i heile basen.

Avansert søk

Sidan stavemåten kan vera noko forskjellig, kan du også sepesifisera alternativ i søket ditt.
?
Vil gje rett for alle bokstavar. ?arl vil gje rett for Karl og Carl, men også Jarl og for den saks skuld barl.
*
Vil gje rett for eit fritt tal bokstavar. *ristian vil gje rett for Christian og Kristian. ole* vil gje rtt for alle namn som startar på ole. wen*e vil m.a. gje rett for wenke, wenche og wencke, men også for wennicke
[]
Om du har ein bokstav inne i klamma betyr det at denne bokstaven kan vera med, men treng ikkje. an[n]e gjev rett både for Ane og Anne. Om det er fleire boksavar må minst ein av dei vera til stades. [ck]arl gjev rett både for Carl og Karl (men ikkje for Jarl).
Du kan blanda så mange du vil av desse. Tenk etter kva [ck][h]r[ie]stian* skulle kunna dekka.

Jan Oldervoll 22. januar 2002

WebReg ©Jan Oldervoll 2002
-Framsida | -English | -Kontakt | Gammel debatt | -Ny debatt | Ordlista | -Nyttige lenker | Hjelp | -Hjelp til nye sider

Søketid: 0,03 sekund.