Christian Arentz er ansvarleg for avskrifta av Kvinnherad kyrkjebok frå 1669 medan Yngve Nedrebø har stått for korrketurlesinga.
Ved kvar side vil det óg vere lenke til eit digitalt bilete av same sida. På det viset kan du sjølv sjå om tolkinga er rett eller ikkje. Merk deg at kyrkjeboksidene er av svært dårleg kvalitet. Dei digitale bilete vart difor dårlege, og redigeringa av bilete har hatt som mål å gjere dei lesbare, og ikkje så lik originalen som mogeleg.
Det er berre avskrift til tre av dei seks sidene, om du klarer å tyde skrifta på dei etterfølgjande sidene, vil Christian Arentz gjerne høre frå deg.