Digitalarkivet fem år 23. januar 2003!

Tida går fort, og så lenge er det sidan riksarkivar John Herstad opna Digitalarkivet. Eg skal ikkje her repetera alt som har skjedd; berre visa til nokre tal. Me har no bortimot 2500 basar, med knappe 10 millionar postar. Alt i alt er knappe 135 millionar sider blitt henta ut på desse fem åra. I går vart det henta ut 165.000 sider; ein middels dag. Kvar dag er det kring 5000 personar (eigentleg maskiner) som vitjar oss. I går var det 4545. Om me reknar ein maskin ein dag som eit besøk, vil det sei at me på eit år har noko slikt som knappe 2 millionar besøk for året.

 

Om me ser på utviklinga gjennom desse fem åra, kan den illustrerast gjennom følgjande diagram:

 

Men sidan tala for søk er høgare enn basar og postar, lyg dette diagram. Om me set tala for starten til 100, får me følgjande diagram:

 

 

I snitt har me ca seks gongar så mange basar,  8 gongar så mange postar og vel 10 gongar så mange søk. Men ser me på januar i år har me ca 16 gongar så mange søk som fem år sidan.

Kva så om fem år? Om utviklinga held fram som no vil me ha 5000 basar, 20 millionar postar og ca rundt 80 millionar søk pr år. Men det blir vel med denne prognosen som med dei fleste andre; eg bommar. Men blir det meir eller mindre?

På vegne av oss alle,

Jan Oldervoll