Ekstraskatten av 1762 for Stranda Prestegjeld

Ekstraskatten av 1762 for Stranda prestegjeld er førd av soknepresten Ebbe Carsten Tønder. Prestegjeldet, som omfatta Stordal og Stranda sokn var frå 1759 utskild frå Ørskog prestegjeld. Av- og tilgangslistene for kvar månad frå desember 1762 til desember 1763 er også registerte, men ikkje inkludert i denne datafilen. Stranda prestegjeld i 1762 tilsvarar dagens Stordal kommune (1526) og bygdene Stranda og Liabygda i Stranda kommune (1525).

Tønder har også førd opp eit gards- og bruksnr i listene, samt eigar av kvart einskild bruk. Gardsnummereringa ser ut til å tilsvare tidlegare matrikkelnummer for Dale Skibreide og er kontrollert mot 'gammelt matrikkelnummer' i matrikkelen av 1838, men det er enkelte feil i høve til denne matrikkelen og for tre gardar manglar gardsnummer. Bruksnummereringa har truleg lite eller ingenting med seinare bruksnumerering å gjere.

Arne Solli har registert Stranda sokn, medan Tor Myklebust har registert Stordal sokn saman med av- og tilgangslistene for heile prestegjeldet.

Heile materialet er korrekturlest av Tor Myklebust



Arne Solli, 19.12.2000