Lepraarkiva i Bergen

English version

Byarkivet i Bergen, Statsarkivet i Bergen, Medisinsk-historiske samlingar i Bergen og Lepramuseet i Bergen vil med dette ynskja alle hjarteleg velkomen til denne nettutstillinga om lepraarkiva i Bergen. Utstillinga er laga i samband med at lepraarkiva no er komen på UNESCO si liste Memory of the World. Denne lista er ein parallell til lista for World Heritage, der Urnes Stavkyrkje, Bryggen i Bergen, Røros og Hellerisningsfelta i Alta er norske representantar.

Lepra er omtala i kjelder i Egypt alt 1350 år før vår tidsrekning, og er den eldste kjeldebelagde sjukdom i Verda. Bibelen har mange tilvisingar til lepra og spedalske. I 3. Mosebok er sjukdommen omtala som ein pest, og der er det gjeve påbod og reglar for korleis ein skulle handtere dei spedalske. Og det har nok hatt sitt å seie for den måten sjukdommen vart oppfatta seinare og.

Til trass for at lepra vert rekna som lite smittsam, er den likevel ein av dei store og alvorlege sjukdommane i vår tid, med mange millionar pasientar. I dag er det ein sjukdom som stort settt berre råkar folk i den tredje verda, men det var ein gong ein alvorleg sjukdom i også i Vesten.

Frå utgangen av 1600-talet var Noreg og Island dei einaste landa i Vest-Europa som var råka av lepra i stort omfang. Det me kallar Lepraarkiva i Bergen er derfor ei eineståande samling av kjelder om lepra i frå denne tida og fram mot vår tid. Lepraarkiva i Bergen er også spesielle fordi mengda av arkivsaker er så stor, og fordi dei dokumenterer den omfattande lepraforskinga. Noreg står nemleg i ei særstilling også når det gjeld vitskapleg forsking på lepra.

På 1830-talet kom det ein sterk vekst i talet på spedalske i Noreg. Det vart for få institusjonsplassar og folk stod i kø for å få koma inn der, og berre dei aller sjukaste kunne leggjast inn. Legane Boeck og Danielsen gjorde omfattande vitskaplege undersøkjingar tidleg på 1840-talet, og sjukdommen vart eit politisk tema. I 1854 vart det oppretta ein eigen overlegestilling for lepra, og i 1856 vart det oppretta eit register over alle spedalske i landet. Det var ei vitskapleg nyvinning av dimensjonar, og er verdas første landsomfemnande pasientregister. Dei norske legane diskuterte kvar årsaka til lepra låg. Ein hadde i årtusen rekna sjukdommen som smittsam, men mange legar i Noreg ville rekne den som arveleg. Eit viktig gjennombrotet i lepraforskinga kom i 1873 då Gerhard Henrik Armauer Hansen oppdaga leprabasillen, og med det kunne slå fast at den var smittsam. Sjukdomen vert framleis kalla Hansen's Disease i mange land.

Denne nettutstillinga tar sikte på å visa ulike sider ved lepraen i Noreg. Utstillinga har ein generell del som omhandlar lepra og historikken kring den, ein del der me presenterer kva som er å finna i arkiva og ein del der me presenterer ein del "godbitar" om lepraen. Her finst ein del digitalisert materiale, blant anna databasar over inn- og utskrivne pasientar og teikningar av ein del spedalske. Til sist inneheld utstillinga også ein del om lepraforskinga i nyare tid og lenker vidare til andre nettstader som omhandlar lepra.