STRANDVIK SKIPREIDES ARVESKIFTEBOK
Innleiing.
I Statsarkivet i Bergens dokumentsamling ligg det svært mange interessante og spanande dokument, men ei av dei mest unike dokumenta må vera Strandvik skipreides arveskiftebok frå 1600.[1] At den i det heile har overlevd er i seg sjølv overraskande, og det er vel i første rekkje takka vera sokneprestane i Os og seinare Fusa at vi har den i dag.
Utsjånad og innhald.
Slik protokollen i dag framstår, inneheld den to legg mellom ein perm av to tjukke treplater. Dei to treplatene er rektangulære og har dei omtrentlege måla 21,5 cm x 34 cm. Desse treplatene er trekte med skinn, og sydde saman i ryggen. På innsida av permen kan ein sjå restar av mellomalderbrev i pergament, som har vore nytta til "trekk." Etter alt å døma har permen tidlegare vore nytta som omslag på ei mykje tjukkare, og naturleg nok eldre, bok, men denne er no tapt, og ein kan berre spekulera på kva den har inneheldt. Vidare er det restar av to spenner, både framme og bak på permen, som har halde boka saman. No er spennene borte, men det er klåre merker etter festa. Det er ikkje sidetal i protokollen, og såleis er dei sidetala som er nytta i kjeldeavskrifta innsette av meg. Det som i avskrifta er attgjeve som folio 1- 18, utgjer den første leggen, medan folio 19 og 20 er legg nummer to. Resten av legg to, frå folio 21 og utover, er no borte. Vidare vantar folio 7, men den er teke med i sidenummereringa av di det er tydeleg merke etter at den er riven ut. Innhaldet i protokollen kan delast i to bolkar. Den første bolken inneheld 15 skifter, noko som gjer denne protokollen unik i norsk samanheng. Det er truleg den eldste eksisterande skifteprotokollen i Noreg, og er meir enn femti år eldre enn innføringa av det offentlege skiftevesenet i Noreg.[2] No er likevel ikkje Strandvik skipreides arveskifteprotokoll ein vanleg skifteprotokoll.. Den er ein skifteprotokoll som inneheld barnepengar, dvs. umyndige borns midlar. Alle skiftene i protokollen er altså skifter der arvingane er umyndige born.
Den andre bolken i protokollen er ei forordning over stolane i Strandvik kyrkje frå 1629. I 1628 stod den nye kyrkja i Strandvik ferdig[3], og truleg i samanheng med dette vart det på ny avgjort kven som skulle sitja kvar i kyrkja. Dette oversynet kan sjåast på som ei slags folketeljing for Strandvik kyrkjesokn frå 1629, all den tid også kvinnene i soknet er nemnte med namn. Ein kan dessutan skilja ut sosiale lag i bondestanden i Strandvik, ettersom stolane i kyrkja vart fordelte etter landskyld slik at brukarane på dei bruka med høgast landskyld sat lengst framme i kyrkja. Til dømes sit bondekaksane Per på Håvik, Elling på Lygra og Simon på Revna fremst i koret på den første stolen, Per på Baldersheim sit på den andre stolen, og først på den tredje stolen i koret kjem klokkaren (degnen) saman med to andre bønder.
Kvifor vart arveskifteboka skriven, og av kven?
Etter det som vert sagt på første bladet i protokollen, vart Strandvik skipreides arveskiftebok skriven «... Effter Øffrighedzens Skrifftlige oc Alffuorlige Befalning offuer Bergens Stifft ........ effter denne forgangen Pestelentze ANNO 1600.» Det tyder på at den har vorte skriven etter pålegg frå offentlege instansar, men eg har ikkje funne noko lovgjeving som kan kasta ljos over dette. Mest truleg er det eit pålegg frå bispestolen eller lensherren i Bergen – den naturlege øvrigheita i Bergen stift – som har vore hovudårsaka til at den vart skriven. Likevel er det mogleg at det har til etter påtrykk frå høgare instansar, men det vert førebels reine spekulasjonar. Eit gjennomsyn i bispearkivet ved Statsarkivet i Bergen, gav ikkje nye opplysningar kring dette problemet.
Den store pestilens anno 1600 ser ut til å ha vore årsaka til at pålegget om å skriva arveskifteboka kom. Denne pesten tok til i Bergen i 1599, og spreidde seg vidare til Stavanger, Trondheim og Nordlanda, før den enda i Trondheim kring 1. mai 1601. Etter Hofnagels oppteikningar døydde det over 3.000 menneske i Bergen åleine[4] . Den har etter alt å døma herja kraftig på landsbygda også, og mellom anna i Ryfylke sette den seg i minnet til folk. Til dømes i 1619 vert det referert til denne pesten: «... førind den førrige pestilentze her vdj lehnit grasserede, [5] ...»
Kven som har skrive arveskifteboka er uvisst. Det som kan seiast sikkert er at skiftebolken er skrive med to forskjellige hender. Den første handa har skrive foliane 1 t. o. m. 17; altså frå 3. november 1600 til den 19. oktober 1601. Hand nummer to har skrive det siste skiftet i protokollen, det som vart halde på Baldersheim den 30. august 1602. Bolken om stolordninga i Strandvik kyrkje frå 1629 er skrive med ei tredje hand. Ei gissing kan vera at lensmannen i Strandvik skipreide, Engjel Olsson på Håvik, gøymer seg bak hand nummer ein. Han er nemnt med namn som tilstadeverande på 10 av dei 11 skifta som har tilsynsmennene nemnte med namn. Men noko sikkert kan ikkje seiast om det. I skiftebolken er det i tillegg tre seinare tilføyingar. To av dei kan med sikkerheit tilleggjast sokneprest Samuel Loss i Os, som har skrive innførslene frå 1611 (fol. 5a) og 1617 (fol. 13a). Ei innførsle frå 1641 (fol. 2b) er utan underskrift. Eit anna iaugnefallande trekk ved Strandvik skipreides arveskiftebok er dei mange skribleria som finnest i boka. Mange stader er det rett og slett rabla i boka, og det ser ut til at den har vore nytta som øvingsbok. Mellom anna på folio 14b er romartala mellom I og C skrivne inn. Folio 20b har på mange måtar den mest interessante innskrifta. I tillegg til eit reknestykke i raudt blekk (1784 – 1629 = 155), er det her skrive eit namn i vanleg blekk: «Engel Gulbrasen Bache.» Desse to innskriftene har truleg samanheng med kvarandre. I 1784 budde det i alle høve ein Engjel Gudbrandsson på garden Bakka i Hålandsdalen. Denne Engjel var fødd i 1748 og døydde på Bakka i 1787.[6] I 1769 vert han nemnt som skulehaldar, og truleg har han nytta boka i undervisingsopplegget sitt. Det kan forklara ein del av innskriftene og skribleria i boka, mellom anna romartala på folio 14b.
Proveniens.
Ein anna innskrift på folio 20b seier at «Denne Storre bog maa stedße Ligge i Strand[ w] igs K Kircke...... Anno 1662» Truleg har boka gjort nettopp det i lang tid, men på eitt eller anna tidspunkt har den enda opp hjå soknepresten i Fusa. Boka har kan henda ein periode på slutten av 1700- talet vore ei tid i Hålandsdalen, men noko sikkert er uråd å seia om dette. Engjel Gudbrandsson kan ha skrive i den medan den har vore i Strandvik. I løpet av 1800- talet har den omsider hamna i prestearkivet i Fusa, og den 18. mars 1904 kom Strandvik skipreides arveskiftebok inn til dåverande stiftsarkivar Just Bing i Bergen.[7] Journalen[8] ved arkivet viser at den vart sendt inn frå sokneprest Marstrander i Fusa den 14. mars saman med mellom anna klokkarbøkene frå Fusa og Strandvik. Ei undersøkjing i prestearkivet frå Fusa gav ikkje nokre fleire haldepunkt om kvar den opphaveleg var komen frå, anna enn at den må alt ha vore ei stund i prestearkivet i Fusa. Frå soknepresten sin journal[9] kan ein lesa at klokkarbøkene frå Fusa og Strandvik var innsendte av dei respektive kyrkjesongarane i byrjinga av februar. Der er ikkje arveskifteprotokollen nemnt. Den er derimot nemnt ein annan stad på same sida då soknprest Marstrander mottek eit brev frå Kirkedepartementet den 1. februar 1904. Det brevet seier mellom anna at «Strandviks Skibreds ArffueskiffteBog og de af kirkesangerne førte protokoller som ikke lenger er i brug, maa indsendes snarest muligt til Bergens Stiftsarkiv... »[10] Kan henda kan ytterlegare undersøkjingar i arkivmaterialet til soknepresten i Fusa og Kirkedepartementet kasta meir ljos over soga til arveskifteprotokollen frå Strandvik skipreide.
Teiknforklaring til kjeldeavskrifta.
[…] er utfylt av avskrivaren, t. d. etter klåre manglar eller utelatingar. Der spørsmålsteikn eller utropsteikn er nytta, er det for å markera uvisse med kva som står i originalen, eller ei markering av at det verkeleg står slik skrive. {…} er overstrykingar i originalen
Oppløyste forkortingar er skrivne med kursiv. Marketeikn och skillingsteikn er skrivne som march og skilling.
______________________________
1 Statsarkivet i Bergen (SAB), Dokumentsamlinga, B164. Strandvik skibredes arffueskifftebog 1600 [- 1602]
2 Harald Winge: Lovgivningen om offentlig skifte. I Skiftene som kilde – en artikkelsamling. Norsk Lokalhistorisk Institutt. Skrifter fra NLI, nr. 31. (Oslo, 1996): s. 7- 28; særskilt side 8.
3 O. B. Skaathun: Soga for Fusa, Hålandsdal og Strandvik , band I, s. 840.
4 Jf mellom anna Anders Bjarne Fossen: Borgerskapets by 1536- 1800. Bergen Bys Historie, band II, s. 289. Om tala som Hofnagel presenterer, jf. mellom anna Yngve Nedrebø:«Bergen – frå Skandinavias største by til strilane sin hovudstad. Om folketalsutvikling og flytting 1600- 1900.» i Frå Fjon til Fusa. Årbok for Hordamuseet og for Nord- og Midhordland Sogelag 1990/ 91, s. 35- 67; særskilt side 46- 48.
5 Ola Aurenes: Tingbøker frå Ryfylke 1616- 1663, band I (1616- 1623), s. 135. At det er pestepidemien 1600 det vert referert til, går fram av konteksten og at dei aktuelle personane er døde lenge før den neste epidemien i 1618.
6 O. B. Skaathun: Soga for Fusa, Hålandsdal og Strandvik, band III, s. 194.
7 SAB. Registrantprotokoll nr. 1, pg. 70.
8 SAB. Journal 1902- 1907. 1904 nr. 122.
9 SAB. Fusa sokneprestembete. I. 2c. 3. Journal 1889- 1905, fol. 120b.
10
SAB. Ibid. Brevet er ekspedert frå Kirkedepartementet 26. januar
1904, og motteke den 1. februar.