Anne Marta Hoff:

KYRKJEFORSKING OG KJELDER

Artikkelen er tenkt som ei hjelp til forfattarar som skal skriva om ei kyrkje til dømes i jubileumsskrifter eller bygdebøker. Artikkelskrivaren er NIKU-forskar og har sidan 1991 vore knytt til bokverket "Norges kirker". Grunnlaget for kyrkje-monografiane i bokverket er dels registrering av dei ståande kyrkjene med inventar og kyrkjegard, dels ein gjennomgang av relevant litteratur og arkivmateriale, kjelder som også kan gje opplysningar om vekk-komne kyrkjer og kyrkjeinventar. Skrivaren har arbeidd med kyrkjer i Hordaland og arkivarbeidet har for det meste vore utført på Statsarkivet i Bergen. Røynslene er likevel av ein så almenn karakter at dei skulle kunna vera nyttige også andre stader i landet.

Kyrkja, inventaret og kyrkjegarden

Hovudgrunnlaget for eit skrift om ei kyrkje vil alltid vera kyrkja sjølv der denne framleis står. Ein grundig gjennomgang av bygning, innbu og kyrkjegard sett på bakgrunn av generell kunsthistorisk, bygningshistorisk og kyrkjehistorisk kunnskap, vil alltid utgjera basen i slike framstillingar.

Kor langt ein skal gå i beskriving av den eksisterande bygningen er dels avhenging av kva slag kyrkje det er, dels av kva ein ynskjer å leggja vekt på. Som eit utgangspunkt vil det likevel alltid vera på sin plass å gjera greie for hovudform, konstruksjon og materialbruk. I dei tilfella der den ståande kyrkja ikkje er den første på staden, skal ein vera merksam på kor vanleg det har vore å bruka opp att materialar frå den gamle kyrkja i den nye. Sameleis kan treverk frå gamlekyrkja vera auksjonert vekk og finnast att i løer og fjøs i bygda. Einskilde bygningsdelar som portalar, benkevangar og anna har hamna på musea. Slike eldre bygningsdelar kan gje viktige opplysningar om tidlegare kyrkjer.

Det vil og vera av interesse å gjera greie for hovudtrekk ved interiøret slik som plassering av dei viktigaste inventardelane som altar, preikestol, døypefont, orgel, og for bruken av fargar i kyrkjerommet.

Inventardelar som altarsølv, lysestakar, kyrkjeklokker, altartavler, døypefontar og messehaklar har ofte overlevt tidligare bygningar og kan vera det i ei kyrkje som peikar attover i tid. Andre stader har det ikkje vore rom for det gamle inventaret i den nye kyrkja, delar av det kan då ha vorte sende inn til eit museum. Vanlegvis vil ein finna gjenstandar frå mellomalderen på universitetsmusea som og har omfattande samlingar av kyrkjeinventar frå nyare tid. Frå tida etter reformasjonen kan ein også finna ein god del på dei regionale musea. Det varierer mykje frå stad til stad kor godt oversynet er i form av katalogar og lister. Som eit døme kan nemnast Sogn Folkemuseum der dei har eit handskreve hefte som heiter "Kyrkje-ting" og visstnok fungerer godt. Arbeid er i gang fleire stader for å få ei EDB-basert registrering av gjenstandsmaterialet. Ved å venda seg til det næraste museet, vil ein i regelen få vita kva som finst av gjenstandar frå den aktuelle kyrkja og om noko evt. har vorte sendt inn til næraste universitetsmuseum.

Kyrkjeverjen kan ofte gje opplysningar om evt. utvidingar av kyrkjegarden i vår tid. Eldre utvidingar må ein oftast finna fram til gjennom arkivmaterialet. Ved sidan av å registrera særskilde minnesmerke og kunsthistorisk særmerket eller gamle gravminne, er portalplassering og eldre ferdselsårer av interesse i samband med kyrkjegardsregistreringa, sameleis kyrkjegarden si plassering i høve til bygda og kyrkja.

Litteraturen

Arbeidet med bygning, inventar og kyrkjegard gjev hovudgrunnlaget for framstillinga. Likevel er det mykje som ikkje utan vidare kan lesast ut or gjenstandane og ulike typar litteratur kan då koma til hjelp. Tre grupper bøker merkjer seg ut, det er for det første det som tidlegare er skrive om den eller dei kyrkjene det gjeld, for det andre gjeld det handbøker som kan gje gagnleg informasjon om aktuelle emne. Sist kjem kjeldeutgåvene, trykte utgåver av originaldokument, som i tillegg ofte har register, noteapparat og tilvisingar av stort verd. Til slutt i artikkelen finst eit oversyn over noko av den mest aktuelle litteraturen, ein del av stoffet skal få ein kort kommentar her.

Norges kirker. Bokverket inneheld omfattande registrering og gransking av kyrkjene i landet med vekt på dei eldre kyrkjene. Bøkene vert utgjevne i serien Norske Minnesmerker (Riksantikvaren). Sidan den første utgåva av Østfold i 1959, er det gjeve ut monografiar for alle kyrkjene i Østfold, Akershus, Buskerud og Bergen og for Kongsberg kirke og domkyrkja i Trondheim. Kyrkjene i Oppland, Vestfold og Hordaland er under arbeid. I tillegg til monografibanda vert det utarbeidd eit samleband for kvart fylke som omhandlar meir generelle emne. Monografiane har som hovudsikte å samla dei faktiske opplysningane om kyrkjene, både dei som står og dei som er komne vekk. Stoffet er avgrensa til det som har direkte med bygning, inventar og kyrkjegard å gjera, bokverket tek ikkje opp sider som prestesoga, det religiøse og sosiale livet ved kyrkja o.l.

Jubileumsskrifter. Kyrkjejubileum vert ofte markerte med eit skrift om kyrkja. I tillegg til stoff om kyrkja og kyrkjegarden, gjev dei ofte eit oversyn over prestar og andre tilsette og eit historisk oversyn over arbeidet i kyrkjelyden. Stoffet om kyrkjebygningen varierer i kvalitet, på sitt beste kan det vera av stor nytte, det avheng av kor nært skrivaren har gått inn på materialet. Skriftene kan ha gagnlege opplysningar om endringar ved kyrkja i samband med jubiléet slikt som større gåver, investeringar i nytt inventar, fargerestaurering og anna.

Bygdebøker, lokalhistoriske tidsskrifter og årbøker. Desse har ofte med stoff om kyrkjene. Kvaliteten og omfanget varierer frå forfattar til forfattar.

Årbøkene til Fortidsminneforeningen utgjer ei sentral kjelde for kyrkjeforskinga med informasjon og meiningsutveksling på feltet frå kulturminnevernet sin barndom og fram til idag. Stoffet om kvar einskild kyrkje er lett å finna ut frå eit namneregister trykt i Årbok 1964 som omfattar årbøkene frå den første kom ut i 1844 og fram til 1964. Registeret er sidan ført fram til 1980 og finst på Riksantikvarens bibliotek.

B.E.Bendixen: Kirkerne i Søndre Bergenhus amt er ei sentral kjelde for kyrkjene i Hordaland. Bendixen skreiv og om kyrkjene i Nordre Bergenhus amt, (Sogn og Fjordane,) men dette finst framleis berre i manuskriptform. (Originalen er hjå Riksantikvaren, kopi på Bergen Museum, Kyrkjeavdelinga.) Han reknar opp kva for kjeldestoff han sjølv har nytta og har ein systematisk gjennomgang av bygning, interiør og inventar for alle kyrkjene. Boka er ei god hjelp. Ein skal likevel vera merksam på at Bendixen gjorde mykje på kort tid og at det kanskje difor er ein del feil i stoffet hans slik at det i kvart høve må undersøkast nærare.

Av kjeldeskriftene skal her berre nemnast

Diplomatarium norvegicum, ein trykt versjon av dei kjende diploma eller breva frå mellomalderen og fram til omlag 1570. Diploma omfattar både offentleg og privat rett. Kyrkjer og prestar er ofte nemnde i samband med testamentariske gåver og liknande. Som register kan ein nytta O.Rygh. Norske gaardnavne I-XIX.
 
 

Arkivmaterialet

Utrykte kjeldeskrifter om kyrkjene frå før midten av 1800-talet, finst jamnast i statsarkiva og på Riksarkivet. Arkivverket har dei siste tiåra utført eit grunnleggjande arbeid med ordning og katalogisering av arkiva. Frå midten av 1800-talet og frametter er Riksantikvarens sentralarkiv, det Antikvariske Arkiv, viktig med omsyn til teikningsmaterial og sakshandsaming. Frå 1838, men særleg etter omkring 1850, er kommunearkiva aktuelle, der desse er ordna og tilgjengelege. Arkiva til Fortidsminnesmerkeforeninga har og stoff ein skal vera merksam på, sameleis dokumentsamlingar på bibliotek og museum.

Statsarkivet

Den mest nytta kjelda i kyrkjeforskinga frå 1600-talet og fram til 1723 er kyrkjerekneskapane eller kyrkjestolen. (Stol betyr her pengar utlånt på rente.) Kyrkjestolane inneheld lister over kyrkjegodset og inventaret saman med rekneskap over inntekter og utgifter, oftast ført og revidert i treårsbolkar. Den eldste kyrkjestoleboka på Statsarkivet i Bergen tek til i 1605 (Kinsarvik). Dei første åra har berre summariske oppgåver over inntekter og utgifter, men frå omlag 1615 vert dei meir detaljerte og ein kan følja vedlikehald og nybygging ved kyrkjene ned til kvar spikar frå år til år.

Landet var gjennom ein lang og kostbar krig i første delen av 1700-talet, med føljande pengemangel i statskassa. For å løysa problemet gjekk Fredrik IV til det steget å auksjonera vekk kyrkjene på landsbygda i Sør-Noreg i 1720-åra. Kyrkjene vart kjøpte av private, og det finst vanlegvis ikkje rekneskapar frå dei private kyrkjeeigarane. Det dei kjøpte var i første rekkje retten til kyrkja sine inntekter. Dei fekk ikkje nokon privat råderett over kyrkjebygningen og inventaret, tvertimot fekk dei her eit vedlikehaldsansvar som dei ofte kvidde seg for å utføra på skikkeleg vis. For å få oversyn over kva kyrkjene eigde og for at "Kirkens Forsvar" (seinare Stiftsdireksjonen) skulle kunna halda eit auge med at dette vart verande der det høyrde til, vart det i 1734 fastsett at originalkyrkjestolane skulle sendast inn til stiftsbyane og oppbevarast i "stiftskistene". Kyrkjeeigarane måtte sjølve skaffa seg kopiar. (For Eidfjord finst no berre ein slik kopi frå 1734). Original-kyrkjestolebøkene frå dei fleste kyrkjene vart innsende, men ofte berre den siste der det var fleire. Difor er det og fleire stader der rekneskapane i kyrkjestoleboka ikkje tek til før på 1700-talet. I Statsarkivet i Bergen finst kopi av rekneskapane i Stiftsamtmannsarkivet. Her tek rekneskapane til i 1667/68 og inneheld også synfaringsforretninga for kyrkjene i stiftet frå 1686. I Riksarkivet er det i Rentekammeret kopiar av dei reviderte rekneskapane for Bergen stift frå 1659 og framover. Einskilde år manglar. (Sjå under Riksarkivet).

Resten av 1700-talet er ei vanskeleg tid med omsyn til kjelder for kyrkjeforskinga. Ein kan finna viktige og omfattande opplysningar i auksjonsprotokollar, ekstrarettsprotokollar og andre stader. Inngangen til dette stoffet kan vera innfløkt, men det er alltid råd å søkja hjelp hjå einkvan som kjenner arkivet.

1800-talet er lettare. Vansken her er ofte å velja kva for seriar ein skal bruka tid på og kor ein kan venta å finna dei viktigaste opplysningane på kortast tid. På statsarkiva er arkiva til bisp, prost og prest saman med stiftsdireksjonsarkivet dei mest aktuelle.

Bispearkivet. Ein gjennomgang av katalogen gjev eit godt oversyn over kva ein kan venta å finna. Kjeldene er forskjellige for dei ulike delane av bispedømmet, det gjeld einskilde protokollar og pakkar som kan vera verdfulle, det er vanskeleg å gje almene oppskrifter på kva som finst. Som døme på ein pakke av interesse i bispearkivet på Statsarkivet i Bergen kan nemnast ein som mellom anna har oppgåve over inntekter og utgifter for kyrkjene i Sunnhordland i 1624, Kyrkjerekneskapar for Hardanger 1636-38, "Kirkebesigtigelse" for Hardanger 1641 og "Kirkeinnberetninger" for Nordfjord 1641.

Visitasmeldingane er vel den serien i bispearkivet som er mest nytta i vår samanheng. Meldingane gjev no og då gode opplysningar, også om andre sider av kyrkja sitt liv enn det som gjeld bygning, inventar og kyrkjegard. Visitasmeldingane i Bergen tek til i 1816 og kan føljast fram til vår tid i noko vekslande form. Dei inneheld eit fast punkt som gjeld kyrkja sin tilstand, ofte står det ei generell formulering som at "Kirken er i god og sømmelig stand". Det seier lite, ein kan ikkje eingong rekna det for sikkert at kyrkja då er i god stand, like ofte kan det vera uttrykk for at kyrkja ikkje har vorte undersøkt skikkeleg ved denne visitasen. Andre gonger kan dette punktet gje viktige opplysningar om tilbygg og andre endringar.

Stiftsdireksjonsarkivet. Stiftsdireksjonen fekk eige kontorhald i 1817, og frå då av og fram til vår tid er alle viktige kyrkjesaker å finna her. Inngangen til arkivet er journalregisteret. Ein gjennomgang av registeret vil ta ein del tid, men ein vil då ha oversyn over alle viktige saker som vedkjem gjeldande kyrkje. Journalen viser saksgangen vidare til prosti/prestegjeld på den eine sida og departementet på den andre. Av kopibøkene vil ein kunna sjå kva fråsegn stiftsdireksjonen har gjeve i saka. I somme tilfelle vil saksdokumenta liggja i Stiftsdireksjons-arkivet. Dersom ei sak har hamna i retten, det kan t.d. gjelda ei synsforretning, vil ein utfrå tilvisingar i journalen kunna finna fram til kvar hjå sorenskrivaren ein kan finna denne. Prostearkiva. Som i bispearkivet er det også her visitasprotokollane som er av størst verdi for kyrkjeforskinga. I nokre tilfelle er prostens "Besigtigelsesprotokoll" bevart, den går ofte meir i detalj når det gjeld kyrkebygningen, og ein slepp å leita seg gjennom det stoffet som ikkje er av interesse. I pakkesakene kan ein støyta på gagnleg stoff, som døme frå Statsarkivet i Bergen er det ein innhaldsrik pakke frå prosten i Sunnhordland med namnet "Kirkevesen 1753-1847".

Prestearkiva. Mellom kjeldene i prestarkiva er Kallsbøkene verd å bruka tid på å sjå gjennom. For Vestlandet går desse attende til 1828. Innleiingsvis har dei mellom anna med eit punkt om Menighedens kirker. Det er litt avhengig av kva presten har vore oppteken av, men er ein heldig, kan ein her få nokså detaljerte beskrivelsar av kyrkja eller særlege inventarstykkje.

Frå slutten av 1800-talet kan det vera nyttig å sjå på Kyrkjetilsynsprotokollane. Soknerådsprotokollane er aktuelle frå 1922 og frametter.

Riksarkivet.

Mellomalder-materialet i Riksarkivet er som nemnt trykt. I dansketida var Danske kanselli og Rentekammeret dei to store forvaltningsorgana innafor den sivile forvaltninga. Heilt fram til 1814 var det Rentekammeret i Kjøbenhavn som hadde ansvar for "oppebørselen" av statens inntekter og revisjon. Av rekneskapsseriane i arkivet til Rentekammeret er 10,5 hyllemeter kopiar av dei rekneskapane som vart førde i kyrkjestolebøkene. Når det gjeld Akershus stift og Stavanger amt, tek kyrkjerekneskapane i Rentekammeret til omlag 1615, rekneskapane for Bergen stift i 1659 og for Trondheim stift omlag 1640. Rekneskapane i Rentekammeret går fram til kyrkjesalet og er ordna etter stift.

Kyrkjene i Nord-Noreg vart ikkje selde i 1720-åra. Inntekta av jorde-godset for desse kyrkjene vart i 1716 overført til Misjonkollegiet (som vart oppretta og skilt ut frå Danske Kanselli i 1714) for mellom anna å finansiera misjonen mellom samane. Rekneskapar finst dels mellom skåpsakene i Danske Kanselli, dels i Misjonskollegiets arkiv.

Kyrkjerekneskapar frå slutten av 1600-talet og fram til 1722 finst og i pakkesakene i Rentekammerets Realistisk ordna avdeling. Her er og materiale omkring kyrkjesalet og noko materiale om kyrkjer i byane frå 1740-1760.

Kyrkje- og undervisningsdepartementet vart oppretta 30.11.1814 som 1. departement for kyrkjesaker og undervisningsvesen etter at vi hadde gått inn i unionen med Sverige. Arkivet for kyrkjeavdelingen omfattar 300 hyllemeter frå tidsrommet 1819 til 1950. Under serien Kirkeordningen finst ein del dokument av interesse, men den mest nytta serien er Visitasmeldingane 1815-1950. Serien inneheld innsende kopiar av visitasmeldingar frå bispane og prostane i ubrotne rekkjer for heile tidsrommet, ordna årgangsvis etter stift og prosti.

Arkivet omfattar elles Prestegjeldsserien som har dokument vedrørande sokne- og kyrkjelydsdelingar/reguleringar og kyrkjebygningar (nybygg utvidingar, reparasjonar og den slags), i hovudsak frå 1850-60-åra og frametter. (Ikkje teikningar). Serien er ordna alfabetisk etter namn på prestegjeld.

Riksantikvarens sentralarkiv, det antikvariske arkiv.

Arkivet til Riksantikvaren er i dobbel forstand sentralt. Det inneheld eit mangfald av viktige kjelder for kyrkjeforskinga og er ordna på ein måte som gjer det lett tilgjengeleg. Grunnstammen i arkivet er originaldokument som Fortidsminneforeninga hadde samla frå starten i 1844 til Riksantikvaren vart oppretta i 1912 då dokumenta vart overførde. (Delar av denne gamle delen av arkivet vart utstilt på Nasjonalgalleriet hausten 1994 med katalog utarbeidd av Luce Hinsch.) Frå 1912 til i dag har arkivet auka monaleg i omfang som følje av Riksantikvaren sin funksjon som sakshandsamar i vernet av kyrkjelege og profane bygningar. Arkivet er ordna i ulike seriar, alle etter topografisk nummer som følgjer prestegjeldsinndelinga. Det stoffet som gjeld kyrkjer er ordna for seg under bokstaven A, profanbygg under B.

Hovudarkivet inneheld korrespondanse, rapportar, meldingar, notat og fotografi plasserte i folio-skuffer. For kvar kyrkje er det ei mappe for korrespondanse, ei for andre skriftlege dokument og ei for foto som er limte på kartong med tilvising til film- og negativsamlinga.

Teikningsarkivet har kopiar av eldre og nyare teikningar - oppmålingar, utkast og skisser. Av det mest verdfulle i arkivet er oppmålingsteikningane frå dei leiande arkitektane frå 1800-talet som G.A. Bull, P. Blix og Chr. Christie. Frå 1900-talet er det gjerne oppmålingar og enklare teikningar som er utførte i samband med med ombyggings- og restaureringsarbeid eller som grunnlag for bokverket Norges Kirker.

Avisutklipp. Samlinga går attende til 1920-åra og er ordna kronologisk under topografisk nummer. Avisutklippa er verdfulle i kyrkjeforskinga. Her kan ein ofte finna opplysningar om nye orgel, reparasjonar og anna.

Eldre fotosamlingar. Riksantikvaren har ei rekkje eldre fotosamlingar. Ein del av negativane er uregistrerte, men mykje av det finst som papirkopiar i hovudarkivet. Sekreteriatet for fotoregistrering på Kringsjå i Oslo har register over fotosamlingane ordna på emne og eitt av emna er kyrkjer.

Arkeologisk dokumentasjonsmateriale. Fram til 1960-åra finst materialet i antikvarisk arkiv, ordna topografisk. Det er utarbeidd ei kronologisk register over materialet. Dokumentasjonsmateriale etter 1970 vert oppbevart på landsdelsmusea.

Register og kartotek. Følgjande utarbeidde register og kartotek kan letta arbeidet i arkivet: Emnekartotek over mellomalderkyrkjer og kyrkjeinventar (alfabetisk), ikonografisk register over religiøse motiv i norsk kyrkjekunst, kyrkjetuftregister, register over mellomalderruiner og teikning og oppmålingskartotek som viser til dei institusjonane som oppbevarer originalmaterialet. Utanom desse er tilvekstregisteret viktig for å få med det som er kome til av fotos, dias, teikningar og rapportar. Det er elles utarbeidd register for kyrkjeklokker og orgel.

Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring

Sentralt. Foreningens hovedkontor i Oslo har ein del viktige dokument som gjeld kyrkjebygningane si soge. Materialet er ordna topografisk innafor det som vert kalla "historisk arkiv" og inneheld korrespondanse mellom foreningens direksjon, departementet og ulike arkitektar og andre instansar frå tida omkring 1900. Når det gjeld dei eldste kyrkjene kan materialet vera omfattande, for andre kyrkjer er det lite, men stoffet er ikkje avgrensa til dei kyrkjene som er foreningen sin eigedom.

Avdelingskontora. Avdelingskontoret i Bergen har fotoarkiv og dokumentarkiv ordna fylkesvis og alfabetisk i folioskuffer med ei mappe for kvar kyrkje. Fotomaterialet inneheld eldre og nyare papirkopiar, limte på kartong. Negativar manglar for dei fleste bileta. Dokumentarkivet inneheld for det meste sakshandsaming frå vårt århundre. Einskilde originaldokument som brev frå rundt 1900 etc.

Dei kommunale arkiva

I prinsippet skulle ein kunna finna viktig materiale om kyrkjene i kommunearkiva etter 1837 då formannskapslova tok til å gjelda. Dei fleste norske kommunearkiva har mangla dagleg tilsyn heilt opp til 1980-åra, og har såleis vore nokså lite tilgjengelege for forskarar. Dette er no iferd med å endra seg, men mykje av materialet er gått tapt eller har aldri komme inn til arkiva. Dette gjeld t.d. arkiva etter kyrkjetilsyn og kyrkjeverje. Det kan difor ofte vera lettare å finna stoffet på andre nivå i saksgangen. (Stiftsdireksjonsarkivet og prestearkivet på statsarkiva). I einskilde kommunar er det laga register over møtebøkene. I fleire fylke har interkommunale arkivordningar utført eit viktig ordningsarbeid. I praksis må ein undersøka tilstanden til det kommunearkivet det gjeld før ein kan ta stilling til om det er verdt å bruka tida der. I einskilde kommunar kan det vera oppbevart innhaldsrike bygdebokarkiv.

Offentlege bibliotek, manuskriptsamlingar

Manuskriptsamlingane på dei større offentlege biblioteka kan gøyma på verdfullt kjeldemateriale for kyrkjeforskinga. Det varierer kor gode katalogar det finst for samlingane, ikkje alle stader er det katalogar i det heile, men det er ofte nokon på biblioteka som har ansvar for samlinga og kan gje råd om bruken.

Bibliografi

Generelle verk, Kyrkjer

Norges kirker. Utgitt som del av serien Norske minnesmerker.

Jubileumsskrifter.

Bygdebøker.

Lokalhistoriske tidsskrifter og årbøker.

Årbøkene til Fortidsminneforeningen.

B.E.Bendixen: Kirkerne i Søndre Bergenhus amt. Bergen 1904.

Anders Bugge: Kirkebygninger og deres utstyr: Norge. I: Nordisk Kultur, bind 23. København 1933, s. 189-270.

H. Christie: Middelalderen bygger i tre. Oslo 1974.

Harry Fett: Norges kirker i middelalderen. Kra 1909.

Harry Fett: Norges kirker i det 16de og 17de aarhundrede. Kra. 1911.

H.-E. Lidén: Middelalderen bygger i stein. Oslo 1974.

Frederik Tybring: Den norske kirke og kunsten gjennom seklene. Oslo 1953.

Bibliografiar

Anne M. Haslund Langballe og Gunnar Danbolt. Skrifter om norsk kunst utgitt til og med 1970. Oslo 1976.

Databasen Kunstbib (Norsk kunsthistorisk bibliografi), Universitetet i Oslo, f.o.m. 1993.

Riksantikvaren. I Riksantikvarens bibliotek finst ein topografisk ordna bibliografi på kort basert på dei årlege bibliografiane i Fortidsminneforeningen si årbok 1899-1983 + tillegg. F.o.m. 1989 lagt inn i bibliotekets database.

Sjå elles oversyn over lokalbibliografiar hjå Nysæter: Norske Arkivkatalogar, s. 481f.

Leksikale verk og ordbøker

L. Dietrichson: Sammenlignende Fortegnelse over Norges Kirkebygninger i Middelalderen etc. Kra. 1888.

Kirke-leksikon for Norden . B. 1-4. København 1900-1929.

Kulturhistorisk leksikon for nordisk mellomalder. 1.utg. 1956-1978. 2. opplag 1980.

Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Oslo 1971.

Norges kunsthistorie. B. 1-7. Oslo 1981-1983.

Norsk historisk leksikon. Oslo 1974.

Norsk kunstnerleksikon, 1-4.

Norsk teknisk ordbok.

Alf Henry Rasmussen: Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Vanebo forlag 1993.

O.Rygh: Norske gaardenavne. I-XIX. Kr.a./Oslo 1898-1936. (Faksimilieutg.1964-1978-.)

Snekkararbeid

D. Fischer: Anders With og Smith i Rogaland..........

Robert Kloster: Snekkerhåndverket i Bergen under renessansen. Bergen 1942.

Robert Kloster: Stavangerrenessansen i Rogalands kirker. Stavanger 1936.

Dag Sæverud: Bilthuggerbarokken i vestnorske kirker. En studie i den bruskbarokke stilen i Bergen 1635-1700. MS 1979.

Skulptur

Martin Blindheim: Norwegian Romanesque decorative Sculpture 1090-1210.

Eivind S. Engelstad: Senmiddelalderens kunst i Norge. Oslo 1936.

Chr. Axel Jensen: Danmarks snedkere og billedsnidere i tiden 1536-1660. Kbh. 1911.

Interiørmåling

Domenico Erdmann: Norsk dekorativ maling fra reformasjonen til romantikken. Oslo 1940.

U. Hendriksen og R. Revold: Norges dekorative malerkunst gjennem 1000 år. Oslo 1952.

Agnethe Mohn: Malte rumdekorasjoner på Vestlandet under renessanse og barokk. Bergens historiske forenings skrifter, nr. 44, 1938.

Måleri

Andreas Dreyer: "En af disse saare nyttige Mænd..." kunstmaler Johan Ludvig Losting (1810-76). Bergen 1982.

Henrik Grevenor: Norsk Malerkunst under Renessanse og Barokk 1550-1700. Oslo 1928.

C.W. Schnitler: Malerkunsten i Norge i det attende Aarhundrede. Kra. 1920.

Glasmåleri

Aron Andersson et al.: Die GLASMALEREIEN des Mittelalters in Schweden. Stockholm 1964.

Einar Lexow: Norske Glassmalerier fra laugstiden. Oslo 1938.

Ikonografi

Sigrid Christie: Den lutherske ikonografi i Norge inntil 1800 (I-II). Oslo 1973.

Lysstell

Fredrik B. Wallem: Lys og lysstell i norske kirker og hjem. Kra. 1907.

Gull, sølv, tinn, glas

Jorun Fossberg: Sølvbok.....

Anna-Stina Hals: Gammelt norsk tinn. Oslo 1978.

Thv. Krohn-Hansen og Robert Kloster: Bergens gullsmedkunst fra laugstiden (I-II). Bergen (1957).

Ada Polak: "Glassboken"........

Ada Polak: Gullsmedkunsten i Norge før og nå. Oslo 1970.

Kyrkjetekstilar

Helen Engelstad. Messeklær og alterskrud. Oslo 1941.

Grete Lein Lange: Kirkens tekstiler. Kirker i en ny tid. Red. Finn Jor. Oslo 1966, s. 134-149.

Orgel

Stein Johannes Kolnes: Norsk orgelkultur. Instrument og miljø frå mellomalderen til i dag. Oslo 1987.

Den same: Norsk orgelregister 1328-1992. Førdesfjorden 1993.

Kyrkjegardar

Anders Bugge: Vore gamle gravminder. Aarsb. 1924, s. 1-98.

Sigrid Christie: Kirkegården som bevaringsverdig anlegg. Gravminnenes utvikling. I Kirkegårdskultur, nr. 1, 1991, s. 4-17.

Kjeldeskrifter

Diplomatarium Norvegicum. I-XXII. Chr.a./Oslo 1847-19..

Y. Nilsen red.: Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574-1597. Kra. 1885.

Arkivkunnskap

Knut Johannessen m.fl. red., Håndbok for Riksarkivet. Oslo 1992.

Alf Kiil: Arkivkunnskap. Statsarkiva. Oslo 1969.

Egil Nysæter: Norske arkivkatalogar. 2. utg. Oslo 1992.