Egil Øvrebø:

Biskop Koldings kopibok 1608-1615

Frå ein mikrofilm i Riksarkivet fekk Statsarkivet i Bergen for nokre år sidan papirkopi av Ny kgl. Samling 2037e 4to i Det kongelige Bibliotek, København: "Autographum Mag. Andreæ Michaelii Koldingensis quondam Episcopi Bergensis. Foræret til Selskabet af Hr. Jens Møller i Tønsberg 1752."

Ut frå denne kopien skal vi ikkje her ta på oss å gjere greie for manuskript og arkivproveniens. Men eg har sett meg føre å gi eit samandrag av innhaldet, der eg tek med alt av personnamn og stadnamn. Saman med eit par små register skulle dette kunne gi inngang til den ikkje-teologiske delen av manuskriptet.

Det er tale om knapt 190 sider. Her er 48 sider brev og notat på latin, 28 sider dansk, 3 sider tysk. Resten er talar, for det aller meste bispens ordinasjonstalar, og alt dette på latin. Boka begynner med fire sider utan paginering (her a,b,c,d) og er vidare paginert 1-189. To sider etter 105 manglar paginering (her 105b, 105c). Sidene b, d, 9, 10, 88, 169, 187 og 188 er blanke.

I samandraga nedanfor har eg skrive personnamna etter originalen, likevel slik at latiniserte førenamn får nominativsform. I registret, som er eit førenamnsregister, har eg brukt danske namneformer så langt eg kjende dei frå samtidige kjelder.

Første talen i boka opnar med eit Krysostomos-sitat: Qvando qvantum debemus ad gratiam vobis referendam dicere non valemus, dicimus qvantum possumus. Med litt omskriving får eg gjere orda til mine: Eg har gjort så godt eg kunne.

*

Side c og 1-8

København, 23. januar 1608. Latin.

Tale til rektor, magister Johannes Stephanius, til doktorar og professorar ved Universitetet, med takk særleg til Johannes Resenius som førestod magisterdisputasen som Koldings promotor.
 

Side 11-12

Bergen, 15. mars 1608. Latin.

Brev til prostane om at kongen har forordna allmenne bededagar i Danmark og Norge 27., 28. og 29. april dette året. Kolding sender talen som Sjællands biskop Petrus Vinstrupius har skrive, med pålegg til prostane om å spreie den til prestane i god tid.
 

Side 12-13

Bergen, 31. mars 1608. Latin.

Brev til prosten i Nordhordland om visitas. Bispen vil visitere hos alle prestane så nær som dei to lengst unna, Matthias på Voss og Paulus i Eivindvik. Han vil møte hos prosten i Hamre kyrkje 10. april, hos Stephanus i Haus kyrkje 12., hos Johannes Hessius i Lindås 14., hos Christiernus i Manger 17., hos Gabelus i Fana 19., og hos Martinus i Sund 21. april. Han ber prosten syte for at prestane bur seg på visitasen.
 

Side 14-15

Haus prestegard, 12. april 1608. Latin.

Brev til sokneprest Paulus i Eivindvik om at Johannes Georgii, sokneprest i Hamre og prost i Nordhordland, har fått kall i Stavanger. Soknemennene i Hamre har bedt både han og bispen om å få magister Petrus Brochius, rektor ved skulen i Bergen, til hans etterfølgjar. Bispen ber Paulus om å møte i Hamre kyrkje 17. april i prostens stad og styre prestevalet.
 

Side 16

Reiserute for visitasar som bispen har hatt i 1608. Latin.

I Lindås 20. mai hos Johannes Hess.

I Eivindvik hos Paulus 22. mai, der bispen sjølv heldt preika.
 

Sogn len

Hos Jacobus i Vik 25. mai.

Hos Johannes Crus 27. mai.

Hos Michael i Stedje 29. mai.

Hos Daniel i Hafslo eller Følckeby 3. mai.

Hos Nicolaus i Luster 2. juni.

Hos Petrus i Lærdal 5. juni.

Hos Martinus i Aurland 7. juni.

Hos Matthias i Voss 9. juni.
 

Hardanger

Hos Georgius, bispens bror, i Kinsarvik 12. juni, Ullensvang 13. juni.

I Vikøy hos Henricus 15. juni.
 

Sunnhordlen

I Strandebarm hos Andreas 17. juni.

Hos Christiernus i Kvinnherad 19. juni.

Hos Andreas i Skånevik 21. juni, her vart han møtt av magister Laurentius Scavenius, biskop i Stavanger.

Hos Nicolaus i Etne 24. juni.

Hos Petrus i Fjelberg, og Gabriel 26. juni,

NB. Saman med broren vitja bispen Georgius Brockenhus.

Hos Petrus Alburgius 29. juni. Seinare var bispen med i bryllaupet hans i Finnås.

Hos Daniel i Finnås 3. juli. Same dag heldt herr Petrus bryllaup med dotter til Daniel.

Hos Casparus i Tysnes 6. juli.

Hos Samuel i Os 8. juli. Same dag reiste bispen heim.
 

Side 17-20

Samandrag av talen som bispen heldt til kyrkjelyden på dei første visitasane i 1608. Latin.
 

Side 21-22

Bergen, 12. august 1608. Latin.

Brev til Johannes Crusius, om eit barn som vart forlate av mora og ynkeleg omkom, og om altergang for ei kvinne som er døvstum.
 

Side 23-24

Bergen, 14. september 1608. Dansk.

Brev til Johannes Crusius, prost i Sogn, om at bispen og slottsherren Niels Vind har hatt samtalar om herr Jacob Riber som ei tid har gjort teneste i Vik utan å ha fått kallsbrev. No kom slottsskrivaren Lauritz Marquorsen og Jacob Riber med bøn frå Niels Vind, som står i ferd med å reise til Stavanger, om bispen ville skrive til prosten og be han dra inn til Vik. Dersom soknemennene no vil kalle Jacob, skjer det med bispens samtykke.
 

Side 25

Bergen, 17. oktober 1608. Latin.

Til Johannes Crusius. Bispens vitnemål om Jacobus Riber og om Petrus Hven, elev ved skulen. Bispen ber prosten om å ta denne siste til klokkar.
 

Side 26

19. desember 1608. Latin.

Brev til sokneprest Christiernus i Kvinnherad om ei kone som i søvne har teke livet av barnet sitt.
 

Side 27-29

15. mars 1609. Latin.

Brev til prosten i Sunnfjord, Laurentius i Kinn, om soknepresten i Jølster, Henricus Graff, som har stelt seg så tankelaust og uforstandig. Bispen har ein prest, Georgius, som kan sendast opp som vikar så snart han vert frisk. Om han ikkje kjem, får prosten prøve å ordne seg med naboprestane. Vidare om Kinn kyrkjelyd som har ytt så lite pengestøtte til skuledisiplane.
 

Side 29-30

Bergen, 19. mars 1609. Dansk og latin.

Brev til sokneprest Daniel i Hafslo, sendt med Jens Hanssen på Fylkeby, som tente hos Peder i Røym. Han fortel at han vil ekte Maritte Lauritzdtr. som nyleg har tent hos presten, men no vil ikkje presten trulove dei. Bispen ber han om å gjere det, om ikkje viktige grunnar talar mot. "Det er jo bedre at hielpe til æren end fra."
 

Side 30-32

Bergen, 3. april 1609. Dansk og latin.

Brev til sokneprest Matthias, sendt med Iffuer Nielsen på Huffland. Han klagar over at presten, som for nokre år sidan trulova han med Lisebeth Rasmusdtr., ikkje vil lyse til ekteskap for dei. Presten har fått høyre at ho hadde eit barn før ho kom i leiermål med festemannen, og har meldt dette til futen. Presten nektar dei sakramente og nektar å leie Lisebeth i kyrkja etter andre barnefødselen. Bispen vil granske saka ved neste visitas, men ber no presten tenkje nøye over kva han gjer.
 

Side 32

Bergen, 5. mai 1609. Latin.

Brev til sokneprest Jacobus i Vik, med vitnemål for Nicolaus Andreæ som er sett til klokkar i Vik. Hans talsmenn og velyndarar har vore Egidius Petri i Kaupanger og Mauritius Busk. Med helsing og påteikning til prosten, Johannes Crusius.
 

Side 33-39

Bergen domkyrkje, 3. pinsedag 1608. Latin.

Samandrag av bispens ordinasjonstale til Petrus Brochius som skal vere sokneprest i Hamre.
 

Side 40

Bergen, 1. september 1608. Latin.

Tale til dei som skulle vere med på eksaminasjon av ordinand Jacobus Mandius: herr Vilhadus Adamius, lektor magister Thomas Johannis, og herr Petrus Fossius.
 

Side 41-52

Bergen, 1. august 1608. Latin.

Bispens tale då rektoratet ved skulen vart overlate til Johannes Georgii, etter at Petrus Brockius var kalla til anna kyrkjeleg teneste.
 

Side 53-57

Bergen, 2. september 1608. Latin.

Skisse til bispens ordinasjonstale til Jacobus Mandius som Petrus Brochius har teke til medtenar.
 

Side 58-59

Bergen, 31. juli 1609. Latin.

Brev til Georgius Michaeli, bispens bror og prost i Hardanger. Han har fått brevet om at soknepresten i Vikøy, Henricus Johannis, er død, og sender studenten Biornonus Coccius, son til Johannes Kock, med vitnemål til prestevalet. Han ber om at herr Michael eller ein av naboprestane vil gjere teneste i Vikøy i mellomtida.
 

Side 60

Udatert, 1609. Latin.

Brev til prosten i Sunnfjord med reiserute for bispevisitas.

9. juni i Vilnes hos Matthias.

11. juni, Trinitatissøndag, i Kinn hos Laurentius.

14. juni i Selje hos Abel.

16. juni i Eid hos Johannes.

18. juni hos magister Jonas i Innvik.

21. juni hos Absolon i Gloppen.

23. juni i Jølster. (Jonsokdag i ro)

25. juni hos Videricus i Førde.

27. juni hos Johannes i Askvoll.

29. juni i Holmedal
 

I margen ein miletabell. Dansk.
 

Nordfjord

Frå Kinn til Selje 7 veke sjø

Frå Selje til Eid 5 veke sjø

Frå Eid til magister Jon 4 veke sjø

Frå Innvik til Gloppen 2 veke sjø og ein fjerding å ri
 

Sunnfjord

Frå Vilnes til Kinn 3 1/2 veke sjø, av dette ein fjord på ein stor veke sjø

Frå Gloppen til Jølster, noko til hest og noko i båt, i alt omlag 2 mil

Frå Jølster til Førde 2 mil

Frå Førde og til Bru til Peder Due 4 veke sjø, og derfrå til Askvoll 2 veke sjø

Frå Askvoll til Holmedal 1 veke sjø.
 

Side 61-69

Bergen, 12. juli 1609. Latin

Samandrag av bispens ordinasjonstale til Petrus Vilhelmi og Bero Johannis. Tilstades ved eksaminasjonen: lektor magister Thomas, magister Andreas Bechius og herr Petrus Fossius.
 

Side 70-71

Bergen, 12. juli 1609. Dansk.

Brev til Christen Søfrensen, sendt med Biørn Jenssen som er kalla til å vere sokneprest i Vikøy etter Henrick Jenssøn. Sidan befalingsmannen på Halsnøy kloster, Jørgen Brockenhus, ikkje er i landet og kan gi si stadfesting, ber bispen om at Christen gjer det til dess Brockenhus kjem att.
 

Side 72

Bergen, 31. juli 1605. Latin.

Embetseid avlagd av Ambrosius Hennings Lubecensis, sokneprest til St. Martin.
 

Side 73-75

København, 28. juni 1489. Tysk.

Erklæring frå riksrådet etter forhandling med utsendingar frå dei vendiske byane, om innsetjing og avsetjing av tyske predikantar i Bergen.
 

Side 76-79

Antvorskov, 23. desember 1584. Dansk. Trykt i NRR II, ss.588-589.

Kongeleg missiv til lensherren og bispen om tilsyn med dei tyske predikantane på Bryggen i Bergen.
 

Side 80-84

Bergen domkapittel, 29. november 1609. Latin og tysk.

(Jfr. forhandlingsprotokollen same dag.) Forhandling med Christophorus Gypnærus som skal etterfølgje den avdøde Petrus Vesthouius som tysk prest i Bergen:

1. Bispens innlegg (s. 80-81)

2. Avskrift av embetseiden avlagd av Christophorus Gypnærus som var kalla til prest ved Mariakyrkja, med hans underskrift. Han var frå Thüringen, ved byen Neustadt. (s. 82-83)

3. Bispens stadfesting etter at eiden var avlagd. (s. 84)
 

Side 85-86

Bergen, 1. søndag i advent 1609. Latin.

Svar på brev frå sokneprest Christiernus i Kvinnherad, om kona som kjøvde barnet sitt, og om ei ekteskapssak som gjeld stedotter til presten. Bispen rår til at han søkjer forlik med Bartholomeus NN og med futen Christ. Severini.
 

Side 86-87

Bergen, 5. desember 1609. Dansk.

Brev til lensherren om konfirmasjon på Jacob Hansens kall til å vere sokneprest på Jølster.
 

Side 89-93

15. desember 1609. Latin.

Samandrag av bispens ordinasjonstale til Johannes Nicolai Romsdalensis, som Johannes Crusius har teke til medtenar. Tilstades ved eksaminasjonen: lektor magister Thomas, magister Andreas Beckius og kapellan Marcus Paludanus.
 

Side 94-96

Bergen, 15. desember 1609. Dansk.

Brev til Hans Cruse, sokneprest i Leikanger og prost i Sogn, med vitnemål om ordinasjonen av Hans Nilssen Arctander, Romsdalensis, til medtenar i Leikanger prestegjeld.
 

Side 96-97

Bergen, 19. desember 1609. Latin.

Brev til Johannes Crusius om det same. Vidare at bispen har fått brev frå Johannes Resenius, teologiprofessor ved Universitetet, om herr Christiernus som før var prest i Vik. Han fører klagemål særleg over kona si, fordi han no er tvinga til å leve aleine. Bispen ber prosten rettleie henne om ekteskapet som skal gjelde både gode og vonde dagar.
 

Side 98-99

Bergen, 23. desember 1609. Latin.

Brev til prostane om at kongen har forordna allmenne bededagar i begge rika 6., 7. og 8. februar. Bispen sender talen som skal brukast, og pålegg prostane å spreie den til prestane utan opphald. NB. Påskrift til Johannes Crusius: Bispen ber om at han straks sender brevet til soknepresten i Aurland, Martinus, og at avskrift av talen saman med bispens brev derfrå vert sendt vidare til presten på Voss, Matthias Johannis.
 

Side 100

Bergen, 13. februar 1610. Dansk.

Svar på brev frå herr Michael, som er sjuk, og som har sendt ein ung mann, Olluff Jenssen, til bispen med bøn om å få bruke han som vikar ei kort tid. Bispen gir sitt samtykke, og så får dei ordne det formelle når dei møtest, om så er at presten då treng ein medtenar fast.
 

Side 100-101

Bergen, 26. februar 1610. Latin.

Brev til prostane om val (electio) på prins Christian til kongens etterfølgjar. Valet skal haldast i Oslo 15. juni, og prostane skal møte der, kvar med to av sine prestar.
 

Side 102-105c

9. mai 1610. Latin.

Samandrag av bispens ordinasjonstale til Daniel Nicolai, som soknepresten i Eivindvik, Paulus Magni, har teke til medtenar. Tilstades ved eksaminasjonen: herr Vilhadus, magister Thomas, magister Andreas Beckius og herr Marcus.
 

Side 106

Bergen, juli 1610. Dansk.

Brev til sokneprest Petrus i Lærdal som ønskjer å verte flytt til Sogndal i avdøde sokneprest Michels stad. Han må først vende seg til prosten om dette, og kan han få lovleg kall etter ordinansen, ser bispen gjerne at så skjer, og han vil no skrive til prosten om det.
 

Side 107-108

Bergen, juli 1610. Latin.

Brev til prosten i Sogn, Johannes Chrusius, om Sogndal pastorat. Før han fekk brevet frå prosten, hadde han frå herr Petrus i Lærdal fått høyre at herr Michael i Sogndal var død. Herr Petrus har no von om å verte kalla til Sogndal, og bispen har sagt at han stør dette, sidan prostens medtenar og svoger Johannes er så ny i tenesta og ikkje bør flyttast enno. Bispen har brukt denne forklaringa overfor futen i Sogn, Ægidius Petri, som har komme med skuldingar, og han ber om at også prosten godtek dette. Prosten vil forstå at det er vanskeleg å gå frå gitt lovnad.
 

Side 109-111

Bergen, 25. juli 1610. Latin.

Brev til Nicolaus Bugge med lovtale over prost i Sunnhordland og sokneprest i Kvinnherad Christianus Laurentii som nyleg er død. Bispen sender no ned ein ung mann Paulus Matthiæ med vitnemål om hans teneste i skulen i Bergen, og ber Bugge om å fungere som prost og følgje han til Kvinnherad. Vert han då lovleg kalla etter ordinansen, skal bispen ta seg av resten. Etterskrift same dag, på dansk: Dersom Bugge er forhindra, ber bispen om at han skriv til herr Anders i Skånevik at han skal følgje Paulus og elles rette seg etter brevet.
 

Side 112-118

7. november 1610. Latin.

Samandrag av bispens ordinasjonstale til Paulus Matthiæ som er kalla til å vere sokneprest i Kvinnherad. Tilstades ved eksaminasjonen 6. november: doktor Vilhadus, magister Thomas, magister Andreas Becchius, herr Petrus Fossius og herr Marcus.
 

Side 119-121

Bergen, 10. januar 1611. Dansk.

Svar på brev frå magister Jonas om at soknepresten i Eid, herr Jens, er død. Der har vore folk frå Eid hos bispen og bedt om at dei måtte få herr Abel til ny prest. Bispen har sagt at der skal gåast fram etter ordinansen. Han set seg mot to framlegg frå Jonas: at Eid gjeld vert delt, og at Jens Sørensen, kapellan hos Jonas, må få eine delen, og Rasmus, kapellan i Eid, den andre. Heller ikkje godtek han eit framlegg om at Jens Sørensen må få Selje kall dersom herr Abel får Eid. Abel vil verte verande i Selje så lenge borna etter herr Jens nyt nådensåret, så det vil ta tid før noko kan avgjerast.
 

Side 122-124

23. januar 1611. Latin.

Samandrag av bispens ordinasjonstale til Petrus Erasmi, høyrar i Bergen skule, som er teken til medtenar av herr Andreas Seutingi. Tilstades ved eksaminasjonen: lektor magister Thomas Johannis, magister Andreas Bechius, herr Petrus Fossius og herr Marcus Paludanus.
 

Side 125

Bergen, 31. januar 1611. Dansk.

Brev til lensherren om å stadfeste herr Albret Albretsens kall til å vere sokneprest i Manger i avdøde herr Christens stad. Han var ordinert av Koldings føremann, avdøde magister Anders Foss.
 

Side 126

Bergen, 12. februar 1611. Dansk.

Svar på brev frå herr Johannes med spørsmål frå herr Michels enkje, om ho skal så på prestegarden til våren, og om ho ikkje skal ha betaling for dei husa som herr Michel har late bygge der. Bispen skriv at ho skal ha sitt nådensår etter ordinansen. Når det gjeld husa, kjem det an på kor mykje soknemennene har ytt til bygginga.
 

Side 127

Bergen, 20. februar 1611. Dansk.

Brev til lensherren om å stadfeste herr Peder Pedersen av Lærdal hans kall til å vere sokneprest i Sogndal i avdøde herr Michel Michelsens stad.

NB. Notat om tilsvarande brev til lensherren 18. april 1611 om stadfesting på kapellan i Leikanger Hans Nielsen Arctanders kall til Lærdal i herr Peders stad.
 

Side 128

Reiseplan for visitasane 1611. Latin.
 

I Lindås 17. mai

I Eivindvik trinitatissøndag 19. mai
 

I Sogn

I Vik kyrkje 22. mai

I Leikanger kyrkje 24. mai

I Sogndal 26. mai

I Hafslo hos herr Daniel 28. mai

I Luster hos herr Nicolaus 30. mai

I Lærdal 2. juni

I Aurland 4. juni

I Voss 7. juni
 

I Hardanger

I Granvin eller Ulvik hos herr David 11. juni

I Kinsarvik eller Ullensvang 13. juni
 

I Sunnhordland prosti

I Strandebarm 18. juni

I Kvinnherad 20. juni

I Skånevik 22. juni

I Etne 24. juni

I Fjelberg 28. juni

I Stord 30. juni (2)

I Finnås 2. juli (1)

I Tysnes 4. juli

I Os 7. juli
 

Side 129-130

Bergen, 20. april 1611. Latin.

Brev til prosten i Sunnhordland om visitasen. Bispen vil vere i Strandebarm 18. juni (osv. som ovanfor), og han ber prosten syte for at prestane bur seg til visitasen.
 

Side 131

Bergen, 24. april 1611. Latin.

Brev til prosten i Nordfjord, magister Jonas, om pengestøtte til svenskekrigen. Etter pålegg frå kongen sender han avskrift av kongebrevet under si hand, og ber prosten kvittere for den.
 

Side 132

Notat om at bispen 9. juli 1611 har sendt lensherren vitnemål om herr Jørgen Jacobsen i Haus. Dansk.
 

Side 132-133

Bergen, 16. juli 1611. Dansk.

Brev til lensherren om å stadfeste herr Pouell Matsens kall til å vere sokneprest i Kvinnherad i avdøde herr Christen Lauritsens stad.
 

Side 133-134

Bergen, 16. juli 1611. Dansk.

Svar på lensherrens brev med pålegg frå stathaldaren om skatt av bispens jordegods, og om prestar som skal følgje det utskrivne krigsfolket, ein frå kvart len. Bispen vil skatte av sitt kapittelsgods om det vert kravt. Men han kan ikkje skrive ut fem prestar utan pålegg frå kongen.
 

Side 135

Bergen, 7. desember 1611. Latin.

Brev til Johannes Chrusius om Aurland pastorat. Bispen har fått brevet om at soknepresten i Aurland, Martinus Matthiæ, er død. Han sender ein ung mann, Theophilus Theophili, høyrar i Bergen skule, og ber prosten følgje han til Aurland. Vert han lovleg kalla etter ordinansen, skal bispen ordne resten. I mellomtida har han sendt herr Laurentius Johannis dit som vikar.
 

Side 136

Bergen, 23. desember 1611. Dansk.

Brev til herr Hans Cruse om at han skal møte for domkapitlet i Bergen seinast 14. januar 1612. (Jfr. forhandlingsprotokollen 3.-13. mars 1612.)
 

Side 136

16. april 1612. Dansk.

Notat om at bispen har sendt lensherren Niels Vind si tilråding om herr Jacob Mand som er kalla til å vere sokneprest i Aurland.
 

Side 137

Reiseplan for visitasane i Sunnfjord og Nordfjord 1612. Latin.

I Vilnes hos herr Mathias 5. juni

I Kinn hos herr Laurentius 7. juni som er Trinitatissøndag

I Selje 10. juni

I Eid 14. juni. NB. Ålfoten og Torheim

I Innvik 18. juni

I Gloppen 21. juni

I Jølster 23. juni

I Førde 24. juni. Jonsokdag

I Askvoll kyrkje 28 . juni

I Holmedal 30. juni
 

Side 138-143

13. mai 1612. Latin.

Bispens tale ved ordinasjonen av Magnus Abelis. Tilstades ved eksaminasjonen: doktor Vilhadus, herr Petrus Fossius og herr Marcus Paludanus.
 

Side 144-145

Bergen, 15. mai 1612. Dansk.

Brev til lensherren om å stadfeste Mogens Abelsens kall som sokneprest i Selje.
 

Side 146

25. november 1612. Latin.

Notat om bispens ordinasjonstale til Abel Erasmi som herr Petrus Brockius har teke til medtenar. Tilstades ved eksaminasjonen: magister Thomas, magister Andreas Beck, herr Petrus Fossius og herr Marcus Paludanus.
 

Side 147-148

Bergen, 16. februar 1613. Latin.

Brev til Andreas Jonæ, sokneprest i Skånevik og prost i Sunnhordland om Strandebarm pastorat som no er ledig etter avdøde Andreas Seutingus. Soknemennene ønskjer kapellanen hans, Petrus Erasmi, som ny sokneprest. Bispen gir han sitt vitnemål og ber om å få seg tilsendt kallsbrev.
 

Side 148

16. mars 1613. Dansk.

Notat om at bispen har sendt Niels Vind tilråding om herr Peder Rasmussen som er kalla til sokneprest i Strandebarm.
 

Side 149-151

Bergen, 3. mars 1613. Latin.

Brev til prostane om at svenskekrigen er slutt. Dette skal etter kongens påbod gjerast kjent for alle prestane, og dei skal halde takketalar i kyrkjene.
 

Side 152

Bergen, 29. april 1613. Latin.

Brev til Johannes Crusius om at bispen vil gjere si tredje visitasreise i Sogn. Han vil vere i Leikanger kyrkje 2. juni, i Sogndal 3. juni, Hafslo 6. juni, Luster 8. juni, Lærdal 10. juni, Aurland 12. og i Vik på reisa attende .. juni. Prosten skal gjere dette kjent for prestane.
 

Side 153-154

Bergen, 4. mai 1613. Dansk.

Brev til Hans Glad om at han i slottsherren Niels Vinds fråver vil stadfeste Hans Nielsen Bugges kall som sokneprest i Etne etter faren, avdøde Niels Bugge. Han vart ordinert til kapellan i Etne for nokre år sidan av Koldings føremann, avdøde magister Anders Foss, og har sidan gjort teneste der.
 

Side 155-157

Bergen, 14. august 1613. Latin.

Brev til prosten i Sunnhordland om at soknepresten i Etne, Johannes Bugge, har teke ein ung mann Georgius Bang til klokkar med samtykke frå prosten og kyrkjelyden. Bispen ber prosten om å sjå til at han får dei inntektene som i si tid vart fastsette av lensherren Laurentius Cruse og bispen magister Andreas Fossius.
 

Side 157-158

Bergen, 14. august 1613. Latin.

Brev til prostane om at pålegget om krigsskatt i to år framleis skal gjelde. Han sender avskrift av kongebrevet om dette og ber om at det straks vert sendt vidare til dei andre prestane, og at dei rettar seg etter det.
 

Side 158-164

3. november 1613. Latin.

Samandrag av bispens ordinasjonstale til Petrus Johannis Bergensis som er teken til medtenar av soknepresten på Voss, Matthias Johannis. Tilstades ved eksaminasjonen: doktor Vilhadus, magister Andreas Beccius, lektor designatus og magister Erasmus og herr Petrus Fossius.
 

Side 165

Reiseplan for visitasane gjennom Voss til Hardanger og Sunnhordland 1614. Latin.
 

I Hardanger

I Granvin 7. juni onsdag (!)

I Kinsarvik 13. juni

I Vikøy 16. juni torsdag
 

I Sunnhordland

I Strandebarm 19. juni søndag

I Kvinnherad 22. juni onsdag

I Skånevik 24. juni fredag

I Etne 26. juni søndag

I Fjelberg 28. juni tysdag

I Finnås 13.(!) juni torsdag

I Stord 2. juli laurdag

I Tysnes 3. juli søndag. Innskot: sjå til M. (kanskje

Martinus i Sund, sjå neste brev)

I Os 6. juli onsdag
 

Side 166-167

Bergen, 17. april 1614. Latin.

Brev til herr Vilhelmus om Sund pastorat. Soknepresten i Sund, Martinus Johannis, er nyleg død. Der er fleire kandidatar til kallet, men bispen har rådført seg med lensherren, og dei ber no herr Vilhelmus skunde seg hit før bispen dreg på visitas.
 

Side 167-168

Bergen, 30. mai 1614. Latin.

Brev til Laurentius Henrici, sokneprest i Kinn, om Laurentius N. Krogius som har vore prest i Holmedal i kring 60 år og no vil resignere. Bispen har rådført seg med lensherren om ein etterfølgjar. Han sender rektor ved Bergen skule, Johannes Georgii, til Holmedal søndag 5. juni og ber prosten møte der og sjå til at alt går etter ordinansen.
 

Side 170-181

20. august 1614. Latin.

Bispens ordinasjonstale til Johannes Georgii som i 6 år har vore rektor i Bergen skule, og som no har fått prestekall. Rektoratet skal overlatast til magister Christianus Brusius som har fått si opplæring ved Universitetet hos Johannes Resenius og Cunradus Aslachi.
 

Side 182-184

24. august 1614. Latin.

Notat om at herr Johannes Georgii vart ordinert denne dagen saman med herr Canutus Nicolai Bangius, som herr Petrus Brockius har teke til medtenar. Same dag trulova bispen dotter si med Petrus. Dagen før var desse med bispen på kapitlet og eksaminerte herr Canutus: doktor Vilhadus, lektor magister Erasmus Assenius og herr Petrus Fossius.

Kort samandrag av bispens ordinasjonstale 24. august.
 

Side 185

Bergen, 13. desember 1614. Latin.

Brev til prosten i Sunnhordland om Fjelberg pastorat som er ledig etter avdøde Petrus Andreæ. Soknemennene har bedt om å få kapellanen hans, Gabriel Andræ, til ny sokneprest, og bispen ber prosten sjå til at valet går etter ordinansen.
 

Side 186

21. desember 1614. Latin.

Kort notat om bispens ordinasjonstale til Christiernus Johannis og Theophilus Theophili, begge høyrarar i skulen.
 

Side 189 (siste innførsla i boka, bispen er død 4. august 1615). Latin.

Reiseplan for visitasane i Sunnfjord og Nordfjord 1615.

2. juni fredag i Lammetun

4. juni trinitatissøndag i Bru, 2 1/2 mil frå Lammetun

8. juni torsdag i Selje, 8 mil frå Bru kyrkje

11. juni søndag i Eid, 6 mil frå Selje kyrkje

13. juni tysdag i Gloppen, 3 mil frå Eid kyrkje

15. juni torsdag i Innvik, 2 mil frå Gloppen kyrkje

18. juni søndag i Jølster, omlag 4 mil frå Innvik kyrkje

20. juni tysdag i Førde, 3 1/2 mil frå Jølster kyrkje

22. juni torsdag i Askvoll, 4 mil frå Førde kyrkje

24. juni jonsokdag i Holmedal, 1 mil frå Askvoll kyrkje
 

***
 

NAMNEREGISTER

Abel Rasmussen, kapellan i Hamre 146

Abel, sokneprest i Selje 60, 119

Absolon, sokneprest i Gloppen 60

Albret Albretsen, sokneprest i Manger 125

Ambrosius Hennings Lubecensis, sokneprest til St. Martin 72

Anders Beck, magister, sokneprest i Domkirken 69, 93, 105c, 118, 124, 146, 164

Anders Foss, magister, biskop i Bergen 125, 153, 156

Anders Jonsen, sokneprest i Skånevik, prost i Shl. 16, 111, 147, 155, 185

Andreas Seutingus, sokneprest i Strandebarm 16, 122, 147

Askvoll 60, 137, 189

Aurland 16, 99, 128, 135, 136, 152

Bartholomeus NN 85

Bergen domkapittel 80, 136

Biørn Jenssen Kock, student, ordinand, sokneprest i Vikøy 58, 61, 70

Bru 60, 189

Bryggen i Bergen 76

Caspar, sokneprest i Tysnes 16

Christen, sokneprest i Manger 12, 125

Christen, tidlegare sokneprest i Vik 96

Christen Bruse, magister, rektor i Bergen 172

Christen Jenssen, høyrar i skulen, ordinand 186

Christen Lauritssen, spr. i Kvinnherad, prost i Shl. 16, 26, 85, 109, 129, 132

Christen Søffrensen 70, 85

Christian V., prins 100

Christophorus Gypnærus, sokneprest til St. Maria i Bergen 80, 82

Daniel, sokneprest i Finnås 16

Daniel, sokneprest i Hafslo 16, 29, 128

Daniel Nielssen, kapellan i Eivindvik 102

David, sokneprest i Ulvik 128

Eid 60, 119, 137, 189

Eivindvik 12, 16, 102, 128

Etne 16, 109, 128, 130, 153, 156, 165

Fana 12

Finnås 16, 128, 130, 165

Fjelberg 16, 128, 130, 165, 185

Fredrik II. 76

Fylkesbygdi 16, 29

Førde 60, 137, 189

Gabriel Anderssen, kapellan i Fjelberg 16, 185

Geble, sokneprest i Fana 12

Georgius, prest i Bergen, på tale som vikar i Jølster 28

Georgius Bang, klokkar i Etne 156

Gjøde (Egidius) Pedersen i Kaupanger, fut i Sogn 32, 107

Gloppen 60, 137, 189

Granvin 128, 165

Hafslo 16, 29, 128, 152

Halsnøy kloster 70

Hamre 12, 14, 33

Hans Kruse, sokneprest i Leikanger og prost i Sogn 16, 21, 23, 25, 32, 89, 93, 94, 96, 99, 107, 126, 135, 136, 152

Hans Glad, lagmann 153

Hans Hess, sokneprest i Lindås 12, 16

Hans Jørgensen, rektor, ordinand, sokneprest i Holmedal 41, 167, 170, 182

Hans Nilssen Arctander, Romsdalensis, kapellan i Leikanger, prestens svoger, sokneprest i Lærdal 89, 94, 107, 127

Hans Nilssen Bugge, sokneprest i Etne, før kapellan der 153, 156

Hans Resen, doktor, teologiprofessor 6, 96, 172

Haus 12, 132

Haus prestegard 15

Henrich Graff, sokneprest i Jølster 27

Henrich Jenssen, sokneprest i Vikøy 16, 58, 70

Holmedal 60, 137, 167, 189

Huffland 30

Iffuer Nielssen på Huffland 30

Innvik 60, 120, 137, 189

Jacob Hanssen, sokneprest i Jølster 86

Jacob Mand, ordinand, kapellan i Hamre, sokneprest i Aurland 40, 53, 136

Jacob Riber, sokneprest i Vik 16, 23, 25, 32

Jens, sokneprest i Eid 60, 119

Jens Hanssen på Fylkesbygdi 29

Jens Sørensen, kapellan i Innvik 120

Johannes Georgii, sokneprest i Hamre og prost i Nordhordland 12, 14

Johannes Stephanius, magister, universitetsrektor 5

Johannes, sokneprest i Askvoll 60

Jon, magister, sokneprest i Innvik, prost i Nordfjord 60, 119, 131

Jølster 27, 60, 86, 137, 189

Jørgen Brockenhus, befalingsmann over Halsnøy kloster 16, 70

Jørgen Jacobsen, prest i Haus 132

Jørgen Michelsen, spr. i Kinsarvik, prost i Hardanger, bispens bror 16, 58

Kaupanger 32

Kinn 27, 60, 137, 167

Kinsarvik 16, 128, 165

Knud Nielssen Bang, kapellan i Hamre 182

Kurt Aslaksen, doktor, København universitet 172

Kvinnherad 16, 26, 85, 109, 112, 128, 130, 132, 165

København 73, 96

København universitet c, 172

Lammetun 189

Laurentius Johannis, vikar for sokneprest i Aurland 135

Laurentius Scavenius, Stavanger biskop 16

Laurits Henrichsen, sokneprest i Kinn, prost i Sunnfjord 27, 60, 137, 167

Laurits Kruse, slottsherre 156

Laurits Marquorsen, slottsskrivar på Bergenhus 23

Laurits Nielssen Krog, sokneprest i Holmedal 167

Leikanger 16, 21, 89, 94, 127, 128, 136, 152

Lindås 12, 16, 128

Lisebeth Rasmusdtr. 30

Luster 16, 128, 152

Lübeck 76

Lærdal 16, 106, 107, 127, 128, 152

Mads, sokneprest i Vilnes 60, 137

Mads Jenssen, sokneprest på Voss 12, 16, 99, 158

Manger 12, 125

Marcus Paludanus, kapellan i Domkirken 93, 105c, 118, 124, 143, 146

Maritte Lauritsdtr. i Hafslo 29

Matthias, sokneprest i NN 30

Maurits Busk 32

Michel, tidlegare sokneprest i Vikøy, på tale som vikar der 59

Michel Michelsen, sokneprest i Sogndal (Stedje) 16, 100, 106, 107, 126, 127

Mogens Abelsen, ordinand, sokneprest i Selje 12, 166

Morten Johannessen, sokneprest i Sund 12, 166

Morten Madssen, sokneprest i Aurland 16, 99, 135

NN enkje etter sokneprest Michel i Sogndal 126

NN Andersdtr. Kolding, bispens dotter 182

NN Danielsdtr., preste dotter i Finnås 16

Neustadt i Thüringen 83

Nicolaus Andreæ, klokkar i Vik 32

Niels, sokneprest i Luster 16, 128

Niels Bugge, sokneprest i Etne 16, 109, 154

Niels Vind, slottsherre på Bergenhus 23, 136, 148, 154

Oluf Jenssen, hjelpeprest hos soknepresten i Sogndal 100

Os 16, 128, 130, 165

Oslo 100

Peder Aalborg, sokneprest i Stord 16

Peder Broch, magister, rektor, sokneprest i Hamre 14, 33, 41, 53, 182

Peder Due på Bru, fut i Sunnfjord 60

Peder Foss, sokneprest i Korskirken 40, 69, 118, 124, 143, 146, 164, 182

Peder Johannessen Bergensis, kapellan på Voss 158

Peder Pedersen, sokneprest i Lærdal, seinare i Sogndal 16, 106, 107, 127

Peder Rasmussen, høyrar i Bergen skule, spr. i Strandebarm 122, 147, 148

Peder Røym i Hafslo 29

Peder Vinstrup, doktor, Sjællands biskop 11

Petrus Andreæ, sokneprest i Fjelberg 16, 185

Petrus Hven, elev ved skulen, på tale som klokkar i Sogn 25

Petrus Vesthouius, sokneprest til St. Maria i Bergen 80

Petrus Vilhelmi, ordinand 61

Pouel Matssen, sokneprest i Kvinnherad 110, 112, 132

Pouel Mogenssen, sokneprest i Eivindvik 12, 14, 16, 102

Rasmus, kapellan i Eid 120

Rasmus Assens, magister, lektor 164, 182

Røym i Hafslo 29

Samuel, sokneprest i Os 16

Selje 60, 120, 137, 144, 189

Skånevik 16, 111, 128, 130, 147, 165

Sogndal 100, 106, 107, 126, 127, 128, 152

St. Maria kyrkje i Bergen 80

St. Martin kyrkje i Bergen 72

Stavanger 14, 23

Stedje 16

Steffen, sokneprest i Haus 12

Stord 16, 128, 130, 165

Strandebarm 16, 122, 128, 130, 147, 148, 165

Sund 12, 166

Theophilus Theophili, høyrar i Bergen skule, ordinand 135, 186

Thomas Hanssen, magister, lektor 40, 69, 93, 105c, 118, 124, 146

Thüringen 83

Torheim i Ålfoten 137

Tysnes 16, 128, 130, 165

Ullensvang 16, 128

Ulvik 128

Vendiske byar, utsendingar frå 73

Viderik, sokneprest i Førde 60

Vik 16, 23, 32, 96, 128, 152

Vikøy 16, 58, 70, 165

Villads Adami, doktor 40, 105c, 118, 143, 164, 182

Vilhelmus, prest i Sund 166

Vilnes 60, 137

Voss 12, 16, 99, 128, 158

Ålfoten 137
 
 

SAKREGISTER

Altergang for døvstum 21

Barn som omkom 21, 26, 85

Bededagar 11, 98

Bryllaup i Finnås 16

Embetseid 72, 82

Klokkarar 155

Kongeval 100

Krigsskatt 157

Kyrkjeverjer i Eid 119

Nekting av sakramente 30

Nådensår 121, 126

Ordinasjon, notat om 146, 186

Ordinasjonstale 33, 53, 61, 89, 102, 112, 122, 138, 158, 170, 182

Pengestøtte til skuledisiplane 27

Prestar til krigsfolket 133

Prestegardshus i Sogndal 126

Riksrådet 73

Skatt av bispens jordegods 133

Skatt til Svenskekrigen 131

Slottsherren 23, 86, 119, 125, 127, 132, 133, 136, 144, 148, 154, 156, 166, 167

Stathaldaren 133

Svenskekrigen 131, 149

Takketalar i kyrkjene 149

Tale ved innsetjing i rektoratet 41

Tyske predikantar i Bergen 73, 76

Utskriving av krigsfolk 133

Visitas 12, 16, 60, 128, 129, 137, 152, 165, 189

Visitastale 17