| Åse Eikemo Strømme
:
Katharina Saltnes |
døyr frendar, døyr sjølv det same, Men ordet om deg aldri døyr Vinn du eit gjetord gjævt. |
| Namnet Katharina Saltnes er
knytt til minne frå barndommen min heime i Eksingedalen..
I eine kråa i den store kvitskurte tømmerstova til bestemor mi, på morsida, var den svære speilen med den breide utskorne ramma. Stod eg midt på golvet i stova, kunne eg speila heile vesle meg. Og gjekk eg nærare, fekk eg sjå dei utskorne samanfletta rankane og fantasifulle drakar og skapningar. Ramma var brunbeisa og det skein i blank lakk. I ei annan krå i stova hang det staselege kråskåpet. På døra var det skore inn fleire motiv av vikingar og kongar til hest, omkransa med noko av det same motivet som var på speilen. Dette skåpet var i trefarge, og truleg lakka slik at motiva kom betre fram og kasta skuggar. Elles kan eg hugsa nokre biletrammer med dei same utskjæringane. Eg hugsar at eg mange gonger spurte bestemor og onkel i huset om kven som hadde laga dette fine dei hadde. Slikt såg eg ikkje i andre stover. Det var berre bestemorhuset som hadde desse vakre tinga. Jau, det var ho Katarine Saltnes som hadde skapt dette. Og kvar gong vart det sagt at ho var i Eksingedalen ei tid, var lien og vanfør, og greidde berre arbeida med hendene. Av og til fekk eg vera saman med mor og bestemor og sjå i kistene som stod oppe på kledalemmen. Her hadde bestemor bunadsskjorter, forkle, bringklutar, belter og syljer. Her var også bunadsskauta. Det eine av dei hadde bestefar kjøpt til bestemor då dei gifta seg. Det var eit Vossaskaut med kvitsaum. Dette var det Katrina Saltnes som hadde sydd, fortalde bestemor stolt. Oppe på lemmen stod ein stol som bestefar hadde laga. Setet var rundt og av tre, og ryggen var høg og kunstferdig fletta i korgbinding. Det vart fortalt meg at stolen hadde bestefar laga då han gjekk på trearbeidskurset som Katharina Saltnes hadde halde i Eksingedalen. Då eg vart så pass vaksen at eg fekk lova å gå på dans i ungdomshuset Ljosheim på Flatekval, møtte eg på nytt namnet Katharina Saltnes. På veggen hang store bilete av kjende menn frå dalen med dei same utskorne biletrammene som hjå bestemor. Høgt oppe på eine langveggen stod der eit utskore drikkehorn, og på den andre langveggen hang der to utskorne veggtavler, med motiv frå kongesoga og Håvamål. Og medan ungdomane svinga seg rundt og rundt i dansen, vart augene hangande fast ved orda på tavlene: " Døyr fe, døyr frendar, døyr sjølv det same ….. " Vals, reinlendar, samba, sving og rock, rundt, rundt, rundt, til ein vart ør i heile seg, - og orda hang der. Dette er for over tidsbegrepet ein mannsalder sidan, og livet med sin travle kvardag gav meg heilt andre ting å tenkja på. Men etter som åra går kjem dei gode minna frå barndoms- og ungdomsåra meir og meir fram. Såleis byrja interessa mi for å finna ut kven denne Katharina kunne ha vore. Eg høyrde ingen i Eksingedalen som snakka om ho meir. Dei som hadde kjent ho var borte. Kven var ho? Kvar kom ho i frå ? Kvifor kom ho til Eksingedalen ? Ho som hadde skapt så mykje vakkert i treskjæring måtte vel vera kjent? Fyrst måtte eg finna ut kvar namnet kom i frå. I registerert for Kartboka for vegar på Vestlandet fann eg namnet Saltnes i Lindås kommune. Og ved eit tilfelle slo eg opp i namneregisterert i Skulesoga for Lindås, forfatta av Asbjørn Åsgard. Der fann eg namnet Katharina Saltnes, som hadde fungert ei tid som lærar. Kunne dette vera mi Katarina? Eg kontakta Asbjørn Åsgard. Jau, det var henne som eg var på leiting etter. |
|