Berit Vetlejord (5.4. 1999):

Katharina Saltnæs i Eksingedalen

Katharina Saltnæs - slik var det ho sjølv skreiv namnet sitt - var fødd i 1862 på Saltnes i Lindås. 

Vi veit at ho var i Eksingedalen i 1900, 1901 og 1902. Ho budde på 3 gardar i dalen:

1. På Flatekvål bruk 1 hjå Johannes Johannesson Flatekvål, fødd 1869, død 1950, gift 1898 med Anna Knutsdotter Vetlejord, fødd 1878, død 1966. Dette veit vi fordi folketeljinga frå 1900 viser at Katharina då var busett her. Ho står oppført som treskjærerske. På garden budde og far og mor til Johannes, som framleis eigde garden. Ho var der og i 1901. Det året var ho og på:

2. Vetlejord bruk 2 og 3. Her budde ho hjå Olav Monsson Vetlejord, fødd 1870, død 1936. I same huset budde og far hans, Mons Olavson, saman med kone nr. 2, Maria Larsdotter og deira born.

3. På Høvik, bruk 4 hjå Rasmus Johannesson Høvik, fødd 1868, død 1942. I same huset budde og foreldra hans, som framleis eigde garden. 

Eg er ikkje heilt sikker på at ho budde på desse gardane i denne rekkjefølgja, men sidan ho var på Flatekvål både i 1900 og 1901, og ho var på Vetlejord i 1901, så er det mest truleg at ho derfrå reiste til Høvik. Men ho skal og ha vore på Flatekval i 1902. Kanskje kom ho opp att der etter at ho hadde vore på Høvik? 26.10.1902 går ho til alters i Lindåskyrkja, så då må ho vel vera flytt attende til Lindås.

Ho må ha kome til dalen i slutten av 1899 eller i byrjinga av 1900. I 1899 fekk ho eit stipend på kr 400 frå Vestlandske Kunstindustrimuseum - «Jernhandler Johan Michelsens Legat for uddannelse i norsk Træskjærerkunst». Ho ynskte å bruka pengane til å reise ut og vidareutdanna seg i treskjerarkunsten, og denne reisa må ha vore i siste halvår av 1899, viser korrespondansen omkring legatet.

Kanskje var ho vekke eit heilt år? Eg vil tru at då ho var ferdig med denne reisa, så hadde ho ikkje andre måtar å oppretthalde levemåten på enn ved å ta treskjeraroppdrag.

Kvifor ho kom nett til Eksingedalen veit eg ikkje. Grunnen til at ho kom nett til desse gardane kan vere at desse tre mennene som ho vart buande hjå var vener, og derfor skaffa Katharina treskjeraroppdrag hjå kvarandre. 

Ho arbeidde forresten ikkje berre med treskjering her i dalen. Ho hogg ut portrett av kjende personar i marmor, og ho skal ha gjort syarbeid.

Då eg var lita, fortalde dei at Katharina (dei sa Katarina) var noko ufør - ho hadde hatt poliomyelitt - , og at ho livnærde seg med å reisa rundt på gardane og arbeide med treskjering. Eg skjøna det slik at ho var fattig og berre fekk kost og losji for arbeidet sitt.

Eg har eit svakt minne om at dei sa at ho måtte berast stundom, og at ho sat mest på golvet og arbeidde, men dette er eg ikkje sikker på.

Eg veit at ho hadde kurs i treskjering for folk frå dalen. Andreas Nilsson Høvik, fødd på Høvik bruk 1 i 1885, gjekk på kurs hjå henne. Det er han som har skore ut det meste av det som finst i Ljosheim. Han kom sidan i arbeid hjå firmaet Knag i Bergen. Dei laga møblar, særleg slike med mykje utskjeringar på. Han skulle vera svært dyktig.

Katharina var lita og lett. Det kom nok vel med når ho ofte måtte berast fordi ho hadde vanskar med å ta seg fram med den dårlege foten.

Når det gjeld ting ho har laga, finst det ein del att i Eksingedalen, men noko er og kome ut or dalen, mellom anna ved skifteoppgjer. Eg kan eventuelt seinare fortelja om noko av det ho har laga, men her vil eg berre fortelje om ein ting:

Ho har laga drikkehornet som står på ei hylle på veggen i ungdomshuset Ljosheim. Dette vart i si tid gjeve til Ljosheim av Sigmund Monsson Lillejord, fødd 1896. Ei tid etter at hornet kom i Ljosheim datt det eller vart rive ned og fekk ei sprekk. Då vart det teke ned att til Vetlejord, og meininga var å få det reparert. Men det var vanskeleg å finna nokon som kunne reparere slikt, og hornet vart ståande her i fleire år. Omsider vart det funne ein reparatør, og hornet vart sendt vekk. Der vart det verande i fleire år før det kom att på Vetlejord. Etter nokså mange år kom det altså attende til Ljosheim. Johan Lavik, f. 1919, skal ha laga lok og føter til hornet.

Eg har alltid tykt at det var leit at ei som var så flink treskjerar var så lite påakta at ho måtte reise rundt og arbeide berre for kost og losji, men ho er nok ikkje den einaste kunstnaren som har hatt ei slik skjebne.

Katharina Saltnæs og ei lita jente.

Katharina Saltæs har oppteke meg heilt sidan eg var lita. Det var både det ho laga og lagnaden hennar som sette fantasien i sving hjå ei lita jente. Eg hugsar ein liten benk med utskorne sider og med eit fint raudmønstra heimevove setetrekk. Sidene var samstundes føtene på benken. Eg sat på golvet og studerte benkesida der ein kombinasjon av ein slange og ein drake med venger bukta seg, og der to drakehovud glefste på toppen. Det var både nifst og spanande. Så vart eg fortald at det var ei dame som hadde laga dette lenge før eg var fødd. Ho var vanfør, vart det sagt. Ho vart frakta rundt på gardane og livnærte seg med utskjeringsarbeid, men fekk berre mat og hus for arbeidet sitt. Det høyrdest og litt nifst og spanande ut. Det var tydeleg at dei vaksne ikkje la serleg vekt på arbeidet hennar, for det fanst eit par utskorne trearbeid som låg og slang i uthusa utan å verte påakta. Benken vart etterkvart så motteten og halvroten at dei vaksne ville kasta han. Då var eg vorten litt større, og protestrte så pass at benken vart demontert og benkesidene sett til side, slik at dei endå finst, om enn i dårleg stand.
 

wpe2.jpg (23756 bytes)
Eg hugsar og eit stort drikkehorn som onkelen til far gav til ungdomshuset i Eksingedalen. Han var lærar og hadde vore ute i verda, så han såg truleg meir verdien i dette enn heimefolket. Drikkehornet sto lenge på lemmen hjå ho godmor. Her beundra eg det ofte, og tykte det var leit då det vart sendt til ungdomshuset. Hornet var rikt utskore, svinga seg så elegant, og oppe langs kanten var det skore ut menneske kledde som i sagatida. Eg hugsar og eit utskjeringsarbeid i marmor med Camilla Collet på eine sida og Aasmund Olavsson Vinje på den andre. Det var og imponerande for ei lita jente - tenk, rein marmor! Og så glatt og fint som det var å ta på!

Sidan i livet har eg mange gonger spurt folk med fagkunnskapar innan kunst og kunsthandverk og folk med røter i Katharina sitt nærområde om dei veit noko om henne, men det har heilt til dei siste åra verka som ho var heilt ukjend. Eg har tykt det har vore leit at ei kvinne med slike evner fekk så lite merksemd medan ho levde. Når no omsider litt av hennar liv og livsverk får kome fram for ålmenta, sit eg her med ei kjensle av rettferd som gjer godt.

Her er litt meir om Katharina Saltnæs:

Eg har snakka (over telefon) med dotter til Andreas Høvik, f. 1885. Ho heiter Eva May Gjerstad, og då eg snakka med henne var ho hjå mor si, Mary Høvik på 92 år, som var 2. kona til Andreas Høvik.

Mor til Eva May hadde fortalt at Andreas snakka mykje om Katharina Saltnæs. Han såg på henne som eit førebilete, og det var ho som hadde kveikt interessa hans for treskjering. Han gjekk på kurs (i lære) hjå henne då han var 15 - 16 år, og han hadde då byrja å spara pengar til å kjøpe seg material til verktøy, som han måtte lage sjølv.

Mary seier at Katharina reiste og kom att til Eksingedalen fleire gonger. Ho seier at Katharina var på dei fleste gardane i dalen. Om så er tilfelle, er det kanskje enno nokon i dalen som har høyrt snakk om det? Far min fortalde i alle fall at ho var berre på 3 gardar - men det kan sjølvsagt vere at det var der ho budde mest, og at ho var innom på fleire andre gardar på mindre oppdrag.

Mary meiner og å hugse at Andreas sa at Katharina måtte berast mellom gardane. Ho veit ikkje kvifor Katharina kom til Eksingedalen frå først av.

Andreas reiste og rundt og gjorde treskjerararbeid på oppdrag. Eva May nemnde mellom anna at han har gjort utsmykningar på eit hotel. Han har laga mange feler. Eva May Gjerstad kunne nok ha sagt kva han har skore ut i Ljosheim dersom ho fekk sjå det.

Til forsiden