|
Katharina Saltnæs |
|
| "Tungsindig sitter på
sitt fjell, / en ledig helt, en ubrukt Tell; en Byron titt, en Platos sjel
/ i folkets sverm forgår". Slik skreiv Henrik Wergeland i diktet
"Til en gran" (Vilhelm Tell - bogeskyttar, sveitsisk nasjonalhelt. Byron
- stor engelsk lyrikar. Platon - gresk filosof). Kanskje var det slik ho
kjende det, den 50 år gamle kvinna på Kaharina som pinka av
stad på krykkja si. "Du lyt skriva om meg, du Ivar," sa ho til lærarskuleeleven
som var sumarsdreng på garden. Mange motbakkar hadde ho streva seg
oppover på livsvegen, og store utsyn hadde ho sett. Men så
kom nedturen, og ho hamna heimatt på fødestaden, der ho var
sikra livsopphald, men ikkje meir. Og ho hadde ingen å dela sine
interesser med.
Folk såg slett ikkje opp til henne, snarare tvert i mot. Kva nytte gjorde ho som sat og slo ein meisel mot gamle gravsteinar, eller med kniven skar ein nisse utapå ølkrusa? Og så var ho stor på det: Ho lika å fortelja om då ho gjesta kong Oscar II på slottet i Stockholm, ho hadde budd i heimen til statsminister Gram, og ho kjende professorar og kunstnarar i Kristiania. Nei, ein fekk minnast kvar ein kom frå, og ikkje hoppa høgare enn staven rakk, meinte bygdefolket. At Skaparen hadde lagt ned i henne spesielle evner, tenkte dei ikkje på, og at ho kjende både kall og plikt til å nytta desse evnene, det var det knapt nokon som skjøna. Saltnes Katharina Nilsdotter var fødd på Saltnes i 1862. Saltnes ligg omlag 3 kilometer utafor Lindås, ved vegen mot Risa. Dei to gardane grensar mot einannan. Garden er nemnd så tidleg som i 1563. Ved folketeljinga i 1865 var der tre bruk, kvart med 6-8 storfe og 10-15 sauer, og ein husmannsplass. Det var nær slekt mellom desse tre grannane, men Nils Ingebrigtsen, far til Katharina, som i 1855 fekk skøyte på bruk nummer 1, kom utanfrå. Eigar var mor og stefar åt kona hans, Oline Pedersdotter. I 1887 let Nils garden frå seg til sonen Ingebrigt, som alt etter fem år selde garden vidare til Fuse Olsen Soltveit. I 1911 overtok sonen hans, Ole Fusesen, men etter tre år, i 1914, selde han til brørne Arne og Mons Jakobsen Natås. Slekta Katharina si farsslekt kom or Mykingsokna. Bestemora, Brita Nils- dotter Veland, var enkje etter klokkar Ola Hodneland, då ho i 1825 gifta seg med Ingebrigt Johannessen Skauge og vart buande på Sletten. Dei fekk to søner, Nils i 1828 og Johannes (Sletten) i 1835, han døydde som klokkar i Lindås i 1892. Morfaren, Mons Monsen, kom frå Skare i Alversund og gifta seg med Gjertrud Kåresdotter Kleivdal. Dei budde på Grimstad. Sonen Peder Monsen Grimstad var nummer 6 av 7 born. Første kona hans var Marta Træland. Dei var komne til Saltnes før år 1800, og dei hadde sonen Mons, (som var 40 år eldre enn halvsøstrene). Peder vart attgift i 1833 med Kari Olsdotter frå Øvre Skodvin. Dei fekk to døtrer, Marta i 1833 og Oline i 1836. Årsgamal vart Oline farlaus, men mora levde til 1869. Nils Ingebrigtsen tok over garden då han i 1855 gifta seg med Oline, som var 19 år då ho stod brur, og 26 1/2 då ho døydde den 26.august 1862. Ho vart gravlagd den 30.august og jordfest på mikkelsmessdagen. Dei hadde fått tre born: Ingebrigt i 1857, Karneles i 1860, død same år, og Katharina, fødd 16. januar 1862 (Catharina i kyrkjeboka). Etter 4 år gifta Nils seg med Brita Olsdotter Andvik or Masfjorden, og dei fekk fem born, som altså var Katharina sine halvsøsken: Konradine i 1866, Ole i 1867, Martin i 1870, Berta Oline i 1873 og Johanna, fødd og død i 1876. I fireårsalderen fekk den morlause Katharina poliomyelitt, så venstre sida og serleg venstre foten vart heilt kraftlaus. Seinare i livet måtte ho gå med krykkje. Lindåskrinsen fekk skulehus i 1863, og dei åra ho burde ha gått i skulen, var det Ingebrigt Laastad som var lærar og klokkar. Turen frå Saltnes til Lindås gjekk helst i båt, men det er lite truleg at nokon vaksen hadde tid til å ofra heile dagen for å få henne i skulen, så det vart nok dei færraste av dei 8-9 årlege vekene ho kom i skulen. Men ho lærde seg sjølv og las heime. Då ho var 15 år, møtte ho til prestelesing saman med jamaldringane, og ho stod visst ikkje tilbake for nokon. Ein har ikkje funne skuleprotokollane frå Lindåsskulen i desse åra. |
|
| Konfirmanten
Ei hending frå lestrasommaren lyt ein ta med: Prost Hveding las med konfirmantane, og Katharina brukte både auge og øyre. Ho sat og studerte andletet hans, og brått kom ho på at ho ville forma eit slikt andlet så snart ho kom heim, men det var lettare sagt enn gjort. Faren, som også var snikkar, var lei på henne fordi ho tok dei finaste plankestubbane og skar i dei. No hadde han gøymt tollekniven og trudde dermed at materialen var sikra, men der tok han feil. Jenta rusla bort til låven og fann seg ein avbroten ljå, og med den som handyvle "laga" ho prosten. Neste gong ved kyrkja synte ho produktet fram. "Ja, denne var jo ikke så pen nettopp," sa prosten. "Nei, men originalen var ikkje finare heller," kvitterte den freidige jenta. Kan hende hadde ho hatt eit lite bilete å sjå etter? Betre karakter får medaljongen på prosten si gravstøtte ved Lindåskyrkja - denne laga ho i marmor i moden alder. |
![]() |
| Lærarinna
16 1/2 år gamal vart ho lærar - den første kvinnelege i prestegjeldet. Det gjekk slik til: Lærar Ole Hauge hadde ansvaret for 90 born mellom Nesbø og Kvamme, og han bad om at skulestyret tilsette ei lærarinne. Frå møteboka for Lindås skulestyre den 26.august 1878 siterer ein: "Pigen Katrine Nilsdtr. Saltnæs har erklæret sig villig til at overtage denne Post og beskikkes hun hertil for det angivne Tidsrum mod en Godtgjørelse af kr. 3,20 (for veka.A.Å.). Det overdrages Skolelærer Hauge at bestemme, naar og for hvilke Mænd, hun skal holde Skole; og har vedkommende Mænd at skaffe hende Kost og Logi. Læreren har ogsaa at veilede hende, hvorledes hun skal tage Undervisningen og have Tilsyn med, hvorledes den udføres." Denne hausten las ho 3 veker i Rødland krins med 33 born, 3 veker i Askeland med 32 born og 2 veker i Veland krins med 24 born. Løna vart kr 25,60 for alt i hop. Året etter las ho 9 veker i kvar krins. Det burde ha gjeve ei årsløn på kr 86,40, men sidan ho hadde vore borte i to dagar, fekk ho berre kr 85,30. Kanskje var det omreguleringa av lærarpostane i 1880 som gjorde at ho fall ut? Det gjekk 50-60 år før desse krinsane atter såg ein lærar i skjørt. Prosten kjende henne og hadde tillit til henne, men jamen skulle ho ikkje ha liten sjølvtillit som våga å ta på seg oppgåva. Det var ei mil gangsti mellom Nesbø og Kvamme, og det hende vel at dei store skulegutane tok henne på ryggen når ho skulle flyttast frå gard til gard. Dagbøkene frå desse krinsane er for lenge sidan brende, så ein har ikkje førstehandskunnskap om arbeidet hennar. Utdanning I 1880-åra heldt Nordhordlands Amtsskole til på Lindås, lengste tida i det nye tinghuset. Våren 1883 var Katharina elev på jentekurset, frå 2. april til 3. juli. Dette var eit praktisk kurs, med saum og veving. Truleg var det etter dette at faren sette henne i skreddarlære. Det var einaste yrket der ho kunne verta sjølvføding, meinte han, og det var sikkert allment syn den gongen. Men etter eit år sa ho stopp, dette ville ho ikkje ha meir av. Ein veit at ho gjekk på teikneskule i Bergen, truleg i åra 1884-86. Treskjeraren Lars Kinsarvik heldt treskjerarskule i Kinsarvik i slutten av 1880-åra, og elles hadde han lærlingar med seg der han hadde arbeidsoppgåver rundt på Vestlandet og i Trøndelag. På lista over lærlingar, med 50-60 namn, finn ein eitt kvinnenamn: Katrine Saltnæs, i Kinsarvik 1886-88. Ho fekk eit par små stipend, mellom anna 200 kroner frå enkjedronning Josefine sitt legat for vanføre. Dermed kom ho seg til Kristiania. Då nærma ho seg 30 år. I 1890-åra var ho elev ved Statens Kunst- og Handverksskule, der ho hadde bilethoggaren Skeibrok som læremeister. Under hans påverknad gjekk ho i gang med modellering. Etter fire år i Kristiania fekk ho eit nytt stipend som gjorde det mogleg å fara til Stockholm, til Den Tekniske Skolen. Ho vart verande der eit lite år, og då pengane tok slutt, vart ho hjelpt av fru statsminister Gram. Ho fekk fritt opphald i statsministerheimen, og reisepengar då ho drog på heimveg. Det lysande minnet ho hadde med seg heim, var vitjinga på slottet, etter invitasjon frå kong Oscar II, som også hadde kjøpt ein utskoren ølbolle ho hadde laga. Dette var nok høgdepunktet i livet hennar. Treskjeraren Ho hyste sterke historiske og nasjonale kjensler. Dette kom serleg fram i treskjerarverka hennar, sterkt stimulert etter samveret med Lars Kinsarvik som var veldig nasjonalsinna. I stipendsøknaden av 1899 skisserer ho ideane sine slik: "Tanken er - - at jeg vilde uddanne mig i Tegning og Modelering af Figurer, for siden ved Træskjæring at forene dem med Ornamenterne. Jeg har altid havt den Tanke at man paa den Maade kunde illustrere vor norske Historie." På toppen av ølkanna sit ein figur og les i ei bok. Ein treng ikkje tvila på at det er Historia han les. Nils Holgerson på barnebordplata er så levande at det er ikkje berre svana som reiser med han - også borna som sit og ser på han vil verta rivne med på turen. Folkelivsbilete strøydde ho om seg på ølkrus og bollar, med akantusranker som ramme. Biletrammer, serveringsbrett, serviettringar, skapdører og stolar finn ein både i Bergen og kringom på Strilelandet. Fleire store drikkehorn er og kjende. Då klokkaren i Bruvik gifta seg i 1909, fekk han eit relieff av Grundtvig som ho hadde laga, men ein veit ikkje kven gjevaren var. Heime i Lindås I biblioteket på Lærarhøgskulen i Bergen står ei stor bok av Nordahl Rolfsen, "Norske Digtere". Denne boka hadde Katharina fått av sokneprest Bjørnstad i Lindås i 1898 "med Tak for Ester". Ester var konfirmant denne hausten, så det var kanskje kjolen dei hadde fått hjelp med? Dette fortel at Katharina då var heime i Lindås. Sommaren 1899 søkte ho om stipend, kr 400, av Jernhandler Johan Michelsens Legat. Også dette brevet var sendt frå Lindås. Stipendet fekk ho vel, men korleis ho brukte det, veit ein ikkje. Kommunikantprotokollen syner at Katharina gjekk til alters i Lindåskyrkja 26.oktober 1902, 4.oktober 1908, 5.juni 1910, 1.november 1918 og 1.oktober 1922 (protokollen gjekk berre til 1924). Etter dette må ein ha lov å tru at ho hadde sagt farvel til "den store verda" i 1898 og vendt heimatt til strilelandet. I åra 1900-02 arbeidde ho i Eksingedalen. Det er ukjent kva som førde henne dit. Kanskje var det Maria Vetlejord som fekk henne av stad. Ho gjekk på amtsskulen på Lindås året etter Katharina, og Maria vart gift til Holmås, så dei var i alle høve kjende. Katharina heldt kurs i trearbeid i Eksingedal, men tydelegaste merka etter henne finn ein i alle dei fine tinga ho laga og som framleis er å sjå i heimane. Det fine drikkehornet på forsida vart vunne på ein sanitetsbasar, truleg i 1920-åra. Katharina var nok interessert i helselaget sitt arbeid, og Dokter Alf Sørensen hadde praksis på Ostereidet frå 1906 til 1910. I desse åra var Katharina ein av klientane hans, og han fekk mange fine ting som ho hadde dekorert med kniven. Det er uråd for oss å veta om dette var betaling for konsultasjon eller om det var handel - truleg båe deler. Det var langt frå Saltnes til Ostereidet, så ein reiste ikkje i utrengsmål. Ein kan undrast i det vide og breie kva det var som hadde hendt med henne - ho som svara prosten, neia for kongen og fekk den eine premien etter den andre. Var det seinverknader etter polio, nerveproblem eller andre helsevanskar? Hadde ho spent bogen for høgt i kampen mellom dei store, Gudgjevne evnene ho kjende inni seg, mot vanhelse, uforstand og kald dårskap? Hadde ho berre viljen att, men ikkje krefter? Var det kreftene som svikta, eller motet? Ho reiste heimatt til Saltnes. Kva hadde ho der å gjera? Kva rett hadde ho til å vera der? Faren var kårmann og broren selde garden til framande i 1892. Som enkemann med ein barneflokk drog han frå bygda. Faren døydde i 1904, så ho kom til framande folk. "Sosial omsorg" i gamle dagar Det offentlege hadde inkje ansvar for mennesket sine kår. Kvart individ måtte greia seg som best det kunne, med hjelp av familien på første og kanskje siste delen av livsvegen. Tanken på å verta gamal låg som ei mare over folk. Somme trong kanskje hjelp heile livet, og vart det for ille, laut heile grenda ta eit tak - med legd. Når sonen tok over garden etter foreldra, vart det skrive kårbrev, der det stod kor mykje korn og poteter, kjøt og fisk, smør og mjølk dei årleg skulle ha, attåt husvære og stell når det trongst. Dette gav (i beste fall) dei gamle ein sutlaus økonomi og fridom til å rå seg sjølve. Eit menneske som ikkje kunne verta sjølvføding, kunne "leggjast på jorda", som det heitte. Det vil seia at vedkomande fekk hus og mat som dei andre i familien, men ingen ting for seg sjølv. Ein lyt prøva å tenkja seg inn i korleis det kjendest å "snikja" ved bordet, sjølv om det aldri så mykje var tinglyst at ein hadde rett til å sitja der. Båe desse ordningane var ei bør for eigaren, difor fekk han nedslag i prisen ved gardkjøpet. Slike avtalar var tinglyste, med panterett i garden. "Lagd på Jorda" Då Ingebrigt tok garden etter faren i 1887, skreiv han kårbrev til faren, der det stod opprekna alt han hadde rett på både i og utafor huset. Vidare kan ein lesa i kårbrevet: "Ligeledes forbinder jeg mig til saafremt min vanføre Søster Katharina Nilsdtr. skulde komme i den Stilling at hun ikke kan sørge for sig selv eller ikke ved Giftermaal eller paa anden Maade maatte blive forsørget, da at lade hende have frit Ophold og fri Kost paa Gaarden lige med mig og min øvrige Familie samt, om fornødiges, forsvarlig Pleie og Tilsyn, hvilke Ydelser dog bortfalder, saafremt hun paa anden Maade som ovenfor nævnt maatte blive forsørget." Denne klausulen følgde med ved det eine eigarskiftet etter det andre, i 58 år. Med andre ord: Katharina var "lagd på jorda". Brørne Arne og Mons Natås kjøpte Saltnes i 1914. Arne var utlærd gartnar og dreiv gartneri på garden. Før 1920 bygde dei det huset som Emma og Johannes no bur i. Huset som står ved sida, var truleg bygt i Fuse si tid, men ein veit ikkje når fødesheimen til Katharina vart riven. Brørne delte hus til Mons i 1920-åra vart bureisar på den utskilde parsellen Skjergje. Frå 1927 skulle Mons åleine ha ansvaret for Katharina. Ho hadde då budd hjå han i fleire år. Romet hennar hadde inngang rett frå kjøkkenet, så ho slapp streva seg opp og ned troppa. Der sat ho på golvet med hamar og meisel og hogg laus på den harde steinen. Det vert fortalt at ho fekk gamle gravplater av marmor hjå gravaren på kyrkjegarden, så slapp ho kjøpa det i dyre domar. Skulptøren Ein veit ikkje når ho fekk ideen til marmorrelieffa åt Lindåskyrkja, men 8 av dei var ferdige og vart hengde i koret etter kyrkjevøla i 1935, og to til kom litt seinare. Her er lista over dei - høgre sida: 1) Augustin - Gregor d store - Ambrosius - T Kingo - H
A Brorson
Desse tavlene vitnar om hennar kristensyn, ho kjende det som eit kall å heidra desse mennene - og nokre kvinner innimellom - for den kristne kulturarven som dei i ord og tonar skapte. "Når Gud har gjeve meg desse evnene og denne hugen, så er det vel hans vilje at eg skal bruka dei," kunne ho stundom seia. Ho var sikkert glad for at ho rakk å fullføra dette arbeidet, og glad for at arbeidet hennar vart verdsett. Etter mange år i kulturell isolasjon fekk ho atter kjenna at der var nokon i heimbygda som såg stort på det kunstneriske arbeidet hennar, og det var godt å oppleva, sjølv om det kom seint. Eit siste streif av sol I Bergens Aftenblad for 20.august 1936 skriv Ø.R.L. om "En billed- begavelse i Lindås". Han fortel om tavlene og nemner med få ord all den motgangen Katharina hadde møtt i livet og sluttar med desse kloke orda: "På den annen side er der ingen som idag kan si hvilken kunstnerskjebne som av disse hemmende krefter er penset ut av sin bane." Pensa ut av si bane - var det ikkje nettopp det som vart Katharina sin lagnad? Lindås sokneråd søkte 6.oktober 1936 om at Katharina måtte få Kongens fortenestmedalje, og ein siterer frå søknaden: "Ein fatig krypling, med mykje sjukdom, vanhelsa og kraftløysa og med mange såre vonbrot i livet, det er hennar beiske lagnad. Men ho ber ikkje agg korkje mot Gud eller mennskje og er attpå stor nok til, ueigennyttigt og sjølvgløymande å ofra mange års arbeid til prydnad av Guds hus, den kyrkja der ho er døypt og konfirmera, og som difor er hennar kyrkja. Det var dette me meinte fortente offentleg påskyning." Søknaden gjekk om prost og stiftsdireksjon (fylkesmann og biskop) til H.M. Kongens Hoffmarskalk - og kom same vegen attende, med tildeling. Sokneprest Thorseth gav henne diplom og sølvmedalje ved ei tilstelling i prestegarden den 9.desember. Biskop, prost og dei fleste prestar i prostiet var med. Fylkesmann Lindebrekke sende kvittering til Slottet, og biskop Fleischer skreiv brev til Kongen: "Hun bad mig overbringe hennes ærbødige takk til Deres Majestet. Og jeg vil gjerne få tilføie. at sjelden har fortjenestmedaljen været en mer vel anbragt utmerkelse og påskjønnelse." Etter opphaldet i Eksingedalen er der lite å fortelja om henne. Ho må ha flytta heimatt til Saltnes, og livet vart einsformig. Ho spann for folk, sydde kanskje og. Stundom vart ho henta til ein huslyd for å vøla klede eller laga nye. Der kunne ho verta verande i fleire veker, såleis hjå Eikeberg eller hjå Anders Stene. Ein vinterbolk var ho hjå Anders i Spjeldneset. I ein av desse heimane hadde dei tre fine ting etter henne: Salmediktaren Elias Blix i marmor, kong Haakon i eik og ein trestatue av to av borna til dokter Widerø. Men slikt arbeid dreiv ho berre med når ho var heime på Saltnes. Først og fremst fekk ho hus og mat så lenge det varde. Kanskje tente ho seg og nokre skillingar på desse turane, og det kom vel med. Store krav sette ho ikkje til levemåten, men litt pengar trong ho. Ein gong i 1930-åra då Martin Natås var dreng i gartneriet, batt han inn 12 årgangar av eit blad ho abonnerte på, han meiner det var "Menneskevennen" det heitte. Vanlegvis gjekk ho i rundsko (kalla hussko, sydde av heimebarka hud, ingen skilnad på høgre og venstre sko, slike var den gongen vanleg fotbunad på Strilelandet) og dei varde dobbelt så lenge åt henne som åt andre. Sidan ho stort sett berre steig på høgre foten, unne ho byta skorne og fordela slitasjen. "Nokon må kvessa jødno (jarna) mine," kunne ho stundom seia. Knut Spjeldnes gjekk stundom i lære hjå henne, og det førde til at det vart han som fekk overta treskjerarutstyret hennar då ho ikkje kunne meir. Jarna var i eit futteral, og dei er framleis i bruk på hobbybasis. Ei jente som stundom stakk innom til tanta si medan Katharina var der og hjelpte til, tykte at Katharina var bisk og sur, så ho ville heller gå til tante når ikkje Katharina var der. Johannes Natås (fødd 1920, son til Arne som kjøpte bruket i 1914) fortel om Katharina slik han minnest henne: "Som 12-åring hugsar eg Katrine Saltnes. Ho budde hjå oss om lag eit år (på den tid budde ho til vanleg i Skjergje) og hjelpte til med ymse arbeid i huset. Me var 4 halvvaksne born då, og far dreiv med hagebruk i tillegg til vanleg gardsbruk, så det vart ofte travelt. Ein gong me borna kom gåande i vegen attmed hagen, sat Katrine på ein krakk og plukka solbær. Ho ropa på oss at me måtte vera med og hjelpa til, det var ikkje snakk om å sluntra unna. "De må læra å gjera gagns arbeid no," hugsar eg ho sa. Og ho fortalde om turar ho hadde vore med på, til Kristiania, Kjøpenhavn, og det aller gjævaste var då ho fekk koma på slottet i Stockholm og tala med Kong Oscar II. Ein gong eg gjekk eit ærend for henne, fekk eg ein liten mynt av gull av henne, den var innpakka i eit kvitt papirark, og utanpå var det skrive med skjelvande hand: "Lykkeskilling". Ho fekk den gode, gamle opplæringa at alle som på nokon måte greidde å arbeida, skulle gjera nytte for seg, og det praktiserte ho sjølv og. "Her skal du sjå," sa ho ein gong til meg: "Rett vestanfor huset dykkar, der stod huset som eg er fødd og oppvaksen i. Men det var nok ikkje så stort og kvitmåla som dette huset du bur i no." Eg undrast mange gonger over at ho kunne smila og le og ha så godt humør når det var så vondt for henne å gå. Dette var i 1930-åra. Då brukte ho noko dei kalla for Rundsko, det vil seia at dei kunne brukast av båe føtene, det var ikkje noko som heitte rett og rangt (slike sko har vore i bruk i uminnelege tider, i alle høve på indre Vestlandet, men i 30-åra var dei nok meir sjeldsynte). Som ho sjølv sa: "Den eine foten bruker eg ikkje noko serleg", (og dermed varde dei dobbelt så lenge). Nokre år seinare kom eg inn i stova hennar då ho budde hjå Mons Natås. Ho sat og arbeidde med marmorrelieffa som no heng på veggen i Lindåskyrkja. Der låg nokre bøker på bordet, mellom dei to gamle salmebøker med små bilete av våre fremste salmediktarar. "Korleis kan du få til å laga så fine bilete med hamar og meisel når hendene dine skjelv så mykje?" Ho lo litt og sa: "Eg er no ingen nybegynnar, men må vera trottig så eg vert ferdig med dette arbeidet før eg fer her i frå." Ja, eg beundra henne ofte kor onnig og flink ho var i alt sitt arbeid. "Ja, dette var noko eg minnest om ei energisk og sermerkt kvinne," slutta Johannes Natås, som er fødd og oppvaksen på Saltnes. "Før eg fer her i frå" - ja, det vart lenge for henne å venta på den dagen. Siste året var ho sengeliggjande, og det var for det meste Bergitta, kona i huset, som stelte henne. Mai 1945 - med jubel og salutt, med fest og glede, med eit yrande folkeliv - folk hadde nok med å feira fridomen, og det var vel ikkje mange som gådde at ho Katharina var faren. 11.mai 1945 la ho ned vandringsstaven, over 83 år gamal. Nordahl Rolfsen skreiv i 1872 dikt om "De uberømte". Me låner nokre liner der både Katharina og dei som på denne måten vil heidra hennar minne er med: "Eder, hvis navne / ei for mængden funkle,
|
|
Katharina Saltnes ca. 1940 |
|