| Kongens Fortenestemedalje til Katharina Saltnes |
|
Til Kongen. Søknad om Kongens Fortenestemedalja til frk. Katharina Saltnes På møte i Lindås sokneråd 6. oktober sl. vart det gjort sovore samrøystes vedtak: "Katharina Saltnes har gjeve Lindås kyrkja 8 marmorrelief av kjende salmediktarar - som gåva. Då soknerådet ikkje på onnor vis kan takka henne som det høver, eller gi henne noko vederlag for denne store, gilde gåva, vil me søkja om Kongens Fortenestemedalja for henne og legg på formannen å ordna med det." Meddi ein viser til dette vedtaket, ber ein hermed fram vyrdsamt denne søknaden om Kongens Fortenestemedalja til frk. Katharina Saltnes, buande i Lindås, og skal då få lov å koma med fylgjande oplysningar: Katharina Saltnes er fødd i 1862 i Lindås prestegjeld. Som morlaus 4 åring fekk ho poliomyelitt og har sidan vore krypling og gjenge på krykkjor. Alt i 10 årsalderen synte ho kunstnargjevnad. Ho modellera eit Kristus-bilæte i leir, hogde ut figurar av pannesteinar og laga relief av tavlestein etc. Ein hard nervefeber sette henne mykje attende både lekamleg og åndeleg, men hennar gode vener, prost Hveding og døtrene hans tok seg av henne, so ho kom seg til att. Prosten sytte ogso for at ho fekk eit 6 vikors kurs på Fylkesskulen. Her på skulen skar ho i tre, millom anna eit bilæte av styraren, Mo. I 30 årsalderen kom ho på treskjerarskulen i Kinsarvik og var der 1 år. Der skar ho millom anna ut eit skrin som kom til Danmark og fekk sylvmedalja. Med enkjedronning Josefines legat for vanføre på kr. 200,00 kom ho til Oslo, til Frølich sin skule på Ljan. Der råka ho bilæthoggaren Skeibrok, som straks vart klår over hennar framifrå kunstnargjevnad og fekk henne inn på Den Kgl. Kunst og Arbeidsskule i Oslo. Her tok ho då for ålvor til med modellering. Ho var i Oslo i 4 år, men fekk so stipend for å reisa til Den Tekniske Skule i Stockholm. Fru statsminister Gram tok seg no av henne. I 10 månader var ho på denne skulen, skar i tre og modellera. Eit treskurdarbeid av henne vart kjøpt av prins Karl og ein utskoren ølbolle av kong Oscar II. Då pengane tok slutt, fekk ho bu hjå fru statsminister Gram på Ministerhotellet i Stockholm for å kvila seg utover sumaren, og då hausten kom fekk ho reisepengar heim av fru Gram. Ei tid hadde ho no Torkildsens legat for vanføre på kr. 600,00 pr. år - og det var ei stor hjelp. Men so ein dag fekk ho brått og heilt uventa bod om at no kunde ho ikkje få det lenger. Dette tok so på henne at ho fekk eit nervesjokk - og sidan har ho vore skjelvhendt og veik. Men kunstnarhåtten - og hugen miste ho ikkje. Ho har sidan hoggt mykje i marmor, og so underlegt er det, at når ho arbeider med det, skjelv ho ikkje på handi. Endå det er svært uvande og mykje ulaglege reidskapar ho har å hjelpa seg med, har ho skapt små meisterverk, segjer folk som skynar seg på det. Ho er no kårtakar på den tidlegare farsgarden sin. Her må ho hjelpa til med ymse arbeid, spinning og spyting etc. Men i fristundene og utover kveldane og nætene er kunstnaren i arbeid med marmoret. Og noko av resultatet av mange års mødesamt arbeid på denne måten er dei 8 marmorrelief, som ho gav Lindås kyrkja til 70 årshøgtidi i 1935. Ein fatig krypling, med mykje sjukdom, vanhelsa og kraftløysa og med mange såre vonbrot i livet, det er hennar beiske lagnad. Men ho ber ikkje agg korkje mot Gud eller menneskje og er attpå stor nok til, ueigennyttigt og sjølvgløymande å ofra mange års arbeid til prydnad av Guds hus, den kyrkja der ho er døypt og konfirmera, og som difor er hennar kyrkja. Det var dette me meinte fortente offentleg påskyning. 5. novbr. 1936 Med høgvyrdnad O.A Thorseth Form. Sokneprest. (sign.)
Gjeng vyrdsamt til Bjørgvin stiftsdireksjon med mi beste tilråding. Det vilde vera mykje gildt um ho kunde få denne offentlege påskyning. Nordhordland prosti den 6. november 1936. Nils Røed (sign.) 7 NOV. 1936
Går til H.M.Kongens Hoffmarskalk. Stiftsdireksjonen råder til på det beste at søknaden vert imøtekomen. BJØRGVIN STIFTSDIREKSJON den 11 november 1936. G Lindebrække Andreas Fleischer
Underskrivne biskop som personleg kjenner Frøken
Katarina Saltnes, vil på det varmaste telja Til at ho fær fortenestemedalja.
Hennar Kunstnargivnad, karakter og energi er noko heilt eineståande.
Fra H. M. Kongens Hofmarskalk. Oslo Slot den 27.11. 1936
Til Bjørgvin Stiftsdireksjon
Man tillater sig herved at meddele, at H. M. Kongen under 25. ds. Har tildelt Frøken K. Saltnes Høistsammes fortjenstmedalje i sølv. Diplomet, der vedlegges, tør man be vedkommende tilstillet sammen med medaljen, som følger i særskilt pakke. (J.nr. 3523/36) P.A. Wedel Jarlsberg (sign.)
30 NOV. 1936
Sendes med diplomet og medaljen herr prosten i Nordhordland prosti. Man tør anmode herr prosten om selv eller gjennem sognepresten i Lindås å sørge for overrekkelsen ved en passende anledning. BJØRGVIN STIFTSDIREKSJON den 3. desember 1936.
G. Lindebrække Bjarne Knudsen (sign.)
vik. (sign.)
Sendes med den medaljen til sognepresten i Lindås, hvem man ber å overrekke medaljen til frk. Saltnes. Nordhordland prosti den 8. desember 1936. Nils Røed (sign.)
Går vyrdsamt attende til Bjørgvin Stiftsdireksjon. Fortenestemedalja til frk. Katharina Saltnes er med takk motteki og overrekt henne i Lindås prestegard 9. desbr., der biskop, prost og dei fleste prestar i prostiet var tilstades. Frk. Saltnes har bede meg bera fram ei hjarteleg takk for denne påskyning, som ho set svært stor pris på, og eg tillet me å bera hennar takk fram på denne måten. Lindås prestegard 11. desbr. 1936. O. A. Thorseth. (sign.) 12 DES 1936
Sendes H.H. Kongens Hoffmarskalk idet man tør henvise til foranstående. BJØRGVIN STIFTSDIREKSJON den 21. desember 1936. p.d.v. G. Lindebrække (sign.)
Hans Majestet Kong Haakon VII
Deres Majestet! Ved mitt besøk forleden i Lindås i anledning av kirkevigslen av Hundvin kapell, fikk jeg også den glede å overvære utdelingen av Deres Majestets fortjenestemedalje til Catrine Saltnes. Hun er nu 74 år gammel og meget svak og skrøpelig. Men hun er en fremragende treskjærer, modellør og billedhugger. Som det dypt kristelige og kirke-elskende menneske hun er, har hun også skjenket flere vakre portrettrelieffer i marmor til Lindås kirke, - portrettrelieffer av Kingo, Brorson, J.N. Brun, Landstad og Blix og flere, i alt 8 salmediktere. Hun bad mig overbringe hennes ærbødige takk til Deres Majestet. Og jeg vil gjerne få tilføie, at sjelden har fortjenstmedaljen været en mer vel anbragt utmerkelse og påskjønnelse. Bergen, den 11. Desember 1936. I ærbødighed
Deres Andreas Fleischer (sign.)
|
| Til forsiden |