Bergensposten 2000

Sidan 1998 har Statsarkivet i Bergen laga "Bergensposten". Vi har hatt eit ønske om å presentere stoff om institusjonen, og frå institusjonen sine samlingar. I år 2000 er Bergen kulturby, og det var då naturleg å sjå om vi hadde stoff som kunne passe inn i ei slik ramme. 

I 1996 presenterte Astrid Utne Sørensen oss for Katharina Saltnes (1862-1945), vanfør kunstnar frå Lindås, og vi fekk eit eksemplar av det heftet ("En kvinneskjebne") ho hadde laga om henne. I løpet av nokre månader dukka det opp fleire andre som hadde oppdaga og vorte fascinerte av Katharina Saltnes. Teksten i heftet til Astrid Utne Sørensen om Katharina vart lagt ut på internett, og stadig fleire melde seg, og hadde noko å fortelje eller å spørje om. Vi såg at det opp gjennom åra var laga fleire artiklar om henne, men ho hadde ikkje fått omtale i Norsk kunstnarleksikon, og vi syntest ho fortente meir.

I 1998 vart vi difor samde om at det ville vere rimeleg om vi gjorde eit forsøk på å samle stoff om Katharina, for gjennom det å skaffe henne eit lite minnesmerke. Og då kom vi til at kvinnedagen i kulturbyen Bergen i kulturåret 2000 måtte vere rett stad og rette tidspunktet. Vi fekk danna ei gruppe med interesserte, som alle ville ta del i arbeidet med å samle stoff og skrive det ut. Denne gruppa bestod av Åse Eikemo Strømme, Berit Vetlejord, Asbjørn Åsgard og Astrid Utne Sørensen, som kvar for seg hadde vorte interesserte i historia til Katharina. Vi har vore samde om at vi i heftet vil ha fram dei personlege opplevingane vi har hatt i møtet med det Katharina Saltnes har laga. Stoffet om Katharina Saltnes vert hovudelementet i Bergensposten 2000, men vi har i tillegg prøvd å finne fram til stoff som kan passe for utgjeving på kvinnedagen.

Det heftet vi har laga no ville ikkje vorte til om det ikkje var for Astrid Utne Sørensen. Eg vart kjend med henne då ho kom på lesesalen i 1993 i samband med at ho arbeidde med ei slektshistorie. Ho imponerte. Engasjementet, iveren og arbeidsgleda var eksepsjonell. Legg vi til at ho eigentleg er kommen i ein alder der dei fleste må ta det meir med ro, vert ikkje innsatsen mindre imponerande. I tillegg har ho ei fantastisk utstråling og ein varme som alle som vert kjende med henne må oppdage. Og ho har ikkje imponert mindre i åra som har gått. Kvart einaste år har ho vore engasjert i eit nytt prosjekt, og levert oss eit nytt hefte, og emnene vitnar om at interessene spenner vidt! 

Astrid Utne Sørensen vart student i 1931. Ho hadde hatt eit ønske om å studere medisin, men faren ville ikkje sleppe henne til Oslo som student, og då vart det realfag i Bergen i staden. Frå 1932 til 1935 studerte ho botanikk, kjemi og zoologi ved Bergen Museum som einaste kvinne. Men om ho ikkje fekk studert medisin ved Universitetet, vart ho gift med ein lege og gjennom hans mange år som distriktslege "doktortaus" med mange oppgåver knytta til legepraksisen. 

Åse Eikemo Strømme og Berit Vetlejord fortel om den tida Katharina Saltnes var i Eksingedalen. Asbjørn Åsgard har arbeidd med skulesoga for Lindås, og har funne fram til mykje stoff om Katharina, og presenterer livshistoria hennar.

Vi har fått løyve til å trykke opp at eit intervju cand. theol. Olav Bruknapp hadde med Katharina Saltnes i 1937, og som i si tid stod på trykk i tidsskriftet Kristen Ungdom. Det er einaste staden vi finn at ho sjølv har fått fortelje om sitt liv og sin kunst.

Katharina Saltnes fekk Kongens Fortenestemedalje i 1936, og vi har henta fram teksten frå søknaden og saka om utdelinga av medaljen, slik den ligg i arkivet på Slottet. I søknaden fann vi nye opplysningar, og fekk stadfesta gamle.

Christopher John Harris har arbeidd med stoffet som gjeld ei av dei svartare sidene ved Bergens historie, soga om prostitusjonen på 1800-talet. Vi har fått trykke ein artikkel han skreiv i 1984. Den har ikkje tidlegare vore på trykk, og var oppstarten på eit prosjekt som kjem til å ende som ei bok.

Bjørn Davidsen og Yngve Nedrebø har funne fram stoff om ei anna gruppe på skuggesida, dei spedalske. Bergen har hatt hospital for leprapasientar i fleire hundre år, og det var i Bergen ein på 1800-talet arbeidde med å finne løysinga på gåta om sjukdommen. Gerhard Henrik Armauer Hansen (1841-1912) er mannen som fann leprabasillen, og som har gjeve opphav til det vitskaplege namnet på sjukdommen Hansens disease. Men i mai 1880 måtte han stå til rette i Bergen byrett for sine eksperiment på pasienten Kari Nilsdatter Spissøen, og det enda med at han vart frådømd stillingen som lege ved pleiestiftelsen (men fekk halde fram som overlege for den spedalske sygdom, men utan pasientar). Vi har vore forundra over dommen, og har sett nærare på kva som skjedde, for å sjå om vi kunne finne ut kven som stod bak den drastiske avgjerda.

Spørsmålet om allmenn stemmerett for kvinner var aktuelt i åra rundt 1900, og Synøve Bringslid har funne fram stoff om aktørane i kampen for kvinneleg stemmerett. Kampen resulterte i at Noreg i 1913 vart det tredje land i verda som fekk allmenn stemmerett for kvinner.

Vi har fått avlevert arkivet til Bergen Gymnastforening, som i 1999 var 100 år. Jorunn Nerby Vannes, tidlegare rektor ved Fysioterapihøgskulen i Bergen, har ordna og stått for avleveringa av arkivet, og ho presentert no foreininga i ein artikkel.

Vi takkar alle medarbeidarane! Og vi sender ut heftet i håp om at det vil kunne vere til glede.
 
 

Yngve Nedrebø
Til forsiden