Frå Skandinavias
største by til strilane sin hovudstad. Om folketalsutvikling og
befolkningsgrupper i Bergen 1600-1900
Bergen var hovudstad og geografisk sentrum for det store norske nordatlantiske riket - "Noregsvelde" - på 1200-talet. Riket strekte seg frå Grønland i vest over Island, Shetland, Færøyane og Orknøyane, med krav på trona i Skotland, og med sterke band til Man og delar av Nord-England. Då kong Eirik Magnusson døydde i 1299 gjorde den etterfølgjande kongen, Håkon Magnusson, Akershus, Oslo og Østlandet til sentrum i sitt kongedøme. Sverige, Danmark og Østersjøen kom i fokus for norsk utanrikspolitikk.
Samtidig vart dei vest-norske stormennene - dei reelle herskarane under kong Eirik - svekka, og mannen som hadde leia den sør- og vestvende utanrikspolitikken, Audun Hugleikson, hengd på Nordnes i 1302.
Endringane rundt år 1300 kom nok til å svekkje dei norske interessene mot vest, og gjennom det stillinga Bergen hadde. Men trass i at maktinstitusjonane vart flytta, kunne Bergen likevel halde plassen sin som Noregs største by gjennom meir enn 500 år, heilt fram til 1830-talet.
Alt før byen tapte den nasjonale sentrumsfunksjon vart Bergen ein viktig Hansaby. Og posisjonen som eit sentrum i handelen i Nordsjøområdet kunne erstatte dei andre tapa. Mot slutten av mellomalderen var Bergen ein av dei aller viktigaste byane i Hansaen, kanskje den viktigaste. Då var Bergen òg utan tvil ein av dei største byane i heile Skandinavia.
Den første folketeljinga i Noreg - og Bergen - var i 1769. Då budde det vel 13 600 personar i Bergen, og vel 115 100 i stiftet.
For å finne ut noko om folketalet tidlegare må vi bruke modellar og rekne oss fram ved hjelp av kjelder som ikkje primært skal gje oppgåver over folketalet. Då vert det rom for diskusjon, og tala vi kjem fram til vil være omtrentlege. Men ved å sette saman ulike kjelder trur eg det skal vere mogeleg å komme svært nær dei rette svara.
Den andre hovudtemaet som skal
drøftast er korleis den bergenske befolkninga var sett saman frå
først på 1600-talet og fram til noko etter 1900. Vi skal sjå
litt på det demografiske samspelet mellom Bergen og utlandet, og
mellom Bergen og det tilgrensande omlandet.
KJELDENE
Kjeldene mine er dei databasane
vi i Statsarkivet i Bergen gjennom dei siste åra har vore med på
å byggje opp på grunnlag av kyrkjebøkene for Bergen,
borgarboka, ein del skattemanntal frå 1600-talet, samt edb-utgåver
av folketeljingane for Bergen 1875 og 1912, og statistikken frå hovudoppgåva
mi "Fra Jølster til Bergen" (1979).
I. FOLKETAL
I litteraturen om Bergen finn vi mange overslag over folketalet i byen frå mellomalderen og opp til 1700-talet: Dei fleste og dei nyaste har om lag dette innhaldet: "Fram til byrjinga av 1700-tallet nådde folketalet aldri over 10000". Om perioden fram til 1600 seiest det at "Bergen på den tida neppe hadde mer enn 6-7000 norske innbyggere" - i tillegg til 1000 - 2000 tyskarar. Til grunn for dette synet ligg stoffet i bind to av Bergen bys historie, gjeve ut i 1979 og med Anders Bjarne Fossen som forfattar.
Andre synsmåtar har vore framme. Troels-Lund brukte tala over borgarvæpninga i 1599, der det heiter at væpninga i Bergen omfatta 3000 mann. Han meinte det var uråd å tenkje seg at meir enn kvar femte ibuar kunne vere med i væpninga - og postulerte at Bergen var "afgjort Nordens største By", og med minst 15000 ibuarar. Einar Lexow brukte statistikken til borgarboka og kom fram til 16000 ibuarar i 1600. Desse aritmetiske øvingane har vore neglisjert av meir moderne historikarar. Ein kan nok ha innvendingar mot dei premissane dei har lagt til grunn, men eg trur konklusjonane er rette.
Biletet vi får av folketalsutviklinga i Bergen bys historie er at folketalet i byen har vore i svak, men nær jamn vekst: folketalet midt på 1600-talet skal ha vore på knapt 9000. 10000 vart nådd tidleg på 1700-talet, med 13600 ibuarar ved folketeljinga i 1769 og 18000 i 1801. Då kom eit tilsynelatande uforklårleg fall fram mot 1815, med folketal nede att i vel 16000. Eg vil heilt avvise ei slik skisse.
Eg trur ein som Troels-Lund og
Lexow må rekne med eit folketal kring 15 000 først på
1600-talet, og i staden for jamn vekst gjennom dei to hundreåra etter
1600 meiner eg folketalet har lege på eit tilnærma stabilt
nivå til lenge etter 1800. Rett nok er det eit stabilt nivå
med raske svingingar på fleire tusen i begge retningar. Desse svingingane
har å gjere med epidemiar, endringar i økonomiske tilhøve
og talet på arbeidsplassar. Men rammene var heile tida dei same,
og folketalet fann rimeleg fort attende til det tidlegare nivået.
Kyrkjebøkene som kjelde
Den beste kjelda ein kan ha til analysar av folketal og folketallshistorie er kyrkjebokmaterialet. Eg har delt inn materialet for Bergen etter sokn og tiårsperiode. Dei mange brannane i Bergen har øydelagt mange kyrkjebøker. Det vi har att er materiale attende til 1660-åra for Nykirkesoknet, frå 1670-talet òg for Korskirken, medan det praktisk talt ikkje finst noko frå Domkirken før godt etter 1700. Vi har eit materiale som omfattar fødslar, giftarmål og dødsfall.
Demografiske variablar som fødselsrate og vigselsrate kan ein ved modellar, og ved å vise til faktiske observasjonar i ulike delar av verda i dag, kunne slå fast ligg innanfor relativt tronge og faste rammer.
På 16- og 1700-talet kan vi rekne med at det årlege tallet på viglser i snitt vil vere mellom 8 og 9 promille av folketalet. I kortare periodar, og særleg etter år med høge dødstal, kan ein nok ha nærma seg ein prosent.
Vi må rekne med at det har vore rundt 35 fødslar for kvar 1000 ibuarar i Bergen i same perioden. Det stemmer bra med det talet vi får ved å dividere fødselstal på folketal ved folketeljingane i 1769 og 1801. Det ligg òg nær det som kan oppfattast som normalt nivå i norske byar og bygder på 1600-eller 1700-talet. Avvik må vi sjølvsagt rekne med, som når fødselsrata under store Nordiske krig (1709-1720) fall sterkt. Det er ikkje så underleg når vi må rekne med at eit par tusen av dei vaksne mennene i byen var utkommanderte og at dei borte i innpå 10 år.
Dødsfalla var den variabelen
som var minst stabil. Her kan tala for dei enkelte år svinga frå
rundt 2% opp til 5-6. I heilt ekstreme situasjonar kunne det og komme langt
høgare, heilt opp til 25-30%. Demografane reknar det som kriseår
om talet på dødsfall i eit år stig over 5% i høve
til folketalet. I dei åra vi har dekte av kyrkjebøker i Bergen
finn vi slike demografiske kriseår i 1675-76, 1695-96, 1741, 1749
og 1763, da mortaliteten synest å ha vore mellom 5 og 9%. Peståra
tidleg på 1600-talet hadde langt høgare ratar, men det skal
eg komme attende til.
Giftarmåla i Bergen
Statistikk over giftarmåla
i Bergen finn ein i tabell 1. I 1670-og 1680-årene finn vi i bøkene
for Korskirkesoknet rundt 40 giftarmål i året, medan det i
bøkene for Nykirkesoknet i snitt var rundt 45 kvart år. I
"copulations-regnskapene" som ligg som del av konsumptionsrekneskapet i
Rentekammeret, får vi tal for Bergen samla for ein del år på
1680-talet. I 1684 vart 155 vigsler registrerte og avgiftsførte.
TABELL 1. Vigde par i Bergen
1668-1815 i årleg snitt for kvart sokn delt inn etter tiårsperiode
(periodar merka * byggjer på observasjonar for berre enkelte år).
| Periode | Domkirken | Korskirken | Nykirken |
| 1661-1670 | 48,0* | ||
| 1671-1680 | 38,9* | 41,0* | |
| 1681-1690 | 41,3 | ||
| 1691-1700 | 39,3 | ||
| 1701-1710 | 68* | 46,2 | |
| 1711-1720 | 61,1* | 47,2 | 62,0 |
| 1721-1730 | 60,8 | 44,1 | 47,2 |
| 1731-1740 | 66,8 | 40,7 | 45,9 |
| 1741-1750 | 58,8 | 45,0 | 52,9 |
| 1751-1760 | 53,4 | 42,9 | 44,6 |
| 1761-1770 | 44.3 | 38,4 | 31,1 |
| 1771-1780 | 39,1 | 34.3 | 29,0 |
| 1781-1790 | 50,3 | 51,1 | 42,0 |
| 1791-1800 | 62,0 | 52,6 | 40,0 |
| 1801-1810 | 55,8 | 59,4 | 38,1 |
| 1811-1815 | 58,8 | 75,8 | 41,2 |
Etter det vi alt har sagt om samanhengen mellom vigselstal og folketal, og reknar med 9 promille til 1 prosent vigsler per år, finn vi at folketalet i Nykirkesoknet må ha vore godt over 4500, i Korskirkesoknet godt over 4000, det samla folketalet synest å ha vore godt over 16000.
Her må vi skyte inn ein liten reservasjon. To av dei tre hovudkyrkjesoknene i byen hadde med ein del folk som budde utanfor sjølve bygrensa: Domkirkesoknet omfatta eit landsokn (Nygård, Lungegården til Kalfaret) og Askøy, Korskirkesoknet hadde Sandviken som landsokn. Askøy gjekk ut i 1741, landsoknene vart innlemma i byen i 1877. Men det var slett ikkje så mange hundre som budde i dei landlege delane av bysoknene, slik at det ikkje har stor rolle å spele for våre totaltal.
Samanliknar vi talet på vigsler frå siste tredel av 1600-talet med tiårsperiodane utover på 1700-talet får vi sjå utviklinga over tid. Høgast nådde tala på vigde i åra rundt 1720 (soldatar og matrosar kom heim etter år ute i krig), med eit årssnitt på rundt 170, før det kom eit svakt fall fram mot 1750 (150 vigsler i snitt), og eit kraftig fall ut gjennom 1760- og 1770-åra (114 og 102 vigsler i årssnitt). Frå 1780-talet kom det ny vekst fram mot 1800. På 1790-talet nådde vigselstalet på ny 150, nivået vi observerte hundre år tidlegare.
Fødselstala, presenterte i
tabell 2, viser oss om lag det same biletet. Kyrkjebøkene frå
siste tredel av 1600-talet viser oss rundt 150 døypte i året
i Korskirkesoknet, knapt 140 i året i Nykirken. Går vi fram
til åra rundt 1800 finn vi i KK noko høgare tal (170-180),
medan tala i Nykirkesoknet då var nede i rundt 130. Men summen av
tala for dei to soknene viser berre minimal skilnad frå 1680-åra
til åra rundt 1800.
TABELL 2. Døypte 1671-1815
i Bergen i årssnitt delt inn etter tiårsperiode og sokn (periodar
merka * byggjer på observasjonar for berre enkelte år).
| Periode/sokn | Domkirken | Korskirken | Nykirken | Mariakirken |
| 1661-1670 | 134,0* | |||
| 1671-1680 | 138,0* | 139,2* | ||
| 1681-1690 | 164,0 | |||
| 1691-1700 | 147,4 | |||
| 1701-1710 | 132,7 | 149,7 | ||
| 1711-1720 | 168,0* | 120,9 | 131,0 | |
| 1721-1730 | 178.7 | 124,4 | 146,3 | |
| 1731-1740 | 190,0 | 138,5 | 138,1 | |
| 1741-1750 | 179,6 | 136,9 | 162,4 | 2,8 |
| 1751-1760 | 190,0* | 145,8 | 153,9 | 4,2 |
| 1761-1770 | 180,8 | 134,7 | 128,3 | 8,5 |
| 1771-1780 | 144,2 | 113,1 | 100.9 | 15,0 |
| 1781-1790 | 174,9 | 151,2 | 127,4 | 14,0 |
| 1791-1800 | 213,8 | 174,3 | 134,0 | 11,1 |
| 1801-1810 | 210,7 | 180,6 | 125,3 | 11,3 |
| 1811-1815 | 175,4 | 187,0 | 121,0 | 12,2 |
Ut frå desse observasjonane vil eg hevde at vi kan vi slå fast at folketalet i Bergen på 1680-talet var minst 16 000. Det synest ha vore ein svak vekst i åra fram til rundt 1720, då byen truleg hadde mellom 18 og 20 000 innbyggjarar. Dei neste om lag 20 åra kan ikkje folketalet ha endra seg stort. Men frå 1740-talet kom ein merkbar nedgang, og med eit kraftig fall i første del av 1770-åra. Då trur eg folketalet kan ha vore heilt nede mot 12000. 1769-teljinga med sine 13600 innbyggjarar viser oss difor byen med eit raskt fallande folketal, ikkje stigande slik ein har trudd. Mellom 1740 og 1780 trur eg byen fekk redusert folketalet med 5-6000!
Ein god illustrasjon kan vi få om vi ser på talet på matrosar i Bergen. I 1715 var det nesten 1600 rulleførde matrosar i Bergen, vel 50 år seinare var talet berre litt over 600! Nesten 1000 arbeidsplassar vart borte berre i dette eine yrket! Mange av matrosane hadde familie, slik at ein berre innan denne yrkesgruppa truleg må rekne med ei nedgang i folketal på minst 2-3000.
I siste del av 1770-åra kom det ein kraftig økonomisk oppsving i Bergen som følgje av den nordamerikanske fridomskrigen. Det gav nye arbeidsplassar, ei bølgje av innflytting, og som vi har sett kraftig auke i talet på giftarmål i 1780-åra. I Domkirkesoknet ligg talet på giftarmål i 1780-åra 29% over talet frå tiåret før, i Nykirkesoknet 45% prosent over, og i Korskirkesoknet heile 49% over. Litt forseinka i høve til vigslene kom det - som rimeleg er - ei kraftig auke i talet på fødslar, og i 1790-årene nådde talet på fødslar i Korskirkesoknet opp att på nivået frå 1680-åra, og når ein kjem fram til 1801-telljinga viser den eit folketal på vel 18000.
Veksten held fram til rundt 1805, då vi må tru folketalet låg rundt 19 000. Men då var ein på full fart inn i ei krise, og blokade og krig hemma byen fram til 1814.
Utviklinga i åra frå
1811 til 1815 viser at Korskirkesoknet utvikla seg annleis enn dei andre.
Mykje av forklaringa synest ligge i at Korskirken var kyrkje for garnison
og soldatar, og at det var samla mange gifte soldatar i Bergen gjennom
krigen.
Kva kan statistikken over dødsfall vise?
Talmaterialet over dødsfalla i Bergen er å finne i tabell 3. Denne statistikken kan ikkje på same måte som dei to andre brukast til å estimere folketalet, men kan forklåre det vi har funne om folketalsutviklinga i byen. Tabellen viser at det i snitt døydde mellom 595 og 660 personar i Bergen kvart år i dei ulike ti-årsperiodane.
I perioden 1740-1780 har vi meint
å kunne vise at folketalet i byen var på veg ned. Reduksjon
i folketalet kjem om ein ikkje kan erstatte fødselsunderskott med
innflyttarar. Fleire harde epidemiar herja Bergen og storparten av Noreg
midt på 1700-talet. Mellom 1741 og 1780 var det i Domkirkesoknet
3490 fleire dødsfall enn fødslar, i Korskirkesoknet
1950 fleire dødsfall, i Nykirkesoknet minst 1000 fleire
dødsfall. Det har difor vore meir enn 6400 fleire dødsfall
enn fødde i Bergen gjennom desse åra. Vi har rekna med eit
fall i folketal på mellom 5 og 6000 i same periode. Er tala våre
rette, har netto innflytting til Bergen i denne perioden berre vore
rundt 1000.
TABELL 3. Døde 1661-1815
i Bergen i årssnitt delt inn etter tiårsperiode og sokn (periodar
merka * byggjer på observasjonar for berre enkelte år, # er
åra tala for St. Paul kyrkjegard manglar).
| Periode / sokn | Domkirken | Korskirken | Nykirken | Mariakirken | St. Jørgen |
| 1661-1670 | 171,0 | ||||
| 1671-1680 | 144,0 | 136,0 | |||
| 1681-1690 | 144,4 | ||||
| 1691-1700 | 183,2 | 105,0# | |||
| 1701-1710 | 111,0* | 109,0 | 100,5# |
| 1711-1720 | 195,0 | 105,6# | |||
| 1721-1730 | 221,7 | 130,0 | 101,5# | ||
| 1731-1740 | 271,2 | 153,0 | 114,1# | ||
| 1741-1750 | 299,6 | 196,7 | 129,4# | 5,1 | 35,0 |
| 1751-1760 | 255,2 | 172,2 | 117,5# | 6,9 | 42,0 |
| 1761-1770 | 270,2 | 181,5 | 159,0 | 6,7 | 45,6 |
| 1771-1780 | 220,7 | 177,6 | 138,6 | 12,4 | 45,0 |
| 1781-1790 | 239,2 | 188,4 | 156,4 | 13,6 | 45,0 |
| 1791-1800 | 264,6 | 188,1 | 137,7 | 11,6 | 37,4 |
Den framstillinga eg har gjeve av folketalsutviklinga i Bergen mellom 1660-åra og 1800 avvik berre i liten grad frå det vi finn som det normale i Vest-Europa i denne perioden. Ein reknar her med noko nær stillstand frå 1500-talet til midten av 1700-talet, men med ein viss vekst frå andre halvdel av 1700-talet. Det same finn vi i store delar av Vest-Noreg, der folketalet synest å vere på om lag det same nivå i 1801 som i 1660-åra. I Bergen har det først og fremst vore internasjonale konjunkturar som gjennom regulering av talet på arbeidsplassar har gjeve rammene for folketalet.
Til studiet av folketalsutviklinga i Bergen i første del av 1600-talet har ein få gode kjelder. Vi har koppskattmanntalet frå 1645, nokre andre skattemanntal, borgarboka, eit par hustakseringar (1645 og 1657), og opplysningar om herjingane til pesten.
Koppskattmanntalet vart teke opp i 1645-46 og skal i teorien omfatte alle personar i byen som var over 15 år. Set ein seg ned og lagar utrekningar på grunnlag av manntalet for Bergen kjem ein fram til eit overslag på berre rundt 9000.
Men spørsmålet må vere: kor langt kan ein stole på skattemanntala som kjelde for eit studium av folketal?
Eg har henta fram nokre alternative kjelder, og desse viser klårt det usikre i koppskattmanntala. I 1627 vart det lagt avgift på produksjon av øl og bruk av malt i byane. Denne avgifta vart kalla garnisonstoll. Eg har registrert garnisonstollen i Bergen hausten 1645. Nesten 30 % av dei som betalte garnisonstoll i Bergen er ikkje nemnde i koppskattlista frå same året. Heile 28 % av namna i sakefallslistene for 1645 manglar listene over koppskatten. Og dei personane vi har funne i sakefall og garnisonsskatt var vaksne og sjølvstendige individ. Det er den gruppa som ein skulle tru var best representert i skattemanntala.
Eg ser det difor ikkje som noko problem at vi ut frå koppskattlista i 1645 kan rekne oss fram til eit folketal på knapt 9000. Vi kan trygt rekne med minst 30-40 % som tillegg, og då kjem vi opp på eit folketal midt på 1640-talet på minst 11-12000. Den store bybrannen i 1640 hadde sett sine spor, mange av dei som hadde teke borgarskap i åra like før 1645 er ikkje å finne i listene for Bergen i 1645-46, slik at vi kanskje kan rekne med eit noko lavare folketal på 1640-talet enn det ein hadde i tiåra før og etter.
I byrekneskapane i Riksarkivet finn ein koppskattmanntal frå dei fleste åra i siste fjerdedel av 1600-talet. Koppskattmanntalet for Bergen i 1689 kan vi kontrollera ved hjelp av eit par andre kjelder. I Korskirkesoknet (19.-24. rode) finn vi 1000 personar i manntalet. Eg har her på grunnlag av dei demografiske variablane hevda at folketalet må ha vore noko over 4000.
Men for året 1689 har vi og
ei framifrå kjelde i prestearkivet for Korskirken. Soknepresten (som
førde uvanleg nøyaktige og rikhaldige kyrkjebøker)
har laga ein kommunikantprotokoll der det er gjeve namn på alle nattverdsgjestene.
Litt over 4500 gjesta nattverdsbordet i Korskirken 1689. Eg har laga eit
register over dei, og meiner å kunne identifisere mellom 2700 og
2800 personar. Alle desse var vaksne. Plusser vi på barn og unge
kjem ein nok opp i noko meir enn 4000 - eller fire gonger talet i skattemanntalet.
Det skulle vere nok for å vise at skattemanntala er tilnærma
ubrukelege til å rekne ut totalfolketal.
Pesten
Skal vi sjå på folketalet i første del av 1600-talet, har vi få sikre haldepunkt. Her skal vi bruke pesten som kjelde for å estimere folketalet.
Alle har vi høyrt om Svartedauen som kom til Bergen i 1349, og då la halve landet aude. Mindre kjent er det kanskje at denne same lunge- og byllepesten kom att gang på gang, og at den framleis er aktiv på tre kontinent, med godt over 1000 registrerte sjuke kvart år. I den perioden vi har føre oss her ramma pesten Bergen fire gonger: i 1600, 1618, 1629 og 1637. Mikkel Hofnagel har i sine notatar gjeve tal på døde. Og det er store tal han presenterer: I 1637 døydde meir enn 2500 bergensarar i pest og barnekoppar, i 1629 3096 pluss 83 på Kontoret, i 1618 meir enn 3950, og i 1600 over 3000.
Ein må sjølvsagt spørje seg om desse tala kan stå til truande. Vi har ikkje mange kjelder vi kan ta til hjelp for å få kontroll. Men tala er spesifiserte på kyrkje og gravplass, og mannen som gav opplysningane budde her i Bergen i alle høve frå 1620 til 1670. Eg har stor tiltru til dei tala Hofnagel har skrive opp, og meiner å kunne rekne meg fram til estimat over dødsprosenten ved å samanhalde listene frå borgarboka over nye borgarar frå dei einskilde år med koppskattmanntalet frå 1645.
Vi ser på kor mange av dei som tok borgarskap i dei einskilde år som er i live i Bergen i 1645. Ein skulle vente å finne markerte nivåforskjellar ved peståra 1618, 1629 og 1637. Og det finn vi. Nivåforskjellane ligg på mellom 19 og 28%, høgast i 1618. Sagt på ein annan måte er det i 1645 i live 28% fleire av dei som tok borgarskap i 1619 og 1620 enn frå 1615 og 1616. Det har sjølvsagt vore normal mortaliteten i åra frå 1615 til 1619, og det må ein trekkje frå for å få eit inntrykk av kor stort den ekstra mortaliteten har vore.
Mine tal peikar i retning av at pesten i 1618 fjerna rundt 25-30% av dei som budde i byen. Ein kan diskutere om pesten var "rettferdig" - om den drap utan omsyn til stilling og stand, eller om den først og fremst fjerna dei svake, dei underernærte og sjuke. Eg meiner å vite at den ikkje kjende sosiale skilje, ein har sett at pesten ramma enkelte hus, der den kanskje drap alle, medan husa kringom var urørte. Det hadde å gjere med smitteoverføring.
Men det kan synest som om mange av dei som overlevde ein pest vart immune. Det - rett nok svært avgrensa materialet vi har frå Bergen - synest å vise at dødsraten var høgast for dei som nettopp var komne til byen. Berre ein einaste av dei nye borgarane i Bergen som fekk seg borgarskap i 1617, er å finne i byen i 1645. På samme vis lever få av dei som tok borgarskap i 1628 og 1636.
Når så mykje er sagt, skal vi kunne komme attende til spørsmålet om kor høgt folketalet låg. Er det rett at 4000 døde i 1618, og er det rett at dette er rundt 25-30% ikkje berre mellom borgarane, men i heile byen, skulle ein enkel rekneoperasjon gje oss estimat på eit folketal i overkant av 14 000 før pesten slo til, og vel 10 000 etter. I åra etter 1618 var talet på nye borgarar rekordhøgt, 100-120 i året. Eg reknar med at det berre var rundt 1/6 av innflyttarane (menn og kvinner) til Bergen som tok borgarskap. Er det rett, har byen i desse åra fått 5-600 innflyttarar kvart år. Då kunne ein relativt raskt byggje seg opp att etter eit folketap på 4000.
Materialet frå 1629 peiker mot ein mortalitet av pesten på rundt 20% - noko som gir oss et befolkningsestimat på vel 15000 før pesten slo, og rundt 12 000 etter. Etter den pesten var talet på nye borgarar på langt nær så høgt som etter 1618, og det estimatet vi får ut i 1637 tyder på eit folketal rundt 13000, som vart redusert til like over 11000 etter herjingane til pesten. Kort oppsummert kan ein seie at folketalet synest ha svinga mellom 10 og 15 000 i perioden med pest.
Sjølvsagt vert slike estimat
svært usikre, men dei passar unekteleg svært godt inn i det
biletet eg har skissert for resten av 1600-talet.
II. FOLKEGRUPPER I BERGEN.
"Hollendergaten", "Skottegaten", "Engelsmannsstræte" (i mellomalderen) og "Tyskebryggen" er namn frå bergensk historie som fortel om utanlandske befolkningsinnslag i Bergen frå mellomalderen. Namna fortel og om kvar dei ulike nasjonalitetane i byen hadde sine kvarter. I eit brev frå sommaren 1637 finn ein omtala "Peder Michelsen i Skottebyen", ei nemning som truleg må vere mynta på vestsida av Nordnes.
Først på 1580-talet sat ein tyskar som hadde budd i Bergen, og skreiv eit nidskrift kalla "Den norske So". I skriftet tok han føre seg tilhøva i Bergen, kritiserte handel og handverk. Forfattaren - truleg ein systerson av Filip Melankton med namnet Sabinus - vekte stor oppsikt med skriftene sine. Eit kraftig angrep på den danske adelen førde han til galgen i København i 1585. Men det som for oss er interessant er at han reknar opp dei ulike befolkningsgruppene i Bergen. Som tyskar hadde han lite til overs for folk som var komne til Bergen vestfrå: "dette er rotter og Skotter, havde nær sagt hundsfotter, Hjelter, Orknøinger og Færøinger; de ere folk, som i sandhed ej ere landet til nytte, men til største skade".
Tyskarane i Hansaforbundet hadde lange tradisjonar i Bergen. I siste del av mellomalderen hadde Bergen vorte ein av dei viktigaste Hansabyane. Hansaen hadde nådd toppunktet sitt i den nord-europeiske handelen i siste del av 1300-talet, då imperiet rakk frå Østersjøen til Noreg, England og Portugal, der korn, fisk og salt var hovudprodukt. Ut over på 1500-talet bygde engelskmennene og ikkje minst hollendarane seg opp i internasjonal handel og skipsfart. Men den rolla Bergen spelte som Hansaby auka utover på 1400- og 1500-talet. Det tyske "Kontoret" vart oppretta i Bergen midt på 1300-talet, og var i drift heilt fram til 1766.
Hansaen sin dominerande posisjon i Bergen var truga fleire gonger, og frå fleire hald. Christian 2. opna Bergen for kjøpmenn frå Amsterdam i 1524. Dei fekk vere i Bergen "fra første Aabet vand om Vaaren indtill diem Eta. Crucis" (14. september) utan å måtte ta borgarskap. I seinare skriv heiter det at dei ikkje skulle "handle med Nordfarer, fiskere och bønder, eller paa Vaagen aff skibe och baade, men alleniste med dennem vdj Byen ere besidendis". Hollendarane fann fleire produkt på Vestlandet dei hadde mykje bruk for: tømmer til ein raskt veksande skipsbyggingsindustri, og etterkvart endå viktigare: matrosar til den største handelsflåta i verda.
Motsetningane mellom hollendarar og tyskarar i Bergen kan vi lese om i bergenske kjelder frå 1500-talet. Og den omtalen Sabinus gav av skottane, hjeltane og orknøiningane i Den norske So synest meir enn ymte om sterk motsetning og konkurranse mellom desse og tyskarane. Men det som gjennom dei første tiåra av 1600-talet stadig vert teke opp att som kjelde til konfliktar i Bergen er borgarane frå framande land og stader som handla i Bergen utan åta borgarskap. Nett desse åra finn vi i borgarboka at det er løyste 80-120 nye borgarskap i året. Likevel har det vore grunnlag for endå fleire kjøpmenn i byen. Det skulle vise oss den utruleg sterke posisjonen Bergen hadde som handelsby i første del av 1600-talet.
Mellom skåpsakene i Danske Kanselli ligg det brev, suplikkar og kommisjonsarkiv som tek opp spørsmåla om handelen i Bergen: om skottane som kom "her Vdi omliggende Lehne, Vnder dett schin, att di sig for reede Pendinge, tømmerlast ville tilhandle, mens dog alligeuell thuertt imoed Edhers Kongellig Høyemechtige Mandater, Selger di Øll, Wijn, Brendewijn, Klede, Lerritt och andett, Och siiden igien tilhandler sig hudder, Schind, Thalg, Fisch, Thiere, och andenn Kiøbmandz waare ...", om hollendarane som gjekk ut over privilegiet frå Christian 2. og om tyskarane på kontoret som ville handle på eigen hand. Men dette fortel ikkje noko direkte om den styrke dei ulike nasjonalitetane hadde i Bergen.
Men Bergen har ei unik kjelde i Bergen borgarbok. Protokollen som vart førd ved Rådstua og i gammal tid berre vart kalla "Stadsbogen", har med namn på dei personane som avla eid til staden for å kunne drive handel eller handverk i byen. Ei forordning 14. april 1572 slo fast at ingen utlending kunne vinne borgarskap i Bergen utan å leggje eid på at han ville bu i byen på livstid, og skatte som andre undersåttar. Borgarboka gjev opplysningar om dei som tok borgarskap i byen like attende til 1550, men kan knapt reknast som komplett før ved slutten av 1580-åra. Frå 1613 av er det konsekvent gjeve opplysningar om fødestad, frå 1692 er det og nesten alltid med opplysningar om kva for yrke dei hadde tenkt å drive næring i.
Ved hjelp av dette får vi ikkje berre vite kva for nasjonalitetar som var representerte, men og sjå på fordelinga mellom dei, og endringane over tid.
I tabell 4 har vi delt inn borgarane
som tok borgarskap i Bergen etter 1613 på tiår og fødestad.
Fleire interessante utviklingstrekk kan lesast ut. Det første som
slår oss er at den delen av borgarane som var fødde i Bergen
låg nede på 16-17% fram til midten av 1600-talet. Men alt i
1660-åra utgjorde dei 40%, og i 1720-åra var meir enn halvparten
av alle som tok borgarskap i Bergen sjølv fødde i byen.
Utlendingar i Bergen
Den andre store gruppa vi finn i Bergen er - ikkje uventa - tyskarane. Dei utgjorde ei gruppe som var ganske stabil i omfang. Mellom kvar fjerde og femte Bergensborgar på 1600-talet var tyskar. Andre tilnærma stabile element mellom borgarane i Bergen på 1600-talet var svenskar og hollendarar. Men begge desse nasjonalitetane utgjorde små grupper, heile perioden om lag like sterk, rundt to prosent på kvar av dei. Det kan sjå rart ut at hollendarane var så få. Det er ikkje tvil om at det var nære band mellom Bergen og i særleg grad Amsterdam. Det kan sjå ut som dei hollandske handelshusa har nøgd seg med å ha ein representant i Bergen. Hollendarane i Bergen synest å ha vore særs velståande og må ha utan tvil ha vore mellom dei fremste i handelspatrisiatet i byen. Når hollendarane i tillegg hadde rett til å handle i Bergen utan åta borgarskap, har dei nok vore mykje viktigare enn det eit 2% innslag kan tyde på.
TABELL 4. BORGARAR I BERGEN 1613-1740. PROSENTVIS INNDELT FOR KVART TI-ÅR.
| Fødestad | 1613-1620 | 1621-1630 | 1631-1640 | 1641-1650 | 1651-1660 | 1661-1670 | 1671-1680 | 1681-1690 | 1691-1700 | 1701-1710 | 1711-1720 | 1721-1730 | 1731-1740 |
| Bergen | 16,8 | 16,6 | 17,8 | 17,6 | 23,5 | 32,2 | 35,6 | 41,8 | 39,0 | 47,5 | 40,8 | 51,1 | 52,6 |
| Danmark | 14,1 | 9,8 | 15,0 | 18,9 | 13,3 | 10,1 | 9,7 | 7,7 | 8,1 | 7,7 | 6,0 | 5,7 | 6,1 |
| Holland | 2,2 | 1,7 | 1,1 | 0,6 | 1,3 | 1,8 | 2,0 | 0,9 | 1,8 | 0,7 | 0,7 | 0,2 | 0,0 |
| Orknøyane | 3,2 | 4,1 | 2,6 | 3,8 | 0,7 | 0,0 | 0,7 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 | 0,0 |
| Skottland | 5,5 | 3,7 | 3,9 | 2,4 | 1,3 | 0,8 | 0,7 | 0,0 | 2,0 | 1,5 | 1,1 | 0,2 | 0,6 |
| Sverige | 1,8 | 2,0 | 1,3 | 1,8 | 2,0 | 1,0 | 1,5 | 2,0 | 2,0 | 1,0 | 1,1 | 0,5 | 0,6 |
| Tyskland | 22,7 | 20,0 | 24,4 | 22,1 | 20,4 | 23,6 | 24,0 | 26,4 | 21,4 | 18,6 | 21,0 | 20,6 | 19,4 |
| Nordfjord | 4,3 | 6,1 | 4,6 | 6,7 | 9,0 | 6,8 | 6,7 | 3,7 | 5,7 | 4,1 | 6,0 | 4,7 | 2,1 |
| Nordhordland | 0,4 | 0,5 | 0,5 | 0,6 | 0,4 | 0,3 | 0,0 | 0,9 | 1,2 | 0,7 | 2,5 | 1,7 | 1,7 |
| Sogn | 0,4 | 0,3 | 0,7 | 2,0 | 0,9 | 1,3 | 1,2 | 0,9 | 1,6 | 1,7 | 1,2 | 1,5 | 0,2 |
| Sunnfjord | 2,2 | 2,3 | 2,3 | 2,6 | 4,2 | 3,3 | 1,5 | 2,3 | 2,2 | 2,9 | 3,0 | 1,2 | 1,3 |
| Sunnmøre | 2,8 | 3,8 | 1,5 | 2,2 | 4,9 | 5,3 | 2,5 | 1,2 | 1,0 | 1,5 | 0,4 | 0,7 | 0,8 |
| Øvrige Noreg | 8,7 | 14,5 | 10,1 | 12,6 | 12,0 | 9,1 | 10,9 | 9,2 | 11,1 | 8,2 | 13,9 | 9,1 | 9,1 |
| Ukjent | 14,0 | 13,7 | 13,2 | 5,5 | 6,7 | 4,5 | 1,7 | 2,0 | 2,0 | 3,6 | 2,2 | 2,5 | 4,7 |
I absolutte tall:
| Fødestad | 1613-1620 | 1621-1630 | 1631-1640 | 1641-1650 | 1651-1660 | 1661-1670 | 1671-1680 | 1681-1690 | 1691-1700 | 1701-1710 | 1711-1720 | 1721-1730 | 1731-1740 |
| Bergen | 143 | 109 | 109 | 89 | 106 | 128 | 144 | 146 | 193 | 197 | 109 | 208 | 277 |
| Danmark | 120 | 64 | 92 | 96 | 60 | 40 | 39 | 27 | 40 | 32 | 16 | 23 | 32 |
| Holland | 19 | 11 | 7 | 3 | 6 | 7 | 8 | 3 | 9 | 3 | 2 | 1 | 0 |
| Orknøyane | 25 | 27 | 16 | 19 | 3 | 0 | 3 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
| Skottland | 47 | 24 | 24 | 12 | 6 | 3 | 3 | 0 | 10 | 6 | 3 | 1 | 3 |
| Sverige | 15 | 13 | 8 | 9 | 9 | 4 | 6 | 7 | 10 | 4 | 3 | 2 | 3 |
| Tyskland | 193 | 131 | 149 | 112 | 92 | 94 | 97 | 92 | 106 | 77 | 56 | 84 | 102 |
| Nordfjord | 36 | 40 | 28 | 34 | 36 | 27 | 27 | 13 | 28 | 17 | 16 | 19 | 11 |
| Nordhordland | 4 | 3 | 3 | 3 | 2 | 1 | 0 | 6 | 6 | 3 | 6 | 7 | 9 |
| Sogn | 4 | 2 | 4 | 10 | 4 | 5 | 5 | 3 | 8 | 7 | 3 | 6 | 1 |
| Sunnfjord | 19 | 15 | 14 | 13 | 19 | 13 | 6 | 8 | 11 | 12 | 8 | 5 | 7 |
| Sunnmøre | 24 | 25 | 9 | 12 | 22 | 21 | 10 | 4 | 5 | 6 | 2 | 3 | 4 |
| Øvrige Noreg | 74 | 95 | 62 | 64 | 54 | 36 | 44 | 32 | 55 | 34 | 37 | 37 | 48 |
| Ukjent | 119 | 90 | 81 | 28 | 30 | 19 | 7 | 7 | 10 | 15 | 6 | 10 | 25 |
Danskane var og ei av dei store og viktige gruppene i Bergen i første del av 1600-talet. I 1640-åra (siste del av 30-årskrigen) hadde dei ein prosentdel på 18, men ut mot slutten av 1600-talet fall denne delen, og var inne på 1700-talet heilt nede i 5-6%. Ser vi nærare på dei danskane som tok borgarskap i dei første tiåra av 1600-talet kjenner vi att mange embetsmenn: sorenskrivarar, futar og nokre prestar - som ville spe på embetsinntektene med handelsverksemd. Berre eit fåtal av desse budde i Bergen. Då kan vi gje oss grunn til å peike på ein annan observasjon: Berre litt over halvparten av alle dei som tok borgarskap i Bergen synest å budd fast i byen. Dei andre har vore "utliggarar", der dei dreiv lokal handel eller gjestgjevarstader innanfor dei områda (like til Finnmark) som låg til distrikta der Bergen hadde handelsprivilegium.
Skottane og folk frå dei gamle norske landområda i vest, viser seg å ha vore ein vesentleg del av folket i byen heilt ut til midten av 1600-talet. I borgerboka utgjer folk fødde i Skottland og Orknøyane 7-8 prosent i åra frå 1613 til 1630, men etter det fall prosentdelen til rundt 2 i 1660.
Orknøyane og Shetland var norske fram til 1469, men borgarboka synest vise oss at Orknøyane fungerte som ein del av det bergenske nærområde heilt opp til 1660. Språket på Orknøyane var ei form for norsk til like inn på 1700-talet. Eg har ikkje sikre oppgåver over folketalet på Orknøyane i første del av 1600-talet, men gjettar på at det var 15-20000 (ikkje så langt unna det det er i dag). Då kan det synest som om Orknøyane var like sterkt knytte til Bergen som Sunnfjord og Nordfjord. Folk frå vest i havet henta mange viktige varer på Vestlandet til langt ut på 1600-talet, ikkje minst trelast.
Enkelte av innflyttarane frå
Orknøyane synest ha komme frå det høgare sosiale lag,
vi finn innflyttarar med namn som Sinclair (jarleslekt fram til midten
av 1400-talet), og Stewart (jarlar frå siste del av 1500-talet).
Andre hadde og overklassebakgrunn: Dischingtun - futar under Stewartane.
Men dei fleste innflyttarane frå Orknøyane har -sen-namn.
Og vi finn dei att i Bergen som arbeidsmenn, vevarar og styrmenn. Det synest
difor som dei har likna meir på innflyttarane frå landdistrikta
i Noreg, enn dei andre utlendingane i Bergen.
Bergensborgarar fødde i Noreg.
Ser vi på dei innanlandsk fødde borgarane finn vi at Nordfjord er spesielt sterkt representert. Prosentdelen ligg mellom 4 og 9 heilt fram til 1730-talet. Sunnmøre og Sunnfjord ligg og rimeleg høgt, kvar av dei med 2-5 prosent per tiår. Meir til å undre seg over er det nok at Sogn og Nordhordland hadde godt under ein prosent. Ein del av forklaringa på dette kan vere at det rundt Bergen låg ein "cirkumferens", der ein ikkje kunne drive handel, og ikkje kunne ha "utliggarar". I Sunnfjord, Nordfjord og på Sunnmøre var det derimot ei rad handels- og gjestgjevarstader.
Frå dei andre stifta i Noreg kom rundt 10 prosent av borgarane i Bergen, og dei kom i om lag like sterkt omfang gjennom alle tiåra vi har materiale om fram til midten av 1700-talet.
Borgarboka er ei framifrå kjelde så langt den dekkjer. Men det var (stort sett) berre menn som tok borgarskap, og desse mennene høyrde heime i dei øvste sosiale sjikta, slik at vi berre får opplysningar om 30-40% av mennene i Bergen.
Utlendingane var i fleirtal mellom borgarane i Bergen i første del av 1600-talet, i andre halvdel av 1600-talet fall denne prosentdelen til 36-37, og på 1730-talet var den kommen ned i 27 prosent.
Ser vi på dei absolutte tala finn vi at det kom færre nye borgarar til Bergen kvart år utover på 1600- og 1700-talet. Mellom 1601 og 1620 er det registrert nesten 1700 nye borgarar i Bergen, 85 i året. Går vi fram 100 år, mellom 1701 og 1720, finn vi under 700 nye borgarar, eller berre 35 i året. Og når den delen av borgarklassa som var innflyttarar vart redusert parallelt med redusert totalvolum, skjøner vi at innflyttinga frå utlandet til Bergen har gått attende. Det kom nesten 200 tyskarar til Bergen for å borgarskap i tiåret frå 1611 til 1620, knapt noko tiår etter 1650 kom det meir enn 100. Men det mest dramatiske må vere at nokre nasjonalitetar heilt vart borte. Det kom 60 skottar i tiåret opp til 1620, etter 1660 berre 3 i kvart tiår.
Mange av utlendingane i Bergen hadde
ei dobbel tilknyting, både til det gamle heimlandet sitt og til Bergen.
Det var vel naturleg om dei skulle vere kjøpmenn og handle med varer
mellom Bergen og landet dei var komne frå. Vi kan finne mange eksempel
på at innflyttarane sende dei unge sønene sine attende til
landet dei var komne frå, for at dei der kunne få handelsutdanning.
Vi finn slikt både hjå skottar, hollendarar, tyskarar og danskar.
Og vi finn stadig at utlendingar kom til Bergen til onklane sine her for
å få opplæring og arbeid.
Sosial inndeling
Alle som hadde næring i Bergen skulle etter forordninga frå 1577 ta borgarskap, men kor stor del av den vaksne mannlege befolkninga var med i borgarboka ? Truleg har vi å gjere med ei utvikling over tid, frå ein relativt høgare prosent i tida like etter påbodet i 1577, til det vi finn når kjeldene gjev oss trygg grunn å stå på.
Alt frå rundt 1630 kom det eit skarpt skilje på gravplassane i Bergen mellom dei som kunne betale for gravferd og gravplass, og dei som ikkje kunne. "Andreklasses lik" skulle i jorda på "fattigkyrkjegarden" St. Jacob, og etter kvart vart det så mange av dei at denne gravplassen for liten, slik at Nykirkesoknet fekk eigen gravplass for sine fattige på St. Paul, og Korskirkesoknet fekk St. Martini, med "Fredens Bolig" som assistenskyrkjegard frå 1809. Grovt sett kan ein rekne med at 2 av 3 gravlagde i Bergen på 1700-talet hamna i fattigjord.
Det er ikkje berre ved gravferdene vi finn skarpe sosiale inn-delingar av dei som budde i Bergen. Kopulasjonsavgifta som skulle betalast ved giftarmål var og sterkt gradert: Arbeidsfolk skulle betale 1 ort, handverkssveinar 7-8 gonger så mykje, skipparar og handverksmeistrar 12 gonger, kjøpmenn og embetsmenn minst 24 gonger. Vi har materialet for Bergen frå åra 1683-1685, og har sett fordelinga mellom gruppene opp i tabell 5.
TABELL 5. Kopulasjonsavgift for Bergen 1683-1685. Fordeling
av brudgommar etter avgiftsbeløp.
| Avgift i pengar | Antal personar | Prosent | |
| Umidla | 1 ort | 254 | 60,3% |
| Handverkssveinar | 1 dlr 1 ort 8 skill. | 55 | 13,1% |
| Handverksborgarar | 2 dlr | 68 | 16,2% |
| Kjøpmenn/embetsmenn | 4-10 dlr | 44 | 10,5% |
| SUM | 421 | 100,1% |
Tabellen viser at alt på 1680-talet kom meir enn 60% av brudgommane frå det lågare sosiale laget. På toppen av dette kjem at mange (kan hende 10-15%) heilt slapp å betale kopulasjonsavgift, truleg har storparten av desse vore fattige, men vi finn og soldatar og matrosar i denne gruppa. Storparten av dei òg høyrde heime mellom dei som sokna til fattigkyrkjegardane.
Vi har no argumentert for at minst
2/3 av dei som budde i Bergen på 1600- og 1700-talet kom frå
den delen av folket som ikkje hadde eller kunne få borgarskap. No
kan vi gå over til å sjå på det geografiske opphavet
til desse. Her er ikkje berre ei anna geografisk samansetjing, men og ei
heilt anna utvikling over tid.
Kyrkjebokmaterialet frå Korskirkesoknet
Kyrkjebøkene frå Korskirkesoknet har opplysningar om fødestader på dei døde gjennom heile 1690-talet, og i ein periode frå 1811 til 1830 . Gjennom dette materialet får vi gode opplysningar om alle sosiale lag i byen.
Nordhordland glimrar i borgarboka med sitt fråvær mellom fødestadene til byborgarane, men tok sitt mon rikt igjen som leverandør av arbeidarar og tenarar i Bergen på 1600-talet. Kvar fjerde vaksne mann og kvinne som vart gravlagd på fattigkyrkjegarden til Korskirken på 1690-talet var fødd i bygdene i Nordhordland. Dei var like talrike som de innfødde bergensarane i aldersgruppene over 30 år.
Store grupper i byen kom og frå Nordfjord og Sunnfjord, som til saman leverte rundt 15 prosent, og Sunnhordland (særleg Os) kjem og rimeleg høgt med 7-8 prosent. Men andre delar av stiftet som Sunnmøre og Hardanger hadde minimale innslag. Litt meir enn 10 prosent av dei vaksne kom frå andre stift i Noreg, kvar tiande fattig var utlending.
Flyttar vi oss fram til først på 1800-talet finn vi eit bilete som berre i detaljar er endra. Nordhordland var framleis største avgjevar av personar til dei lågare sosiale laga i byen. Prosentdelen hadde auka litt, til 26-27%. Sunnfjord og Nordfjord hadde framleis ein andreplass, ein del som var auka til nær 20%. Litt høgare var prosentdelen "innfødde" og. Først på 1800-talet var den oppe i rundt 30, og noko høgare for kvinner enn menn. Til saman hadde desse distrikta skaffa 3 av 4 vaksne som sokna til fattigkyrkjegarden. På 1690-talet hadde dei hatt rundt 65%.
Sunnhordland sin del var redusert
til 3-4%, og det var framleis minimalt med hardingar og sunnmøringar.
Framleis finn vi at nær 10% av folka i dei lågare sosiale laga
i byen kom frå dei andre stifta i Noreg, noko meir enn 5% var utlendingar.
No kan det høve å sjå litt på kva plass Bergen
hadde i flyttinga på Vestlandet.
Det Vestlandske flyttesystemet
På 1500- og først på 1600-talet er det i kjeldene ei rad eksempel på at det har vore sterk ekspansjon på Vestlandet. Store flyttestraumar gjekk til bygder som til då hadde vore nær folketomme, slike som Jostedal, Jølster, øvre del av Naustdal og andre marginale strøk. Men denne ekspansjonen fekk kunne ikkje vare i lang tid, alt før midten av 1650 synest desse nybyggjarområda å vere fylte opp. Då synest det å verte etablert eit nytt flyttesystem med to hovudelement:
a) flytting frå innland mot kysten - til fiske og meir variert næringsgrunnlag (frå Indre Sunnfjord ut til fjordar og til kysten, frå Voss, Evanger, og Hosanger ut til Alversund og Manger, frå Valdres ned til Sognefjorden.
b) flytting frå landdistrikta mot Bergen, til eit vidare spekter av yrke.
I tillegg finn vi nokre spesielle vandringsmønster: frå Innvik og nordaustover til Gudbrandsdalen, til Røros og til Trondheim. Dette vert spegla i 1701-manntalet. Lokale flyttestraumar til og frå Sunnhordland sørover mot Ryfylke. Og elles finn vi sjølvsagt flytting til og frå i områda som grensa opp mot andre stift.
Den rolla Bergen hadde i flyttinga på Vestlandet var først og fremst den å vere mottakar av eit par hundre personar frå landsbygda i stiftet kvart år. Men på same tid var Bergen ei dør ut mot verda, og gjennom det viktig som eksportør av vestlendingar til Europa, og alt tidleg på 1600-talet til Amerika . Her er Holland og særleg Amsterdam viktig. Mellom 1625 og 1675 kan ein i lysingsregisteret i Amsterdam finne 948 personar som sa seg fødde i Bergen, nesten 20 i året.
Men den sterke eksporten av folk frå og gjennom Bergen til Amsterdam og Holland avtok merkbart etter 1700. I andre fjerdedel av 1700-talet var det ikkje lenger 20 bergensarar i året som tok ut lysing i Amsterdam, men berre 5. Og i neste kvartsekel kom ei ny halvering.
Bergen hadde og nære band nordover i Noreg. På 1600-talet vart delar av Nord-Noreg folka av vestlendingar, svært mange av dei kom direkte eller indirekte frå Bergen. Og vi kan og seinare finne ein straum av folk frå Bergen til fiskeleiene på Nordlandskysten, og til Finnmark. Ikkje alle vestlendingane reiste av eigen fri vilje. Det var lenge vanleg å døme folk til teneste nordpå.
Det er ikkje laga statistikk over utflyttinga frå Bergen på 1600-og 1700-talet. Først i 1865 kan vi finne tal i offisiell statistikk. Då hadde byen litt meir enn 8000 innflyttarar, men då var det nesten like mange bergensfødde busette i andre delar av Noreg. Og vi må rekne med at der og var fleire hundre utanfor landet. Vi kan rekne med at det har vore tilnærma balanse mellom inn- og utflyttinga frå Bergen midt på 1800-talet. Det vi finn av opplysningar om utflyttinga frå Bergen på 1600- og først på 1700-talet tyder på at det i alle høve i lange periodar har vore tilnærma balanse i inn- og utflyttinga til byen. I siste halvdel av 1700-talet har det nok vore innflyttingsoverskot.
Ein finn byane omtala som "dei magre kyr i Egypt". Med det meiner ein at dei hadde konstante fødselsunderskot, og måtte ha innflytting for å halde folketalet sitt oppe. Eg trur ikkje det er så enkelt. Bergen har på same tid sterk inn- og utflytting. Difor finn vi heile tida at ein svært høg prosentdel av folket i byen er innflyttarar. Men når vi finn så få innfødde, er ikkje årsaka først og fremst høge dødstal, men sterk utflytting. Saman-liknar vi talet på fødde i Bergen på 1600-talet med talet på døde finn vi at dei ligg om lag på same nivået. Berre i dei korte periodane med store epidemiar (1675-76 og 1695-96) finn vi at talet på dei døde stig langt over talet på fødde.
På 1700-talet er dette endra, då låg talet på døde (i snitt 600-650 pr. år) jamt over 50-100 høgare enn fødselstalet kvart år. Var byen vorten meir usunn, er det registreringa av dødsfall som er vorten betre? Eg trur det like mykje har si årsak i at utflyttinga frå byen var vorten mindre: folk som var fødde i byen flytta ikkje lenger vekk i same omfang som før. Dei vart buande i byen og døydde der. Samstundes kom det kvart år inn til byen mange som ikkje gjorde stort anna i byen i demografisk samanheng enn å døy der (t.d. dei som sokna til presten på St. Jørgen).
Men vi ser nok og at ein svært stor del (30-35%) av speborna i Bergen døydde i første leveåret. Det vi kan finne om dødsrisiko i dei ulike aldersgruppene peiker og mot høgare rater for Bergen enn på landsbygda. Vi kan difor slett ikkje avskrive at byen faktisk måtte ha innflyttingsoverskot for å halde oppe folketalet.
Vi finn eksempel på etappevandring: innflyttarar som etter nokre år i Bergen drog vidare ut i verda. Men meir vanleg var nok generasjonsvandring: der barn av innflyttarane i Bergen som unge sjøfolk gjekk i engelsk eller hollandsk teneste og enda i oversjøiske koloniar eller i hamnebyar rundt om i Europa.
Jølster kan stå som eksempel på ei typisk utflyttarbygd. Denne bygda ligg inst i Sunnfjord. I siste del av mellomalderen har bygda vore nær folketom. Frå midten av 1500-talet til rundt 1660 vart talet på gardsbruk meir enn femdobla, frå under 50 til 270. Men då var potensialet for vidare vekst brukt opp, folketalet i bygda var oppe i 1800 i 1660-åra, og låg på same nivået i 1801.
Ser vi på den mellomliggjande perioden finn vi så godt som heile tida store fødselsoverskot. Stillstanden i folketalet må då skuldast utflytting. Vi kan rekne med at heile fødselsoverskotet på 1700-talet, rundt 1400, flytta ut.
Rundt halvparten av dei som flytta frå Jølster på 1700-talet drog ut mot fjordar og kyst i Sunnfjord. Den andre halvparten drog til Bergen og bygdene rundt byen. Flyttinga til Bergen gjekk i bølgjer, der den største toppen kom på 1780-talet (25% av dei som voks opp i Jølster flytta til Bergensområdet), og der flyttinga til byen viser dramatisk fall etter 1800 (berre 5% flytta til Bergen). Sjølve utflyttinga frå bygda vart noko redusert, men straumen av flyttarar til ytre Sunnfjord auka sterkt. Der var det ikkje gardsbruk å ta over, slik at ein fekk sterk vekst i utviklinga av eit husmannsvesen i Sunnfjord som følgje av at innflyttinga til Bergen vart redusert.
Dette skulle klårt nok vise samanhengen mellom flyttinga og den relative økonomiske utviklinga i inn- og utflyttarområda. Hans Arentz skreiv om bygdene i Sunnfjord på 1780-talet. Han fortel at den største skaden distriktet hadde fått i hans levetid, var då innsiget av vårsild vart borte i 1758. Det gav økonomisk depresjon i store delar av regionen. I 1770-åra ser vi av futen sine kassabøker at bøndene hadde store vanskar med å gjere opp for det dei skulda i skattar og avgifter. Då det så i andre halvdel av 1770-åra kom eit kraftig oppsving i aktivitet i Bergen, stod jølstringar og andre sunnfjordingar i kø for å finne seg nytt arbeid der.
Husmannsvesenet utvikla seg tidlegare og sterkare i dei delane av stiftet som ikkje hadde omfattande flytting til Bergen (Indre Sogn, Voss, Hardanger, Sunnhordland). For Sunnfjord og Nordhordland har flyttinga til Bergen vore brukt som alternativ til åverte gåande heime i fødebygda som tenar eller husmann. Det er først etter at flyttinga til Bergen fell så dramatisk etter 1805 at det der tvang seg fram sosiale endringar og akseptering av at ein husmannsklasse voks fram.
Gjennom dei sterke flyttestraumane
skaffa Bergen seg rikeleg og billeg arbeidskraft, dei delane av stiftet
som produserte flyttarane skaffa seg ein "ventil", som kunne stabilisere
folke-tal og sosiale tilhøve langt betre enn dei distrikta der det
ikkje fanst tradisjon for utflytting.
Endringane i innflyttinga til Bergen på 1800-talet
Folketalet i Bergen vart redusert frå rundt 1805 fram mot 1815, då det kom det ny vekst, men med etter måten lav veksttak. På dei femti åra mellom 1815 og 1865 auka folketalet med vel 10 000. Samanlikna med hundreåra før var dette ei ny utvikling, men samanlikna med andre byar i Noreg var folkeauken moderat, og det var i desse åra Bergen mista plassen sin som største byen i landet. Frå 1865, då folketalet i byen var oppe i 27 700, vart auken langt sterkare. Byen var då i ferd med å få industri, nye yrker og fag var komne inn. Ved folketeljinga i 1875 hadde byen eit folketal på 35 000, i 1891 54 000, og i 1912 77 800.
1865-teljinga har med ein eigen rubrikk for fødestad. Dette er den første landsomfattande kjelde med slike oppgåver. I den trykte statistikken er resultata av teljinga delt etter føde- og opphaldsstad. I Bergen var heile 19 372 av folketalet på 27 703 "heimfødingar" - fødde i byen. Berre 30% var innflyttarar. Som skarp kontrast finn vi Kristiania, der heile 60% var innflyttarar. I tiåra fram til 1865 har tilflyttinga til Bergen vore svært liten om ein samanliknar med Kristiania. Men den har og vore liten om ein samanliknar med tidlegare og seinare periodar i historia til Bergen.
Men om innflyttinga til byen gjennom tiåra rundt midten av 1800-talet var liten, finn vi i 1865 same hovudtendens i fordelinga av fødestader for innbyggjarar som tidlegare. Storparten av dei 8400 innflyttarane i Bergen var rekruttert lokalt. 3000 kom frå Nordre Bergenhus amt (Sogn og Fjordane), 2900 frå Søndre Bergenhus (Hordaland).
Innflyttinga til Bergen tok seg opp etter 1865. I 1875 hadde byen 12 000 innflyttarar, i 1912 31 000 (om lag 40% av folketalet).
Gjennom dei kjeldene vi har frå tre hundreår ser vi at det er to-tre av fogderia i stiftet som har skaffa Bergen innbyggjarar, medan det er langt mellom innflyttarane frå dei andre bygdene på Vestlandet. Og dette mønsteret ser ut til å verte forsterka generasjon for generasjon. Den siste kjelda eg har nytta, folketeljinga i Bergen i 1912 er frå ei tid då Bergen var kommen inn i ei ny tid. Kommunikasjonane var endra. Bergen hadde fått jernbane til Kristiania, dampskipsruter knytte ikkje berre Kyst-Noreg saman, men knytte og Bergen saman med store hamnebyar rundt Nordsjøen.
Men framleis var det dei same regionane
på Vestlandet som stod som fødestad for storparten av flyttarane.
D.v.s. i 1912 hadde "Strilelandet" - Midhordland og Nordhordland - fått
ei endå meir dominerande stilling enn før. Heile 13 000 innflyttarar
kom frå desse to sorenskriveria. Sunnfjord hadde fått redusert
sin del noko, det var knappe 5000 sunnfjordingar i Bergen i 1912. Dei andre
regionane hadde alle mindre enn 2000. Tala er å finne i tabell 6.
TABELL 6. Innflyttinga til Bergen frå ulike regionar
på Vestlandet samanlikna med utvandring til USA 1876-1905.
| Region | Folketall 1891 | Innflyttarar til Bergen 1875 | Innflyttarar til Bergen 1912 | Emigrantar til USA 1876-1905 |
| Indre Sogn | 21 096 | 958 | 1061 | 7550 |
| Sunnhordland | 26 431 | 698 | 1989 | 6136 |
| Nordhordland | 46 796 | 2840 | 6911 | 4609 |
| Nordfjord | 23 391 | 607 | 1069 | 4545 |
| Hardanger | 18 482 | 316 | 687 | 4347 |
| Sunnfjord | 25 557 | 2504 | 4953 | 3214 |
| Voss | 10 494 | 181 | 370 | 2841 |
| Ytre Sogn | 13 914 | 695 | 2186 | 2580 |
| Midhordland | 20 796 | 1183 | 5748 | 1788 |
| Øvrige Noreg | 8125 | |||
| Utlandet | 1415 |
Dei nye kommunikasjonslinene får
forklare at den delen av folket som kom frå Nord-Noreg og Austlandet
i 1912 hadde vorte ganske stor - meir enn 10% av dei som budde i byen i
1912 var innflyttarar frå Noreg utanom Bergen stift. Dei var med
andre ord på ny oppe på om lag same nivå som i siste
del av 1600-talet. Utlendingane utgjorde i 1912 eit par prosent. Men det
blir for ein bagatell å rekne samanlikna med første del av
1600-talet, då meir enn halve borgarskapet, og sikkert 20% av totalfolketalet
var utlendingar. Det nye i 1912 var den geografisk spreiinga av opphavet
til innvandrarane: folk fødde i Argentina, Afrika, Japan og Kina,
Russland, USA og Syd-Europa budde i Bergen.
Bergen eit alternativ til utvandring?
Parallelt med innflyttinga til Bergen mellom 1865 og 1912 hadde vi dei tre store bølgjene med utvandring til Amerika. Den første kom i åra sist på 1860-talet, den andre tidleg på 1880-talet, og den tredje i åra like etter 1900. Vi har alt sett at vi i innflyttinga til Bergen på 1700-talet hadde store regionale forskjellar. Dette speglar nok ulikskapar i økonomisk og sosial utvikling i stiftet. Områda med liten 1700-talsflytting til Bergen utvikla tidleg husmannsvesen, dei fekk sterkare folketilvekst, og med det sterkare press på ressursane alt tidleg på 1800-talet. Dei måtte finne seg sine "ventilar". Det er frå desse områda vi finn sterk utflytting nordover på 1820- og 1830-talet, og det var dei samme områda som tok leiinga i utvandringa til Amerika i 1830- og 1840-åra.
Sunnfjord, Nordhordland og Midhordland og til dels Ytre Sogn vart liggjande etter i utvandring til USA, og for bygdene i desse sorenskriveria vart USA aldri noko viktig reisemål.
Storleiken på utvandringa i dei ulike prestegjelda og regionane kjem best fram om vi set talet på emigrantar 1876-1905 i høve til folketalet i dei ulike prestegjeld og regionar på Vestlandet i 1891. Dette kan vi så halde opp mot talet på innflyttarar til Bergen i 1875 og 1912. Då skulle vi kunne sjå om det lar seg spore samanhengar mellom dei to flyttemønstra: til Amerika og til Bergen.
Dei regionale forskjellane i utvandringa til Amerika er enorme. Indre Sogn låg på topp der talet på emigrantar 1876-1905 tilsvarar 40-50% av folketalet i 1891. Voss, Sunnhordland, Hardanger og Nordfjord følgde ikkje så langt etter, med tilsvarande prosentar på mellom 20 og 40. Ytre Sogn, Sunnfjord, Nordhordland og Midhordland låg lågt, dei fleste bygdene her hadde utvandring som berre tilsvarte 5-15% av folketalet i 1891. Tala for dei ulike bygdene finn ein i tabell 7.
Det er i distrikta der utvandringa til Amerika starta på 1830- og 1840-talet vi óg i perioden 1876-1905 har høge tal. Dei regionane som hadde låge volum var komne seint inn i utvandringa.
Det peiker fram mot ein konklusjon: Vestlandet kan delast i to etter graden av tilknyting til Bergen. Då ein fram mot midten av 1800-talet fekk eit sterkt press på ressursane, og folk på Vestlandet måtte ut for å finne seg nye heimar, valde folk i dei regionane som mangla tradisjon for flytting til Bergen Nord-Noreg og seinare Amerika. Bygdene som hadde hatt nære band til Bergen gjennom mange generasjonar, utvikla og styrkte desse. Mønstra vart forsterka ut gjennom 1800-talet. Truleg kan vi her noko uhøgtideleg snakke om ein "onkel-effekt". Lustringane, lærdølene og vossingane i 1860-åra hadde nesten alle ein onkel eller ein annan slektning i Amerika som hadde farm og kunne skaffe arbeid. Onklane til sunnfjordingane og strilane budde derimot i Bergen, og kunne hjelpe til med å finne arbeidsplass og bustad der!
TABELL 7. Innflytting til Bergen samanlikna med utvandring, bygd på emigrantstatistikk
1876-1905, og folketeljingane i Bergen 1875 og 1912. Kommunane er
rekna opp i stigane rekkefølgje etter innflytting til Bergen målt
i 1875.
| Kommune | Folketall 1891 | Utvandra 1876-1905 | Utvandra % 1876-1905 | I Bergen 1875 | I Bergen 1875 i % | I Bergen 1912 | I Bergen 1912 i % |
| Jondal | 2020 | 41 | 2,03 | 4 | 0,2 | 53 | 2,6 |
| Selø | 4825 | 563 | 11,67 | 14 | 0,3 | 295 | 6,1 |
| Hornindal | 1650 | 411 | 24,91 | 6 | 0,4 | 25 | 1,5 |
| Aurland | 2169 | 764 | 35,22 | 12 | 0,6 | 62 | 2,9 |
| Jostedal | 903 | 367 | 40,64 | 5 | 0,6 | 9 | 1,0 |
| Ulvik | 3759 | 1292 | 34,37 | 32 | 0,9 | 71 | 1,9 |
| Skonevik | 3186 | 1085 | 34,06 | 28 | 0,9 | 149 | 4,7 |
| Brudvik | 3472 | 853 | 24,57 | 33 | 1,0 | 353 | 10,2 |
| Herlø | 3164 | 54 | 1,71 | 34 | 1,1 | 422 | 13,3 |
| Sveen | 3129 | 904 | 28,89 | 37 | 1,2 | 161 | 5,2 |
| Bremanger | 2020 | 186 | 8,68 | 26 | 1,2 | 178 | 8,3 |
| Borgund | 4825 | 58 | 6,98 | 11 | 1,3 | 31 | 3,7 |
| Fjælberg | 1650 | 1212 | 33,45 | 48 | 1,3 | 227 | 6,3 |
| Fitje | 2169 | 430 | 18,07 | 32 | 1,3 | 174 | 7,3 |
| Daviken | 903 | 545 | 17,19 | 49 | 1,6 | 129 | 4,1 |
| Voss | 3759 | 3841 | 27,07 | 181 | 1,7 | 333 | 3,2 |
| Sund | 3186 | 560 | 12,30 | 86 | 1,9 | 258 | 6,7 |
| Kvindhered | 3472 | 961 | 20,19 | 96 | 2,0 | 311 | 6,5 |
| Strandeb. | 3164 | 676 | 27,32 | 55 | 2,2 | 143 | 5,8 |
| Fjeld | 3129 | 393 | 12,34 | 71 | 2,2 | 258 | 8,1 |
| Aardal | 2020 | 679 | 49,60 | 31 | 2,3 | 67 | 4,9 |
| Ullensvang | 4825 | 1377 | 25,18 | 128 | 2,3 | 111 | 2,0 |
| Balestrand | 1650 | 759 | 33,26 | 54 | 2,4 | 140 | 6,1 |
| Eid | 2169 | 728 | 23,33 | 82 | 2,6 | 245 | 7,9 |
| Finnaas | 903 | 617 | 12,63 | 133 | 2,7 | 313 | 6,4 |
| Stryn | 3759 | 641 | 24,06 | 73 | 2,7 | 93 | 3,5 |
| Indviken | 3186 | 897 | 30,15 | 82 | 2,8 | 91 | 3,1 |
| Etne | 3472 | 931 | 40,06 | 69 | 3,0 | 117 | 5,0 |
| Stord | 3164 | 456 | 20,26 | 72 | 3,2 | 177 | 7,9 |
| Leikanger | 3129 | 744 | 29,61 | 86 | 3,4 | 95 | 3,8 |
| Gloppen | 2020 | 760 | 15,24 | 172 | 3,5 | 130 | 2,6 |
| Hafslo | 4825 | 977 | 35,04 | 101 | 3,6 | 145 | 5,2 |
| Kinn | 1650 | 346 | 7,40 | 173 | 3,7 | 599 | 12,8 |
| Fuse | 2169 | 248 | 7,14 | 134 | 3,9 | 350 | 10,1 |
| Lindaas | 903 | 765 | 8,78 | 375 | 4,3 | 1251 | 14,4 |
| Hosanger | 3759 | 632 | 13,93 | 199 | 4,4 | 447 | 9,6 |
| Vik | 3186 | 1033 | 28,60 | 168 | 4,7 | 285 | 7,9 |
| Lyster | 3472 | 1451 | 44,29 | 172 | 5,3 | 140 | 4,3 |
| Evindvik | 3164 | 313 | 6,54 | 257 | 5,4 | 643 | 13,4 |
| Hyllestad | 3129 | 271 | 10,91 | 136 | 5,5 | 382 | 15,4 |
| Sogndal | 2020 | 1229 | 35,04 | 196 | 5,6 | 220 | 6,2 |
| Manger | 4825 | 385 | 7,54 | 289 | 5,7 | 888 | 17,4 |
| Tysnæs | 1650 | 501 | 10,76 | 279 | 6,0 | 471 | 10,1 |
| Aarstad | 2169 | 279 | 6,94 | 246 | 6,1 | 626 | 15,6 |
| Os | 903 | 314 | 6,92 | 319 | 7,0 | 1305 | 28,8 |
| Askevold | 3759 | 449 | 15,14 | 216 | 7,3 | 421 | 14,2 |
| Lærdal | 3186 | 1012 | 44,06 | 182 | 7,9 | 309 | 13,5 |
| Askøen | 3472 | 386 | 5,90 | 521 | 8,0 | 1311 | 20,0 |
| Hammer | 3164 | 601 | 9,71 | 550 | 8,9 | 879 | 14,2 |
| Førde | 3129 | 1066 | 19,57 | 556 | 10,2 | 800 | 14,7 |
| Lavik og B. | 2020 | 473 | 21,55 | 236 | 10,8 | 434 | 19,8 |
| Fane | 4825 | 273 | 5,41 | 573 | 11,4 | 982 | 19,5 |
| Haus | 1650 | 654 | 12,94 | 593 | 11,7 | 886 | 17,5 |
| Yttre Holmedal | 2169 | 377 | 10,22 | 435 | 11,8 | 868 | 23,5 |
| Jølster | 903 | 340 | 12,04 | 336 | 11,9 | 277 | 9,8 |
| Indre Holmedal | 3759 | 450 | 11,81 | 549 | 14,4 | 750 | 19,7 |
KONKLUSJON
Gjennom dei tre hundreåra frå 1600 til 1900 var Bergen innflyttarane
sin by: gjennom nesten heile perioden
var innflyttarane i fleirtal mellom dei vaksne innbyggjarane i byen.
Unntaket er ein kortare periode midt på 1800-talet.
Folketalet synest ha vore temmeleg stabilt rundt 15-16000 frå
1600-talet til godt ute på 1800-talet. Men byen
hadde relativt sett stagnert, frå å vere ein skandinavisk
storby som sentrum i eit handelsimperium ved Nordsjøen
først på 1600-talet, til å verte ein middelstor
norsk by med sine sterkaste band til omlandet.
Utlendingar av fleire nasjonalitetar var viktige mellom innflyttarane
først på 1600-talet. Fleire av nasjonalitetane fall ut
alt ved midten av det hundreåret. Byen vart då i sterkare
og sterkare grad norsk. I dei høgare sosiale laga kom dei
"innfødde" bergensarane i fleirtal. Mellom folket i dei lågare
sosiale laga var det lokale innflyttarar som dominerte.
Alt på 1600-talet var Nordhordland viktigaste eksportør,
med Nordfjord og Sunnfjord på dei neste plassane. Fram
mot og ut over 1800-talet vart dette mønsteret berre forsterka.
Nordhordland, Midhordland og Sunnfjord vart ståande
som dei viktigaste leverandørane av tenarar og arbeidarar til
Bergen.
På den andre sida finn vi noko nær fråvær av innflytting frå andre deler av stiftet: Hardanger, Sunnhordland, Indre Sogn. Det må undre oss, for dette var distrikt med sterk vekst i folketal, og som fekk omfattande flytting nordover tidleg på 1800-talet, og som tidleg kom sterkt inn i utvandringa til USA.
Sjølv etter at utvandringa til USA fekk stort volum etter 1865
vart mønsteret med diametralt motsette flyttvegar for på
den eine sida Sunnfjord, Nordhordland og Midhordland mot Indre Sogn,
Voss, Hardanger og Sunnhordland på den andre.
Kva som ligg til grunn for at desse ulike mønstra oppstod ein
gong før slutten av 1600-talet, og vart ståande i hundreår
etter hundreår vil det sjølvsagt vere interessant å
analysere. Vi må attende til tida rundt og like etter reformasjonen,
kan hende ligg noko av svaret i eigedomstilhøva og økonomisk
utvikling.
Vi har funne at flytting til Bergen utgjorde eit komplementært
element til utvandring til USA. Det var to løysingar på det
same problemet.
Bergen har gjennom dei tre hundreåra vi her har sveipt over, utvikla
seg frå å vere sentrum i eit pulserande
handelssystem rundt Nordsjøen, til å verte hjarte og ventil
for eit snevert omland rundt og nord for byen: etter 1900
stod Bergen att som "strilane" sin hovudstad.