Kyrkja og folket på 1800-talet1

Av Erling Knutzen

(Laga for artikkelsamlinga Såkorn 1995, bygd på forfattaren si hovudoppgåve Nattverdssøkinga i Domkyrkja og Johanneskyrkja i Bergen i siste halvdel av 1800-talet. UiB, 1994.)

 

Frå middelalderen og fram til 1800-talet var det påbydd med lov i Noreg å gå til nattverd minst éin gong pr. år. Det vil seia at bortimot heile den vaksne folkemengda vitja nattverdsbordet med jamne mellomrom. Dette har vorte kalla for massealtargang.2 Ser ein Noreg under eitt, syner det seg at denne mange hundre år gamle tradisjonen forsvinn på nokre få tiår i siste halvdel av 1800-talet. Men årsakene til denne dramatiske endringa er uklare. Kyrkjehistorikarar er usamde når det gjeld vektlegginga av dei ulike forklaringane, og noko av grunnen til det er at det er gjort få djuptpløyande studium av denne utviklinga. Fleire forskarar har peika på vekkingane som ei årsaksforklaring. Med mykje alvorleg tale kring nattverden, og ei forkynning som verka polariserande på tilhøyrarane, skremde dei mange vekk frå nattverdsbordet. Andre har peika på oppkomsten av dissentarkyrkjelydar som slo beina bort under einskapskyrkja. Ei anna forklaring som har vorte nytta er den generelle sekulariseringa, og då enkelt definert som avkristning.3

Kommunikantprotokollane

Hovudkjelda til denne utviklinga er nattverdsprotokollane, også kalla kommunikantprotokollar. Her er alle nattverdsbesøk oppteikna, og desse protokollane er å finna på statsarkiva.4

På 1800-talet var Noreg i rask utvikling mot å verta eit industrialisert samfunn, og endringane greip om seg både i kultur- og åndsliv. Frå midten av 1800-talet kom auka liberalisering mellom anna til uttrykk gjennom ei rad nye lover. Døme på slike lover er opphevinga av konventikkelplakaten i 1842, dissentarlova av 1845 og i 1851 lova som gav jødane tilgang til riket. Urbanisering og påverknad frå Europa med nye åndsretningar som positivismen og naturalismen kom etterkvart til å spela ei rolle når ein ser på utvikliga av åndslivet i Noreg på denne tida. Utetter 1800-talet vart ein med andre ord stadig meir open for folk som tenkte og handla annleis enn det ein var van med.

Samstundes med desse samfunnsmessige endringane var det ein kraftig nedgang i nattverdsbesøket. Det vil difor vera interessant å undersøkja kva samanhengar ein her kan finna. Kva var innhaldet i og årsakene til nedgangen i nattverdssøkinga? Dette spørsmålet er hovudproblemstillinga i mi hovudoppgåve som ligg til grunn for denne artikkelen. Eg studerer der nattverdssøkinga i Domkyrkja og Johanneskyrkja i Bergen i siste halvdel av 1800-talet hovudsakleg ved hjelp av EDB-analyser av kommunikantprotokollane.5

Kommunikantprotokollane er å finna i kyrkjearkivet på statsarkivet. Desse protokollane vart stort sett førte frå 1700-talet og fram til byrjinga av 1900-talet. Ved Statsarkivet i Bergen har ein for det meste berre årgangane frå 1830-40-talet og fram til rett over hundreårsskiftet. Den eldste årgangen ein har bevart frå Domkyrkja i Bergen, er frå 1829.

Kommunikantprotokollane er i hovudsak førte på to ulike måtar. I ein del protokollar, spesielt på bygdene, har ein ført opp gardane med alle personar til venstre i protokollen, for så å skriva opp alle datoar for nattverdsbesøk bortetter til høgre for namnet. Problemet her er at det vert lett rot i protokollen over tid, av di ein ikkje har uavgrensa plass for den einskilde nattverdsgjest, i tillegg til at frekvensen ved nattverdsbordet var svært ulik. Men ei slik føring gjer det lett å følgja einskildpersonar sin altergang over eit visst tidsrom.

I kommunikantprotokollane for Domkyrkja og Johanneskyrkja i Bergen førte klokkaren opp alle nattverdsgjestene for kvar gudsteneste med nattverdsfeiring. Gjekk ein då fleire gonger til nattverd eitt år, vart namnet skrevet opp på nytt kvar gong, under den datoen gudstenesta fann stad. Fram til 9. september 1860 vart det for Domkyrkja i Bergen oppført namn og sivilstand. Etter det vart òg yrke teke med. Men når ein kjem fram til kring hundreårsskiftet, er det ein del persondata som er utelatne. Dette varierer elles noko frå kyrkje til kyrkje. Men for dei fleste kyrkjene gjaldt det at tala for kvar gudsteneste er summerte, og det var vanleg at klokkaren laga oversikter over talet på altarbesøk for kvar månad og kvart år.

For nokre av kyrkjene i Bergen er dei komplette tala på nattverdsbesøka av ulike årsaker ikkje tilgjengelege. Eg har teke for meg Domkyrkja og Johanneskyrkja av di det for desse to kyrkjene eksisterer fullstendige tal over nattverdsgjestene i perioden frå 1830 til første verdskrigen. Det er ikkje noko som skulle tilseia at desse to kyrkjene ikkje kan stå som representantar for tilhøvet i Bergen på dette området. Domkyrkjesoknet hadde ein forholdsvis stor folkesetnad, som var busette i og nær bykjernen, medan Johanneskyrkjesoknet var eit typisk utbyggingsområde i siste del av den perioden som her vert handsama. Johanneskyrkjesoknet vart utskilt frå Domkyrkjesoknet i 1885.

Når det gjeld dei tala eg nyttar frå Domkyrkja og Johanneskyrkja, er soknemedlemmer som gjekk til altars i andre kyrkjer trekte frå. Samstundes er altarbesøk av personar frå andre kyrkjesokn medrekna. I tillegg er sjuke og gamle som mottok nattverden heime, medrekna der dette er teke med i kommunikantprotokollane.

Det var lovfesta å føra desse protokollane, og for det meste er det gjort svært nøyaktig. Studerer ein protokollar frå ei kyrkje over eit langt tidsrom, er det påfallande stor samordning i måten nattverdsbesøka er nedteikna på. Klokkarane har tydelegvis vore svært nøye med føringa. Ein kan difor i stor grad stola på dei tala som vert framlagde. Skrivefeil er det litt av, men det er for det meste i teksten og ikkje i tala. Slike feil har alt i alt lite å seia, og dersom personen som er notert feil, dukkar opp fleire gonger, er det som regel ikkje vanskeleg å identifisera han.

Det er tri årgangar eg har studert spesielt nøye, nemleg 1865, 1875 og 1900. For 1865 og 1875 er det berre nattverdssøkinga i Domkyrkjesoket som vert undersøkt, ettersom dette soknet først i 1885 vart delt, slik at Johanneskyrkja kom til. Men eg studerer det same området for alle tri åra, og difor er både Domkyrkja og Johanneskyrkja teke med i år 1900. Årsakene til at eg nyttar desse årgangane, er at ein i denne perioden finn to dramatiske fall i nattverdsbesøket når ein ser dette i høve til folketalet. Før 1865 er det i stor grad ein jamn nedgang, sjølv om denne rett nok er dramatisk i eit litt lenger perspektiv. Mellom 1865 og 1875 kjem det første store fallet over eit kort tidsrom. Etter dette jamnar det seg ut, før 1890-talet kjem med ein ny dramatisk nedgang i altargangen (sjå figur 1). Ved å studera desse årgangane meir inngåande, i tillegg til å sjå dei i høve til folketeljingane, kan eg få svar på kva endringar som her skjer, og kva årsaksforklaringar ein kan nytta.Problemstillinga fordrar i hovudsak ei kvantitativ tilnærming. Samstundes ligg kjeldemateriale vel til rette for ein slik metode.

 

Kommunionfrekvens og kommunikantfrekvens

Sidan det tidlegare ikkje er gjort nokon tilsvarande analyse av eit slikt kjeldematerialet, har eg laga eit eige system for handsaming av desse kjeldene.6 Eg vil her berre kort nemna to måtar å handsama tala på. Det som oftast har vorte nytta er kommunionfrekvensen. Ein reknar då ut antal nattverdsbesøk i høve til folketalet i løpet av eitt år. Eg har valt å trekkja frå born under 16 år, slik at kommunionfrekvensen vert nattverdsbesøket i eitt år i prosent av potensielle nattverdsgjester. Dette av di konfirmasjon var det viktigaste kriteriet for å få tilgang på nattverdsbordet. Kommunikantfrekvensen fortel derimot kor mange personar som går til nattverd i løpet av eitt år i høve til alle potensielle nattverdsgjester i soknet. Eg meiner det er dette talet som fortel mest om korleis oppslutninga kring nattverdsbordet er, men dette krev at ein har full oversikt over kven og kor mange som går meir enn ein gong til nattverd gjennom året.

Tilhøvet mellom kommunionfrekvensen og kommunikantfrekvensen over tid vil i seg sjølv vera interssant, av di det vil gje eit meir nyansert bilete av utviklinga i nattverdssøkinga.

I årgangane 1865, 1875 og 1900 for Domkyrkja og i 1900 for Johanneskyrkja i Bergen er det til saman notert 9.124 nattverdsbesøk. Desse har eg lagt inn på dataprogrammet CensSys, eit databaseprogam spesielt tilrettelagt for handsaming av historisk materiale.7 Etter å ha registrert materialet, har eg kunna danna meg eit bilete av nattverdgangen og endringane i denne. Ved hjelp av klare reglar for kjeldehandsaming og systematisering, er det mogleg å trekkja mykje ny kunnskap ut av kjeldene.

Ved å analysera nattverdsprotokollane ved hjelp av dette databaseprogrammet, vil ein få eit klart bilete av det eg vil definera som nattverdsstrukturen. Ein kan til dømes finna ut kor mange som går èin gong til nattverd pr. år, kor mange som går to eller fleire gonger, korleis fordelinga er mellom kjønna og sivilstendene, og kva for sosiale lag som har den største representasjonen i høve til folkesetnaden i soknet. Andre spørsmål ein kan få svar på, er korleis altarbesøket fordeler seg over månadene og gudstenestene i løpet av eitt år, og kva tilhøve hushaldet som einskap har til nattverden. Når ein då studerer fleire årgangar, vil ein kunne sjå endringar i dei ulike delane av nattverdsstrukturen. Nettopp slike strukturelle endringar kan være med på å forklare nedgangen i nattverdsbesøket. Dette vil igjen kunna syna klare samfunnsmessige endringar i perioden.

Eg vil her syna nokre døme på kva resultat ei slik handsaming av materialet kan gje.

Talet på nattverdsbesøk i Domkyrkja i 1865, når konfirmantane er trekte frå, var 3.458.8 Talet på personar - nattverdsgjester - var 3.184. Ser ein dette i høve til folkesetnaden over femten år, vert kommunionfrekvensen 39.6 prosent og kommunikantfrekvensen 36,3 prosent. Dette syner ein skilnad mellom nattverdsbesøket og nattverdsgjestene i 1865 på 3,3 prosent, noko som ikkje kan karakteriserast som særleg dramatisk. Dei 3.184 nattverdsgjestene fordelte dei 3.458 nattverdsbesøka mellom seg som synt i tabell 1.

Som me kan sjå av tabell 1, var det berre fire personar som gjekk til altars meir enn tri gonger dette året, og 16 som gjekk oftare enn to gonger. 92,9 prosent av alle nattverdsgjestene dette året gjekk til nattverd berre éin gong.

 

Tabell 1. Nattverdsbesøka i Domkyrkja i 1865 fordelt på nattverdsgjestene.

Talet på

nattverdsbesøk pr. person

Talet på

personar

Nattverdsbesøk totalt

26

1

26

10

1

10

5

1

5

4

1

4

3

12

36

2

209

418

1

2.959

2.959

Sum:

3.184

3.458

 

Sjølv om dei aller fleste òg i år 1900 framleis går til nattverd berre éin gong i året, syner mi undersøking ei klar utvikling mot at ein aukande del av nattverdsgjestene går oftare til nattverd enn tidlegare.9 Ein kan i dette sjå klare konturar av ei utvikling mot dei tilhøva ein har i dag, der det er vanleg at størstedelen av kyrkjelyden går til nattverd kvar gong denne handlinga finn stad.

Er det då nokon skilnad på oppslutninga kring nattverdsbordet mellom innflyttarane og dei "ekte bergensarane"? Eg nyttar ein enkel definisjon av "innflyttar". Dei som er er fødde andre stader enn Bergen, er pr. definisjon innflyttar i mi undersøking. Sidan nattverdsfrekvensen er mykje høgare på bygdene enn i byane, er det særs interessant å sjå nærare på deira åtferd ved nattverdsbordet. Eg har studert eit utval på til saman 657 innflyttarar fordelt på 1865 og 1875. Desse meiner eg må kunna vera representative for innflyttarane i byen. Dei utgjorde omlag 2,5 prosent av folkesetnaden i soknet.

Mi undersøking syner at alle som er fødde i bygdene Davik, Jølster, Voss, Evanger og Fana og bur i Domkyrkjesoknet i Bergen i 1865 og 1875, har ein nattverdsfrekvens som ligg kring det halve i høve til gjennomsnittet i soknet. Dei kom frå eit miljø med ein mykje større oppslutnad kring nattverden. Likevel er dei mellom dei som går minst til nattverd i sitt nye miljø. Kva kan så årsakene vera til det? Ein kan tenkja seg at dei i sin iver etter å verta integrert i bymiljøet, fell over i ein total motsetnad i høve til sitt opphav. Det ser ut til at urbaniseringa dermed fører med seg ei mentalitetsendring som forsterkar nedgangstendensen når det gjeld nattverdssøkinga.10

Kommunikantane etter kjønn, alder og stand

I studiet av tilhøvet mellom kjønna med omsyn til deltakinga i altargangen, syner det seg at kvinnene i større grad enn mennene går til nattverd.

Nattverdsbesøket Bergen i 1865, 1875 og 1900 fordelte seg mellom kjønna som vist i tabell 2.

 

Tabell 2. Nattverdsbesøket i 1865, 1875 og 1900 for Domkyrkja og 1900 for Johanneskyrkja i Bergen, fordelt etter kjønn.

Kyrkje og år

Kvinner

Menn

Totalt

Domkrk. 1865

62,5%

37,5%

100%

Domkrk. 1875

64,6%

35,4%

100%

Domkrk. 1900

75,0%

25,0%

100%

Joh.krk. 1900

77,3%

22,7%

100%

 

Tabell 2 syner at kvinnene allereie i 1865 er overrepresenterte samanlikna med mennene, og at dette er ei utvikling som berre forsterkar seg mot hundreårsskiftet. I 1865 utgjer mennene litt i overkant av ein tredjedel av nattverdsbesøket, medan dei i 1900 utgjer i underkant av ein fjerdedel. Sjølv om folketellingane syner at det var fleire kvinner enn menn som budde i desse to sokna, er det skilnaden mellom nattverdsgjestene mykje større, og langt frå så stabil som i folkesetnaden. Den vidare utviklinga ligg utanfor mi gransking, men lett tilgjegelege tal frå kommunikantprotokollane for Nidaros Domkyrkje i åra fram til 1915 syner ein utvikling der andelen menn stadig er synkande. Av alle nattverdsgjester i Nidaros Domkyrkje i 1915 er kun 17 prosent menn.

Dersom ein studerer dette materialet endå nærare, kva kan det då fortelja oss meir om denne skilnaden mellom kjønna? For å få eit detaljert bilete av dette, vil eg for Domkyrkja og Johanneskyrkja i Bergen sitt vedkomande dela nattverdsgjestane inn i sju kategoriar. Det er 1) ugifte kvinner, 2) ugifte menn, 3) gifte kvinner, 4) gifte menn, 5) enker, 6) enkemenn, og 7) konfirmantar. Konfirmanttalet i Domkyrkja i Bergen ligg for det meste på mellom 150 og 250 og er rimeleg fordelt mellom kjønna. Av denne grunn, og av di kommunikantprotokollane for Domkyrkja og Johanneskyrkja omtalar konfirmantane utan namn, har eg utelate dei frå tala i tabell 3. Denne syner tilhøvet i nattverdsbesøket i Bergen mellom dei ulike sivilstendene.11 Desse tala kan ein samanlikna med ei tilsvarande inndeling av folkesetnaden i Domkyrkjesoknet i 1865 og 1875, slik som i tabell 4.

 

Tabell 3. Nattverdsbesøket fordelt etter sivilstand i Bergen i 1865, 1875 og 1900 etter kommunikantprotokollane.

Kyrkje og år

Ugifte kv.

Ugifte menn

Gifte kv.

Gifte menn

Enker

Enkemenn

Totalt

Bergen DK, 1865

28,4%

11,8%

24,7%

24,7%

8,2%

2,2%

100%

Bergen DK, 1875

28,2%

7,7%

26,7%

25,3%

9,8%

2,2%

100%

Bergen DK, 1900

35,5%

5,9%

22,6%

15,1%

17,8%

2,8%

100%

Bergen Joh 1900

37,8%

3,2%

25,0%

19,0%

14,4%

0,6%

100%

 

Tabell 4. Folkesetnaden over 15 år i Domkyrkjesoknet i Bergen fordelt etter sivilstand.

Domkrk-Soknet

Ug. kv.

Ug.

menn

G. kv.

G. menn

Enke

Enke-menn

Uopp-

gitt

Totalt

1865

27%

20.6%

20,2%

21%

8,2%

2,9%

0,1%

100%

1875

28,1%

19,3%

20,1%

20,6%12

6,7%

2,6%

2,6%

100%

Kjelde: Folketeljingane for 1865 og 1875 i dataversjon frå Statsarkivet i Bergen.

 

Dei ugifte kvinnene er sterkt overrepresenterte ved nattverdsbordet allereie i 1865 sett i høve til folkesetnaden, medan andelen ugifte menn ved nattverdsbordet på dette tidspunktet berre er halvparten av den delen dei utgjer i folkesetnaden. Og medan desse to gruppene er relativt stabile i folkesetnaden til 1875, går delen av ugifte menn ned når det gjeld oppslutninga om nattverden. Denne trenden held seg vidare, medan gruppa ugifte kvinner syner ein kraftig tendens motsatt veg.

Både gifte kvinner og gifte menn er i nattverdstala frå 1865 overrepresenterte, ein situasjon som held seg for kvinnene sin del, medan delen gifte menn frå 1875 til 1900 går relativt mykje ned. Mellom enkestanden kan ein sjå same trenden i forhold til folketalet som tilhøvet mellom ugifte syner, men i høve til dei ugifte utgjer enkene og enkemennene ein liten del av det totale altarbesøket.

 

Individ eller gruppe?

Me kan av tabell 3 sjå at skilnaden mellom gifte kvinner og gifte menn ved nattverdsbordet aukar. Dette må tyda at stadig fleire ektepar sluttar å gå til nattverd saman. Tabell 5 syner kor mange gifte menn og gifte kvinner som gjekk til nattverd utan at ektemaken var med. Dette er sett i høve til det totale talet på gifte kvinner og gifte menn som har vore til altars i dei einskilde åra eg undersøkjer spesielt.13

 

Tabell 5. Ektefeller som går åleine til nattverd fordelt mellom kjønna i Bergen Domkyrkje i 1865, 1875 og 1900 og i Johanneskyrkja i Bergen i 1900.

Kyrkje og år

Gifte kvinner åleine

Gifte menn åleine

Bg. DK, 1865

6,6%

4,6%14

Bg. DK, 1875

12,9%

4,5%

Bg. DK, 1900

41,2%

12,1%

Bg. Joh 1900

43,3%

25,0%

 

Hovudtendensen i tabell 5 stemmer med utviklinga når det gjeld andelen gifte kvinner og menn ved altarbordet sett i høve til det totale altarbesøket for det einskilde året. I perioden 1865 til 1900 er det ein dramatisk auke i andelen gifte personar som går til altars utan å ha med seg ektemaken. Vidare er det naturleg at det er kvinnene som i størst grad går åleine, sidan desse i utgangspunktet er overrepresenterte ved nattverdsbordet i høve til mennene. Det er likevel i 1900 òg ein svært stor del av gifte menn som kjem til altars utan kona. Når mennene var så få i høve til kvinnene, er tala frå Johanneskyrkja, med ein fjerdedel menn som går åleine, eit relativt høgt tal.

I kommunikantprotokollane for Domkyrkja og Johanneskyrkja i Bergen i 1865 er ektepara førte slik: Først skreiv ein mannen sitt namn, deretter "m h" som tyder "med hustru". Så kom kona sitt namn under namnet til mannen og deretter eventuelle born. Oppføringa av "Med hustru" og det at ugifte born vart førte opp under foreldra, vart òg gjort i 1900. I ei kolonne til høgre etter namn, yrke og sivilstand, står det eit tal bak ein del av kommunikantane. Dette er tydelegvis ei hjelp for han som førte boka til lettare å kunne rekne saman totaltalet på nattverdsbesøk. Personar som heilt tydeleg høyrer saman, er difor førte etter kvarandre, og talet på gruppa står til sist. Dei fleste tala her varierer frå 1 til 5, slik at det etterpå berre var å summera desse tala for å finna altargangstalet for den einskilde gudstenesta. Dette kan difor syna oss i kor stor grad husstanden gjekk samla til nattverd. Når ein så samanlikar tilsvarande tal over tid, vil det vera mogleg å sjå om det er endringar når det gjeld nattverdsbesøket på dette området.

I Domkyrkja i Bergen var det i 1865 3460 nattverdsgjester utanom konfirmantane. Av desse var 87 prosent oppførte saman med andre. I 1875 var denne prosentsatsen 84,7. I 1900 var det tilsvarande talet 59,9 prosent for Domkyrkja og Johanneskyrkja til saman. Det er altså færre og færre som går til nattverd i grupper, noko som impliserer ein tilsvarande auke av dei som går åleine. Hushaldet som fellesnemnar og utgangspunkt for kollektive haldningar og handlingar, går altså i oppløysing. Dette heng naturleg nok saman med den økonomiske utviklinga i samfunnet der hushaldet i stadig mindre grad var utgangspunktet for økonomisk aktivitet. Hushaldet misser altså mykje av si tyding på fleire felt. Det er ikkje lenger hushaldet eller hushaldsoverhovudet som bestemmer kva den einskilde i hushaldet skal meina og gjera.

Den generelle individualiseringa i samfunnet saman med ein kollektiv aksept for endra åtferd ved nattverdsbordet kan kanskje sjåast i samanheng med ein vekkingskristendom som får einskilde til å sjå på det å gå ofte til nattverd som viktig, medan andre kjenner seg stengd ute av ei polariserande forkynning.

Utviklinga i nattverdsstrukturen frå 1865 til 1900 vitnar om store endringar i den delen av folket som går til altars, og dessutan om store endringar i haldningane generelt til nattverden. Det er rimeleg å tru at desse tilhøva avspeglar delar av samfunnsutviklinga så lenge dei som går til nattverd utgjer mellom 15 og 50 prosent av den vaksne folkesetnaden i perioden. Nett i denne perioden av Noregs historie talar ein om band som vert brotne, gamle tradisjonar som forsvinn, nye relasjonar mellom menneska i samfunnet. Dette er ei utvikling som har vorte kalla "standssamfunnets oppløsning".15

Urbanisering og modernisering bana vegen for eit pluralistisk samfunn der gamle handlingsmønstre haldne oppe av tradisjonar frå det gamle samfunnet ikkje lenger var einerådande. Denne utviklinga avspeglar seg òg i nattverdssøkinga. Ein kan i stor grad definera det heile som ein individualiseringsprosess. I høve til nattverden førte dette til at svært mange nedprioriterte kyrkjeliv og nattverdsdeltaking.

Individualiseringsprosessen går hand i hand med ei pågåande sekularisering. Desse utviklingstrekka heng nøye saman med den generelle samfunnsutviklinga på 1800-talet. Saman med nye åndsretningar, tradisjonsbrot og endring i lovverket førte urbanisering og modernisering med seg at eit kollektivt ytre press forsvann. Einskildemenneske kunne i større grad gjera religiøse val utan omsyn til miljøet rundt seg.

Den kollektive religiøsiteten - mellom anna uttrykt gjennom massealtergang - forsvann. Undersøkinga mi har synt at denne vart erstatta av ein indiviuell religiøsitet for dei som framleis gjekk til nattverd. Å seia at den store gruppa av folkesetnaden som ein etter kvart ikkje kunne finna ved nattverdsbordet ikkje lenger har nokon religiøsitet, vil likevel vera urimeleg. Men noko av det konkrete og tydelege religiøse utrykket forsvann.

 

Litteratur:16

Dyrvik, Ståle: Kommunikantregister som kjelde til ungdomsflytting. Eit forsøk med massedata og mikromaskin. I Heimen, 1983.

 

Gjerde, Jon: From peasants to farmes. The migration from Balestrand, Norway, to the Upper Middle West. Cambridge University Press, 1985.

Gulbrandsen, Birger: Nattverden i norsk kirkeliv. I Norvegiæ Sacra. Oslo, 1948.

Knutzen, Erling: Nattverdssøkinga i Domkyrkja og Johanneskyrkja i Bergen i siste halvdel av 1800-talet. UiB, 1994.

Martling, Carl Henrik: Nattvardskrisan i Karlstad Stift under 1800-talets senare hälft. Lund, 1958.

Molland, Einar: Norges kirkehistorie i det 19.århundre. Bd. 1 og 2. Oslo, 1979.

Sanders, Hanne: Västsvensk fromhet. Jämförande studiar av västsvensk religiösitet under fyre sekler. I Skara stift og sekulariseringsprosessen. Göteborg, 1993.

Slettan, Bjørn: "O, at jeg kunde min Jesum prise"-:folkelig religiøsitet og vekkelsesliv på Agder på 1800-tallet. Oslo, 1992.

Wisløff, Carl Fr.: Norsk kirkehistorie. Bd. 3. Oslo, 1971.

 

Fotnoter

1 Artikkelen byggjer på mi hovudoppgåve: Nattverdssøkinga i domkyrkja og Johanneskyrkja i Bergen i siste halvdel av 1800-talet. UiB, 1994. Ved henvisingar til "hovudoppgåve", er det denne oppgåva det er meint.

2 Gulbrandsen, 1948: 99.

3 Av forskarar som legg mest vekt på vekkingsteorien er Birger Gulbrandsen, Einar Molland og til dels Bernt T. Oftestad, Sevat Lappegard og Bjørn Slettan. Carl Henrik Martling legg mest vekt på oppkomsten til dissentarkyrkjelydane, medan Carl Fr. Wisløff meiner hovudårsaka til nedgangen i nattverdsbesøket er den generelle sekulariseringa i form av ei avkristning av samfunnet.

4 Kommunikantprotokollane kan nyttast på mange ulike måtar. Denne oppgåva syner ein måte, medan Ståle Dyrvik har nytta desse kjeldene når han undersøkjer ungdomsflytting i Etne (Kommunikantregister som kjelde til ungdomsflytting, i Heimen 4, 1983), og Jon Gjerde har nytta kommunikantprotokollane ved ein studie av emigrasjon frå Balestrand (From peasants to farmers, Cambridge University press, 1985).

5 Nattverdssøkinga i Domkyrkja og Johanneskyrkja i Bergen i siste halvdel av 1800-talet. UiB, 1994.

6 Det vil føra for langt å ta med alle aspekt ved dette systemet her. Sjå hovudoppgåva s. 5ff.

7 CensSys er utvikla av Jan Oldervoll, vitskapleg tilsett ved Historisk Institutt, Universitetet i Bergen.

8 Konfirmantane vert i dei fleste tabellane haldne utanfor, av di dei gjekk samla til nattverd første gudsteneste etter konfirmasjon og vart oppført i ein samlerubrikk utan namn. I tillegg må ein gå utifrå at talet på konfirmantane og tilhøva mellom kjønna var relativt jamn.

9 Fullstendige tal for alle tri årgangane kan ein finna på side 78ff i hovudoppgåva.

10 Dette drøftar eg meir inngande i houvdoppgåva s. 108ff.

11 Tabell 3 byggjer på den føresetnaden at dei som står oppførte med yrkestittel "tenestepike", er ugifte. Vidare må det nemnast at kjeldematerialet gjer det vanskeleg å plassera einskilde personar i nokon av desse gruppene. Dette er likevel gjort, men det kan berre verta anslagsvis. Dette gjeld for 2% av nattverdsbesøket i Domkyrkja i 1875, 0,3% i Domkyrkja i 1900 og 9,5% i Johanneskyrkja i 1900.

12 Årsaka til at talet på gifte menn ikkje er lik talet på gifte kvinner, er at ein i tellinga har teke med både heimehøyrande og tilstadeverande personar.

13 Til tabell 5: Tala frå Johanneskyrkja i år 1900 er kun omtrentlege tal, av di det er, som tidlegare nemnd, 9,5% av alterbesøket som er usikkert plassert når det gjeld sivilstand. Dei fleste av desse er menn, slik at det spesielt er prosentsatsen 25,0% nederst til høgre som er usikker.

14 Utifrå det faktum at gifte kvinner og menn begge utgjorde 24,7% (849 nattverdsbesøk) av det totale altergangstalet i 1865, er denne prosentsatsen for gifte menn truleg to prosentpoeng for låg, men tala her stemmer likevel overeins med dei opplysningane som er gjeve i kommunikantprotokollen.

15 Omgrepet "standsamfunnets oppløsning" er nytta av fleire. Mellom dei er Knut Kjelstadli i ein artikkel i Kontrast (nr. 7/1975), der dette omgrepet er nytta i overskrifta.

16 For fyldig litteratur- og kjeldeliste, sjå hovudoppgåva side 123ff.