For ei kortare og mindre detaljert skildring av dei ulike teljingane, kan du sjå her.
Gjennom tidene har vi hatt to typar Folketeljingar; manntals- og folketalsregistreringar.
Manntalsregistreringane kan delast inn i to grupper etter føremål:
Skattemanntala som skulle avdekkje den skattepliktige befolkninga og dei militære
manntala som skulle registrere menn for teneste i militæret. Det eldste
bevarte skattemanntalet er gjengjerden frå 1514, men frå 1610-20
har ein årlege oppgåver.
Skattemanntala hadde økonomiske føremål og skulle såleis skrive inn alle personar over 15 år, både kvinner og menn. Koppskatten frå 1645-46 kan på det viset fungere som den eldste landsdekkjande 'folketeljinga'. Likevel, som kjelde til å spora slekt kan skatteregistreringane verta vanskelege: personar kan vere utelate eller berre numerisk registrert under familiefaren og fattige og gamle er ofte ikkje innskrivne.
Dei militære manntala skulle registrere tenestedyktige menn for å sjå kva for eit oppbud ein kunne stille i krigstilfelle. Manntala frå 1663-66, samt 1701 var i prinsippet landsdekkjande, men ein registrerte berre menn i landdistrikta, og frå 1701-teljinga manglar listene for store delar av landet. Medan manntala 1663-64 berre registrerte menn over 12 år, vart alle over 1 år tekne med i 1666 og 1701. Meir informasjon om teljingane 1663-66 i registraturet for desse manntala. Stamrullane skulle registrere vernepliktige menn frå dei vart døypte.
Den første fullstendige folketeljinga i Noreg vart halden 15. august 1769. Instruksen gjekk ut frå Rentekammeret i mai 1769 og la opp til å få samla statistiske opplysningar om folkemengda inndelt etter kjønn, alder (delt i sju aldersgrupper: 1-8, 8-16, 16-24, 24-32, 32-40, 40-48, og over 48) og livsstilling. Teljinga viste at det budde i overkant av 723 000 personar i Noreg. Resultatet av folketeljinga 1769 er å finne i "Norges Offisielle Statistikk B 106: Norges første folketelling 1769" (Statistisk Sentralbyrå, Oslo 1980).
I Danmark hadde ein som i Noreg den første folketeljinga i 1769, men der kom den neste folketeljinga 1. juli 1787 (etter reskript 11. mai 1787), og det har vore reist spørsmål om ein ikkje også i Noreg hadde arbeidd med ei teljing det året. Det er bevart tal frå ei teljing i Lister og Mandals amt frå 1787, men dei er ikkje eit resultat av reskriptet, og konklusjonen må vere at reskriptet om folketeljinga i 1787 ikkje omfatta Noreg. Mellom 1769 og 1801 har det vore fleire lokale teljingar i Noreg, mellom anna laga amtmann Sommerfeldt til ei folketeljing i Christians amt (Oppland) i 1782.
Den neste folketeljinga kom i 1801
og er den første nominative (dvs. at alle personane var lista med namn).
Etter 1801 hadde ein teljingar kvart 10./15. år. Det er store skilnader
i kvaliteten på dei ulike teljingane då det tok tid før
ein fann standarden. Ein kan dele etter område, administrasjon og innhald:
Administrasjon
Prestane var dei første teljingsansvarlege. Etterkvart fekk
dei hjelp frå rodemeistrar, klokkarar, lærarar og lensmenn.
Det var først i vårt århundre at ein hadde eigne teljarar
frå Statistisk Sentralbyrå. I 1865 vart huseigarar i byane oppmoda
om sjølve å fylle ut skjemaet som så vart gjennomgått
saman med rodemeisteren. På landdistrikta heldt ein det gamle systemet
der kvar lensmann sende ut skjema til prestegjelda for at prestar og kapellanar
skulle fylle dei ut, men i 1900 vart også gardsfolk oppmoda om å
hjelpe teljarane. Innanriksdepartementet hadde allereie sett nytta av eit
'sjølvteljingssystem':
Innhald
Ikkje alle folketeljingane var nominative. Dette gjeld til dømes
dei fleste teljingane mellom 1815 og 1855. Folketeljingane frå 1801,
1865, 1870, 1875, 1880, 1891 og 1900 var derimot nominative. Departementet
vona at det å føre opp namn i staden for eit tall ville hindre
feil og utelatingar.
Ein sleit òg ein stund med kva ein skulle gjere med dei som ikkje
var heime og dei som var på besøk når teljinga vart gjennomførd.
I 1865 valde ein å skrive inn bare den heimehørande befolkninga,
medan dei den neste teljinga, 1875 såg ein at
Mens teljinga i 1865 vart første som fylgde ein viss standard, representerte
1900 eit skritt vidare i fasttømringa av dette formatet. Den forkastar
visse ideer frå mellomliggjande teljingar og heldt på andre. I
det følgjande vil ein finne instruksar, sirkulære og døme
på skjema som vart utfylde frå 1865- og 1900-teljingane.
Det vart utarbeidd to skjema. Det eine gjev oppgåver over den totale folkesetnaden som viser antal ektepar og fordelinga etter kjønn og alder delt i sju aldersgrupper med summering for kvart kjønn. I det andre skjemaet er folkesetnaden delt etter yrkesgrupper. Tenestefolk og fattige har kvar sin rubrikk, og er dei einaste som er delte etter kjønn. Gifte kvinner og heimeverande born vart det ikkje spurt etter. På landsbygda skulle dei einskilde rubrikkane berre fyllast ut for kvart sokn og prestegjeld og i byane berre for kvar rode.
Reskriptet av 7. mars og dei to skjemaene er publiserte i "Den Norske Rigstidende" 1815, nr. 19. Oversikt over resultatet av teljinga finst i "Den Norske Rigstidende" 1816, nr. 49.
I samband med fordelinga av kjøpstadsskatten trong Stortinget ei oversikt over folkesetnaden i byane. Dette vart utgangspunktet for folketeljinga 1825. Finansdepartementet utvida Stortinget sitt forslag til å femne om heile riket.Teljinga vart ved kongeleg resolusjon 11. oktober 1825 sett til første søndag i advent, 27. november. Instruksen som vart gjeven i eit sirkulære 20. oktober var felles for byane og landdistrikta.
Denne gongen skulle det takast med opplysningar frå kvart einskild hus i byane og i frå kvart einaste skyldsett bruk på landsbygda. Husmannsplassar som ikkje var skyldsette skulle førast saman med den garden dei høyrde inn under. Dei trong ikkje vera namngjevne på lista, men antalet skulle vera med. Likevel er ofte matrikkelgarden den minste teljeeininga, medan det er meir skjeldsynt at kvart einskild gardsbruk er ført opp.
Personane skulle reknast til det huset der dei hadde sitt natteleie og faste opphald. Ein person som var bortreist for ein kortare eller lengre periode skulle teljast på heimstaden, men folk som ikkje var fastbuande vart ikkje registrerte.
By og land hadde kvart sitt skjema. Skjemaene var delte i to hovudrubrikkar; den første delte etter alder og kjønn og den andre etter stand og næringsveg. Antalet aldersgrupper er no utvida til 10, og inndelinga i yrkesgrupper er meir spesifiserte enn i 1815. Personar som har fleire nærigsvegar skal førat opp med alle sine yrker.
Resolusjonen av 11. oktober er trykt i "Love, Anordninger m.m.", bind 4, 1825 side 660 og i "Den Norske Rigstidende" 1825, nr. 85 saman med sirkulæret av 20. oktober. Resultatet av teljinga vart gjort offentleg i "Budstikken" 7. årgang, 1826 spalte 441-576 og 1827 spalte 633-644.
Finansdepartementet meinte igjen at det ville vore "hensigtsmæssig" å halda ei folketeljing i 1835. Dagen for teljinga vart ved kongeleg resolusjon 10. august 1835 sett til første søndag i advent, 29. november. Denne gongen vart det utarbeidd to ulike sirkulær for byane og landdistrikta.På listene skulle dei same teljeeiningane som i 1825 nyttast, men teljestyrarane var denne gongen meir nøye med å fylgja intruksen frå departementet. Gardsbruket skulle vera den minste teljeeininga, men det finst lister der berre matrikkelgarden vart ført opp.
Skjemaene for by og land er delte i tre hovudrubrikkar: folkesetnaden delt inn etter alder og kjønn, etter stand og næringsveg og den siste rubrikken omfattar jordbruksstatistikk. Informasjon om husdyrhald, utsæd av korn og poteter og normalt folltal skulle vera med både for by og land.
I tillegg til skjemaene for by og land var det eit eige skjema for blinde, døvstumme og sinnsvake som er delte inn etter alder og kjønn. Her vart det gjeve summariske oppgåver for heile prestegjeldet eller byen.
Resolusjonen av 10. august er trykt i "Love, Anordninger m.m.", bind 8, side 87. Dei to sirkulæra av 14. august og "Tabeller over Folkemængden i Norge den 29de November 1835" er publiserte i "Statistiske Tabeller forKongerigt Norge første Række". Christiania 1838. Jordbruksstatistikken er trykt i "Anden Række". Christiania 1839.
Folketeljinga 1845 vart bestemt ved kongeleg resolusjon 16. juli 1845. Denne teljinga skulle i motsetnad til dei føregåande teljingane ikkje haldast første søndag i advent, men ved utgangen av året. På grunn av julehøgtida vart sjølve innsamlinga av data utsett til 6. januar og dei fylgjande dagane, men det var folketalet 31. desember som skulle vera grunnlaget for teljinga.Instruksen for teljinga vart gjeven ut ved to sirkulære 30. august. Husmannsplassar som ikkje var skyldsette skulle ikkje reknast med på lista. Skyldsette plassar og bruk i allmenningar og i store skogområde skulle førast opp med henvisning til nummer i matrikkelen av 1838, som teljarane og teljestyrarane hadde fått utdelt.
Også ved denne teljinga er det 3 skjema. Det som er nytt er spørsmål om fattige og spedalske og at inndelinga i yrkesgrupper er meir spesifisert. No skulle alle personar førast opp med leveveg. For at kvar person berre skulle verta registrert ein gong, skulle kvar person berre førast opp med berre hovudnæringsvegen.
Det var eigen rubrikk for heimeverande born, men ingen for gifte kvinner.
Kvenar og samar er tekne med ved teljinga og vart i første omgang rekna saman med resten av folket. Seinare, den 23. oktober, vart det sendt rundt eit skriv der prestane i Trøndelag og Nord-Noreg vart bedne om å gjeva ekstra opplysningar om desse folkegruppene. Opplysningane skulle sendast saman med teljelistene attende til departementet. Desse teljelistene er ikkje nærare undersøkte.
Den 11. november vart det sendt ut særskild rundskriv til alle prestane på landsbygda, der dei vert bedne om å henta inn opplysningar om alle omstreifarane i samband med folketeljinga. "Fantane" sjølv frykta det verste, og mange stakk av. Resultatet vart 82 innberetningar. 72 prestegjeld opplyste om at der ikkje fanst fantar og frå 95 prestegjeld kom der ikkje noko svar. 1145 fantar vart registrerte totalt. Fantane var ikkje med i sluttsummen frå folketeljinga 1845. Sommaren 1846 gav Justisdepartementet ut eit lite skrift: "Fortegnelse over Tatere ved Folketellingen 1845", gjerne kalla fantefortegnelsen. Dette tar med alle dei taterane som var namngjevne på innberetningane, i alt 700 namn.
Resolusjonen av 16. juli er trykt i "Love, Anordninger m.m.", bind 11, side 357. Trykte eksemplar av dei to sirkulæra ligg i Statistisk Sentralbyrå, brevarkivet, journalsaker 1845, jnr. 474. Trykte eksemplar av dei to sirkulæra av 30. august ligg i Statistisk Sentralbyrå, kopibok 1845, nr. 124 og 134.
Folketeljinga 1855 vart bestemt ved kongeleg resolusjon 15. oktober og instruks gjeven ved to sirkulære, eitt for by og eitt for land, 31. oktober. Tidspunktet for teljinga var det same som i 1845, 31. desember.I skjemaet for inndeling etter næringsveg var det denne gongen med underrubrikkar for hovudpersonar og familie. No skulle også ektefellen, borna og andre som vart forsørga av hovudpersonen førast opp. Aldersinndelinga vart endra og oppgåvene over fattige og spedalske vart sløyfa.
For å letta arbeidet åt teljestyraren vart det for landsbygda utarbeida ei generalliste. Her skulle berre hovudresultatet frå teljarene sine lister (spesiallistene) førast opp: totalsummen av folketalet på kvart bruk og oppgåvene over folkesetnaden sin alder, næringsveg m.m.
Resolusjonen er trykt i "Love, Anordninger m.m.", bind 15, side 1098. Sirkulærene av 31. oktober finst i Statistisk Sentralbyrå, kopibok 1846. Resultatet av teljinga er delvis
Sirkulæret om folketeljinga som skulle finne stad gjekk ut i
oktober i 1865 frå innanriksdepartementet. Sjølve innsamlinga
av listene vart ikkje gjort før i byrjinga av året etter, men
det var folketalet 31. desember som skulle vera grunnlaget for teljinga. Det
vart sendt to ulike sirkulære, eitt til byane der dei skulle gjennomføre
sjøvtelling for fyrste gong og eitt til landdistrikta. Dei er henta
frå Norges Offisiell Statistikk (NOS) og er gjengjeven i sin opphavlege
ordlyd:
Til Afbenyttelse under Tællingen følger herhos det fornødent
anseede Antal Blanketter.
Til Iagttagelse under Tællingen gjøres opmærksom paa Følgende: Ved Indsamlingen af de forønskede Opgaver bliver der af de egentlige Folketællere at føre specielle Lister, der for hver Gaard eller beboet Sted skulle indeholde Fortegnelse over de der boende Personers Navn, Alder, Kjøn, Stand, Næringsvei, Fødested m. m., samt over Udsæd og Kreaturhold, saaledes som nærmere vil erfares at de oversendte Blanketter. De specielle Lister gives for Uddelingen af vedkommende Tællingsbestyrer hver sit Nummer i fortløbende Række, og naar 1 Liste ikke er tilstrækkelig for hver Tæller, tillige Litr.
a. I Schemaets første Rubriker anføres Gaardene med deres Navn og Matrikul-Löbe-Nummer i den Orden, Tællingsbestyreren maatte finde hensigtsmæssigt, og bliver det nøie at paase, at intet bliver forbigaaet. Ethvert i Sognet værende skyldsat Brugs Navn maa derfor findes opgivet i vedkommende Liste. Til Afbenyttelse lader Departementet følge Exemplarer af den trykte Matrikul, hvorhos udtrykkelig gjøres opmærksom paa, at de Brug, der senere end dennes Trykning ere optagne i Matrikulen, og som derfor ikke findes i samme, selvfølgelig ikke destomindre maa medtages i Folketællingslisterne. Bruges to eller flere særskilt skyldsatte Brug under Et, anføres begge Navne. Husmandspladse, hvad enten de udgjøre en Del af et Gaardbrugs skyldsatte Jorder eller de henhøre til Almindinger eller store underet skyldsatte Skovstrækninger, opføres ogsaa særskilt hver med sit Navn og med Henvisning til Gaardens, Almindingens eller Skovstræknings Nummer i Matrikulen. Ligger der paa nogen matrikuleret Gaards Grund Dele af et Ladested eller af en Forstad eller anden større Ansamling af Huse, bliver herom som nærmere nedenfor foreskrevet at gjøre Anmærkning i den Rubrik, der paa Schemaet er indrettet for Gaardens Navn,
b. I den anden Rubrik i Speciallisten opskrives Antallet af beboede Huse, og i 3die Rubrik et Ettal for hver særskilt Husholdning.
c. I den følgende (4de) Rubrik opskrives Navnene paa alle de Personer, som paa Gaarden eller i Huset have stadigt Ophold. Har nogen i Almindelighed Natteleie paa et Sted, rnen derimod sine Forretninger paa et andet Sted, f. Ex. en Haandværker, Fabrikarbeider eller desl., regnes han til det Sted eller Hus, hvor han har Natteleie og ikke til det, hvor han har sine Forretninger. Enhver blot midlertidig Fraværende, som f. Ex. farer tilsøs eller er paa andre Reiser enten inden- eller udenrigs, regnes til den Familie, fra hvilken han er bortreist. Den som midlertidig opholder sig paa et Sted, f.Ex.en Reisende, som haves i Logis, regnes derimod ikke med, hvorimod han, om han har sit Hjem i Riget, medregnes der, hvor han har sit Hjem. Følgelig anføres ingen paa Listen, medmindre han paa Stedet har fast Tilhold. Sindssvage, der opholde sig i Sindssygeanstalter, blive dog altid at anføre blandt Sindssygeanstaltens Beboere og ikke i deres Hjemstavn.
d. Ved Udfyldningen af 5te Rubrik maa det nøie paasees, at der foruden Opgaven over Enhvers Stilling i Familien ogsaa anføres Næringsvei eller Stand for alle deres Vedkommende, der i denne Henseende indtage en selvstændig Stilling. Forsaavidt Nogen indehaver flere Stillinger eller driver flere Næringsveie, anføres kun den, der for ham (hende) er den vigtigste, hvorimod denne opgives saa nøiagtigt og specielt som muligt. Saaledes er det ikke tilstrækkeligt at anføre om en Person, at han er Haandværker eller Fabrikarbeider, men det bør bemærkes, ved hvilket Slags Haandværk eller Fabrikvirksomhed han er sysselsat, saasom om han er Snedker-, Skomagersvend, Sagbrugsarbeider o. s. v. Ligesaa bør om en Gaardbruger bemærkes, om han er Selveier, Leilænding eller Forpagter; med Hensyn til en Husmand, om han er med eller uden Jord, og i sidste Tilfælde, hvad han fornemmelig ernærer sig ved; med Hensyn til en Arbeidsmand bør nævnes det Slags Arbeide, hvorved han hovedsagelig er beskjæftiget, f. Ex. Jernværksdrift, Tømmerflødning, Veiarbeide o. s. v.
e. Alderen anføres efter løbende og ei efter, fyldte Aldersaar. Ved, nyfødte Børn skrives saaledes I Aar og ved den, som er i sit 26de Aar, 26 og ikke 25 Aar.
f. Ved Tælling ar Kreature iagttages det, at der tælles efter Hoveder, saaledes at samtlige Kreature (Føl, Kalve, Lam osv. derunder indbefattede) blive medregnede. Til yderligere Forklaring ar Fremgangsmaaden har man paa Bagsiden ar dette Cirkulaire anført Exempler paa en rigtig Udfyldning af en Specialliste. Det bemærkes, at naar der for et enkelt Individs Vedkommende ikke er Tilstrækkelig Plads i en Linie, ber der skrives i flere Linier.
Naar Tælleren paa de specielle Lister har opskrevet samtlige Oplysninger, der skulle indhentes i hans Distrikt, skal han opgjøre Totalsummen af de beboede Huse, Husholdningerne, Folketal, samt af Udsæd og Kreaturhold. Disse Totalsummer opføres i de for samme paa de specielle Listers bagerste Side indrettede Rubriker; sammesteds bliver ogsaa at opgive Foldigheden i middels Aar ar Kornsorter og Potetes.
Dernæst overgives Listerne saasnart som muligt af Tællingsbestyreren, der enten selv eller ved Lensmandens Hjælp gjennemgaar Listernes Indhold for at paase, at ingen Gaard eller Husmandsplads er forbigaaet, samt at Listerne forøvrigt ere behørigen udfyldte overensstemmende med Schemaet; navnlig bør han have sin Opmærksomhed henvendt paa, hvorvidt Opgaverne over Stand og Næringsvei ere rigtige.
De i ethvert Folketællingsdistrikt forefindendes Tatere eller Fantefølger,
hvortil ikke henregnes de, der have opgivet Omstreiferlivet og taget stadig
fast Bolig, blive ikke at medtage blandt den øvrige Befolkning, hvorimod
der over samme optages særskilte Fortegnelser i specielle Lister overensstemmende
med de for disse almindelige Schemata. Herved maa mærkes, at istedetfor
Husholdningernes Antal opgives Antallet af Fantefølger, at man i Anmærkningsrubriken
ønsker opgivet i hvilke Distrikter vedkommende Følge eller Personer
især have deres Tilhold, hvorvidt saadanne Følger i det Hele
taget antages i de sidste ti Aar at være forøgede eller formindskede,
og iøvrigt, hvad der kunde tjene til Kundskab om deres iværende
Stilling, deres physiske og moralske Tilstand, forsaavidt saadanne Oplysninger
kunne tilveiebringes. Forøvrigt deles Tatere i to Klasser, nemlig:
1) de, som have Bolig noget Sted og da kun streife om en
større eller mindre Del af Aaret, og
2) de, som ikke have Bolig eller fast Tilholdssted, og
da streife bestandig.
Med Hensyn til den hos den almindelige Mand sædvanlige Frygt for, at de Oplysninger der i Forbindelse med Folketællingen skulde indhentes om Udsæd, Avl og Kreaturhold, alene have høiere Skattepaalæg eller andre Byrder til Øierned, maa Departementet til Forebyggelse af den heraf opstaaende Forbeholdenhed ved de i saa Henseende meddelendes Opgaver og til Befordring af disses større Paalidelighed anmode Hr. Sognepræsten om, forsaavidt De befrygter, at saadan vildfarende Anskuelse maatte være almindelig i Deres Præstegjæld, at ville baade selv og ved Lensmanden og de Dem underordnede Folketællere gjøre Almuen opmærksom paa, at Øiemedet med de Opgaver, som søges tilveiebragte, er at vinde en paalidelig Kundskab om Landets Befolkning samt Bidrag til Oplysning om dets Næringskilder.
Endelig skulde man anmode Hr. Sognepræsten om, naar Folketællingsarbeidet i Deres Distrikt er endt, at meddele Departementet Oplysning om, i hvilken Udstrækning Lensmanden og Skoleholderne have deltaget i dette Arbeide, navnlig om hvormange Dage dertil er medgaaet saavel under selve Tællingen. sorn muligens senere med at bringe Listerne i Orden, ligesom man ønsker Deres Formening om og i saa Fald hvor stor Godtgjørelse der herfor bør tilstaaes saavel Lensmanden som enhver af Skoleholderne. Det bemærkes forøvrigt, at Skoleholderne ikke i denne Anledning ville erholde nogen Godtgjørelse for Skydsudgifter, uden forsaavidt Hr. Pastoren kan bevidne, at Skyds af dem virkeligen og af Nødvendighed har været benyttet.
Saasnart Hr. Pastoren har modtaget dette Cirkulaire, hvoraf endel Aftryk vedlægges til Afbenyttelse af Lensmanden og Skoleholderne, ville de med første Post hertil indberette Modtagelsen.
Naar Tællingsarbeidet er tilendebragt, bliver Hovedlisten under Hr.
Pastorens Underskrift at indsende hertil tilligemed de specielle Lister.
Under 11te d. M. har det naadigst behaget Hans Majestæt at befale:
Til Iagttagelse under Tællingen gjøres opmterksom paa Følgende: Ved Indsamlingen af de forønskede Opgaver bliver der at føre specielle Lister, der for hvert Husnummer skulle indeholde Fortegnelse over de derboende Personers Navn, Alder, Kjøn, Stand, Næringsvei, Fødested m. m.samt Udsæd og Kreaturhold, forsaavidt saadant finder Sted. Til Afbenyttelse under Tællingen følger det Antal Blanketter, som man har anseet fornødent, for at der for hver Gaard eller hvert beboet Hus kan blive udfærdiget en særskilt Liste; disse Blanketter blive af vedkommende Tællingsbestyrer før Uddelingen at paategne hver sit Numer i fortløbende Række, ligesom ethvert beboet Hus i vedkommende Kjøbstad maa paa Listens 1ste Side anføres med sit Matrikulnumer, men det er ikke nødvendigt, at Matr.-Numerne ogsaa anføres i fortløbende Række, saafremt Tællingsbestyrerne finder en anden Fremgangsmaade mere hensigtsmæssig, kun at det nøie paasees, at intet bliver forbigaaet. Hvis der for et Hus eller en Gaard skulde behøves mere end et Ark, tilføies Indskudsark, der sammentheftes med Hovedarket og numereres som dette. Dernæst omdeles Blanketterne af Rodemesterne saa betimeligt, at hver Huseier eller Husbestyrer inden dette Aars Udgang erholder et Exemplar, hvorhos Huseierne, eller Husbestyrerne anmodes om at udfylde Listerne senest inden Mandagen den 5de Januar 1866, fra hvilken Dag nemlig Listernes Indsamling paabegyndes. Rodemesterne skulle da strax paa Stedet undersøge, om Listerne behørigen ere udfyldte, og i manglende Fald selv udfylde eller rette dem.- At en almindelig, Folketælling i Riget skal foretages ved Udgangen af Aaret 1865 og tage sin Begyndelse første Søgnedag efter Hellig tre Konger 1866, samt fortsættes i de paafølgende Dage indtil den er tilendebragt.
- At der underet med denne Folketælling tillige skal indhentes Oplysning om Korn- og Potetesavlen samt Kreaturholdets Størrelse i Riget.
- At Tællingen skal udføres i Byerne af Magistraten ved Hjælp af Rodemesterne med Opfordring til Huseiere eller Husbestyrere til ved Selvtælling at bistaa disse, og paa Landet af Lensmændene ved Hjælp at Skoleholderne under Sognepræsternes og Kapellanernes Bestyrelse og Tilsyn.
- At Tællingslisterne skulle indrettes efter vedlagte Schemata.
- At Listerne udfyldes efter den Tilstand, som fandt Sted ved Udgangen af Aaret 1865 uden Hensyn til de Forandringer, som i Mellemtiden maatte være foregaaede. Som Følge heraf medtages under Tællingen den, som levede den 31te December, men døde i Begyndelsen af Januar, medens omvendt Børn, der ere fødte i Begyndeldsen af Januar, udelades. Paa samme Maade anføres som gift en Mand, der først blev Enkemand. i Begyndelsen af Januar o. s v. Ligeledes henføres Kreaturbold til 31te December.
- At Tællingslisterne skulle fra samtlige Tællingsbestyrere indsendes direkte til Departementet for det Indre, saasnart Tællingen er endt, og senest inden Udgangen af Marts Maaned 1866 med Undtagelse af Tromsø Stift, hvorfra de skulle være indsendte inden. Udgangen af April Maaned samme Aar.
Ved Udfyldningen af Speciallisterne blive, følgende Regler at iagttage:
Til yderligere Forklaring af Fremgangsmaaden har man paa Bagsiden af dette
Cirkulære anført Exempler paa en rigtig Udfyldning af en Specialliste.
Det bemærkes, at naar der for et enkelt Individs Vedkommende ikke er
tilstrækkelig Plads i en Linie, ber der skrives i flere Linier.
Saasnart Magistraten har modtaget dette Cirkulære, hvoraf endel Aftryk vedlægges, ville de med første Post hertil indberette Modtagelsen.
Døme på spesialliste for byane.
Det nye med denne teljinga var at dei skreiv inn samtlege personar, men med ein kommentar for dei som ikkje var heimehørande i hushaldet. No skulle også sjøfarande takast med.
I motsetnad til 1865-teljinga der ein opererte med kommunane som teljingseiningar, gjekk ein tilbake til den gamle ordninga med prestegjelda som vidare vart delte inn i teljekretsar.
Døme på spesialliste for byane.
I 1885 vart det bestemt at ein skulle ha folketeljingar i år der årstalet slutta med 0 og at den neste teljinga skulle haldast i 1890 Likevel vart det halden ei folketeljing i 1885 i nokre byar. Teljinga skulle gjennomførast mellom 31. desember 1885 og 1. januar 1886. Alle, inkludert midlertidig bortreiste heimehørande og besøkande, skulle teljast på teljingsstaden.
Klikk her for å sjå første sida på utfyllingsskjemaet.
Folketeljinga den 2. januar 1891 kom til ved ein kongeleg resolusjon
den 31. oktober 1890. Som ved 1875-teljinga skulle ein inkludere alle, også
sjøfolk i utlandet og i norske farvatn. Det nye ved denne teljinga
var personsetlar. I staden for å føre ein liste over personane
i husstanden vart kvar enkelt ført opp på ein eigen setel med
ein referanse til husholdninga slik at ein kunne setje den saman att. Denne
gongen gjekk ein tilbake til 1865-standarden med oppdeling i herad og ikkje
prestegjeld. Medan ein forventa at folk sjølve fylde ut skjema i byane,
gjekk det teljarar frå dør til dør i landdistrikta.
D e t s t a t i s t i s k e C e n t r a l b u r e a u.
Sognepræsten bør snarest muligt efter Modtagelsen af nærværende Skrivelse beramme et Møde med vedkommende Lensmand og Ordfører for at træffe Aftale angaaende Iværksættelsen af de forberedende Foranstaltninger, der i Sagens Anledning udkræves.
Planen for Tællingen i Landdistrikterne er i Korthed følgende:
Uddrag af Instruktion for Tællerne (i Landdistrikterne).
Naar Tælleren har modtaget de hans Kreds vedkommende Blade af Fortegnelsen over de matrikulerede Eiendomme samt det fornødne Antal Exemplarer af Schema 1, 3 og 4 (Schema 2 vedkommer kun Byerne), bør han først ved Hjælp af nævnte Fortegnelse opgjøre sig en Plan for den Orden, hvori han agter at besøge de, forskjellige Bosteder.
Saadan Omsendelse bør altid ske til Sindssygeasyler, Sygehuse, Fattighuse, Hospitaler o. 1. samt i Regelen ogsaa til større Arbeiderboliger, forat Schemaerne kan besørges udfyldte af disse Indretningers Bestyrere, der bør erholde et Exemplar af nærværende lnstruktion.
Af Hensyn til den senere Bearbeidelse maa det saavidt muligt søges at Schemaerne ikke unødigt brettes.
Tælleren maa besøge hvert enkelt Vaaningshus for paa selve Stedet at indføre Opgaverne i Schemaerne. For de Huses Vedkommende, hvor Schemaer har været omdelte før Tællingens Begyndelse, og er udfyldte af Beboerne selv, maa det paasees, at Besvarelsen er tydeligt og rigtigt affattet.
Tælleren maa paase, at alle, som er tilstede i Huset Nat til 3 December, ogsaa udøbte Børn, kommer med paa Listen, se Schema 1, S. 4, Bemærkn. 1.
I Tællingen skal ogsaa medtages de, der paa nævnte Tid færdes ude paa Landeveien eller i Baad, og som saaledes da ikke har Logis i noget Hus. Disse regnes sorn tilstedeværende i det Hus, hvorhen de først kommer 3 December eller nærmest paafølgende Dage.
For dem, som Natten mellem 2 og 3 December er ombord i noget Fartøi inden Tællingskredsens Grænser, udfyldes en Personliste for Fartøiet -- hvor der er Toldstation, af Toldvæsenets Betjente, ellers af Tælleren i Kredsen.
For hvert Hus, Tælleren kommer til, begynder han med at numerere Personlisten (Schema 1) i den Orden, i hvilken Schemaerne indsamles. Herved iagttages, at ethvert Hus med Tilhørende Sidebygninger eller Udhuse betragtes som et samlet Hus (Bosted), saa at der altsaa ikke bruges ny Personliste eller gives nyt Nummer til en beboet Sidebygning.
Derefter indføres Opgaverne Rubrik for Rubrik med Iagttagelse af, hvad derom er trykt paa selve Schemaet.
Med Hensyn til Rubrikerne 4-6 bemærkes:
Som midlertidigt fraværende regnes (foruden de i Huset boende Familielemmer,
der var fraværende 3 December) ogsaa Logerende, der før Afreisen
har opsagt sit Logis, naar det vides, at de inden kort Tid vil komme tilbage
og fremdeles blive boende i Herredet: disse medregnes i det Hus, hvor de sidst
havde Logi.
Tjenere regnes som bosatte paa det Sted, hvor de er i Tjeneste; Studenter, Skole-elever o. 1. der, hvor de opholder sig for sin Uddannelses Skyld; er de altsaa ved Tællingstiden hjemme i Besøg-, opføres de der som midlertidigt tilstedeværende.
Lægdslemmer, der er paa Omgang, regnes som bosatte Paa det Sted. hvor de opholdt sig paa Tællingstiden, Sygehuspatienter som midlertidigt tilstedeværende i Sygehuset, hvis de ikke er indlagte til stadig Forpleining. Nomadiserende Lapper regnes som bosatte der, hvor de har Tilhold paa Tællingstiden.
Sjømænd, der er i udenrigsk Fart og som ikke har eget Hjem i Norge regnes som midlertidigt fraværende fra sit sidste Bosted her i Landet, medmindre de maa ansees for at have taget fast Ophold i Udlandet eller stadigt farer med udenlandske Skibe.
Ved Opgaver over de midlertidigt tilstedeværende og de midlertidigt fraværende maa det nøie erindres, at det er Forholdet den 3 December og ikke Forholdet paa den Dag, da Tælleren kommer paa Stedet, som er det afgjørende.
Med Hensyn til Rubrik 9 (Erhverv og Livsstilling), der er en af de vigtigste i Schemaet, henvises, foruden til det i samme anførte, tillie til omstaaende Bilag 1: Alfabetisk Liste over Livsstillinger, der tiltrænger nærmere Betegnelse.
Ved Rubrik 11 henvises til efterfølgende Bilag 3.
Angaaende Schema 3 henvises til det paa selve Schemaet anførte, idet bemærkes, at der kan forekomme Udsæd eller Havedyrkning paa Grundstykker, som ikke hører til noget Brug, for hvilket Personliste skal udfærdiges. I saadant Tilfælde maa der udfyldes et særskilt Schema 3 for disse ubeboede Grundstykker.
Schema 3 bør -- efter at være udfyldt -- lægges, ind i vedkommende Personliste.
Med Hensyn til nomadiserende Lapper gælder følgende Tillægsregler:
Vedkommende Schema 1.
Rubrik 4. Nomadiserende Lapper ansees som hjemmehørende der, hvor de opholder sig 3 December: skulde imidlertid nogen Lap andetstedsfra netop da være paa et kort Leilighedsbesøg hos den Lappefamilie, som nævnte Dag, har sit, Tilhold i paagjældende Tællingskreds, ansees denne enkelte Lap selvfølgelig som midlertidigt tilstedeværende.
Dernæst maa Tælleren mærke sig at Lapperne ofte har
Andres Rensdyr under Bevogtning, hvilke bliver at anføre som Andre
tilhørende.
Samtlige udfyldte Schemaer 1, 3 og 4 indleveres derefter til Lendsmanden, ordnede efter Numer og omhyggeligt inpakkede.
Ubenyttede Schemaer afleveres ligeledes.
Det statistiske Centralbureau, Kristiania i Oktober 1900.
Uddrag af Instruktion for Tællere i Byerne.
Nogle Dage før Tællingens Begyndelse maa TæIleren omdele det nødvendige Antal Schemaer inden det ham tildelte Omraade med Anmodning til vedkommende Huseiere og Leieboere om at udfylde samme, saaledes at de foreligger i udfyldt Stand 3 December, paa hvilken Dag deres Indsamling begynder. Tælleren vil da paa selve Stedet have at paase, at de er blevne behørig udfyldte og i manglende Fald selv udfylde eller rette dem.
Til Sindssygeasyler Sygehuse, Fattighuse, Hospitaler o. l. samt til større Arbeiderboliger, hvor Schemaerne forudsættes at blive besørget udfyldte af disse Indretningers Bestyrere, leveres -- foruden Schemaerne -- tillige et Exemplar af nærværende Instruktion.
Til saadanne større Indretninger bør Schemaerne, forat de kan foreligge færdige i betimelig Tid, udleveres senest 26 November.
Af Hensyn til den senere Bearbeidelse maa det søges undgaaet, at Schemaerne unødig brettes.
Schema 1 (Personliste), af hvilket et Exemplar omdeles tilhver Bekvemmelighed, er indrettet til Opgaver over Antallet af de til hver Husholdning hørende Personer.
Schema 2 (Husliste) skal omfatte eet Hus; som saadant regnes i denne Forbindelse hvert Matrikulnumer, idet tilhørende Bagbygninger eller Sidebygninger m. v. medtages i samme Husliste, se Schemaets 1ste Side.
Det, med Schema 2 sammenhængende Schema 3 er bestemt til Oplysninger angaaende Udsæd og Kreaturhold m. m. vedkommende samme Hus eller Grund og forudsættes udfyldt af Eieren eller Bestyreren.
Personlisterne (Schema 1) maa, forinden den ovenfor omhandlede Omdeling af Schemaerne, af Tælleren paaføres Tællingskredsens No., Gadens Navn samt Husets Matr.-No. overensstemmende med det af Magistraten paa vedkommende Husliste anførte; endvidere paaføres Personlisternes No., idet disse numereres fortløbende inden hvert Hus.
Hvis der skulde behøves mere end eet Schema, benyttes to eller flere, der betegnes med hvert sit Litera, men med samme Numer; i Litr. A anføres, hvormange andre Litr. der hører til.
Tællingen tager sin Begyndelse Mandag Formiddag 3 December og fremmes saa hurtigt som med dens Nøiagtighed foreneligt. Schemaerne er denne Gang indrettede saaledes, at de er lettere og hurtigere at udfylde end ved forrige Folketælling.
Opgaverne i Schema 1 indføres af Tælleren, forsaavidt dette ikke skulde være udført af vedkommende Leieboere, Rubrik for Rubrik med Iagttagelse af, hvad derom er trykt paa selve Schemaet (se Bemærkninger paa Schemaets 4de Side).
Med Hensyn til Rubrikerne 4-6 bemærkes:
Som midlertidigt fraværende regnes (foruden de til Husholdningen hørende
Familiemedlemmer, der var fraværende 8 December) ogsaa Logerende, der
før Afreisen har opsagt sit Logis, naar det vides, at de inden kort
Tid vil komme tilbage og fremdeles blive boende i Leiligheden; disse medregnes
der, hvor de, sidst havde Logis.
Tjenere regnes som bosatte paa det Sted, hvor de er i Tjeneste: Studenter, Skole-elever o. l. der, hvor de opholder sig for sin Uddannelses Skyld; er de altsaa paa Tællingstiden hjemme i Besøg, opføres de der som midlertidigt tilstedeværende.
Sygehuspatienter regnes som midlertidigt tilstedeværende i Sygehuset, hvis de ikke er indlagte til stadig Forpleining.
Arrestanter regnes som midlertidigt tilstedeværende i vedkommende Fængsel, ligesaa Tvangsarbeidslemmer i vedkommende Tvangsarbeidsanstalt, derimod Strafarbeidsfanger som boende ivedkommendc Strafanstalt.
Sjømænd, der er i udenrigsk Fart, og som ikke har eget Hjem i Norge, regnes som midlertidigt fraværende fra sit sidste Bosted her i Landet, medmindre de maa ansees for at have taget fast Ophold i Udlandet eller stadigt farer med udenlandske Skibe.
Tællerens Opmerksomhet henledes særskilt paaRubrik 9 ((Erhverv og Livsstilling), med Hensyn til hvilken der henvises, foruden til det i selve Schemaet S. 4 anførte, tillige til omstaaende Bilag 2: Alfabetisk Liste over Livsstillinger, der tiltrænger nærmere Betegnelse.
Ved Rubrik 11 henvises, til modstaaende Bilag 1.
Schemaerne 1 (Personliste) maa under Indsamlingen den lægges indi den Husliste, hvortil de hører.
Tælleren maa nøie paase, at Schemaer udfyldes for alle i hans Tællingskreds værende Husholdninger, og at alle i vedkommende Bekvemmelighed boende Logerende og andre Personer kommer med i Tællingen.
Hver Tæller skal for sin Kreds udarbeide en Hovedliste (Schema 4), der tilligemed samtlige Schemaer 1-3 snarest mulight afleveres til Magistraten.
I denne Hovedliste opføres de beboede Huse hvert med sit ved Folketællingen tildelte Husliste-Numer samt Matr.-No.
Ubenyttede Schemaer tilbageleveres.
Forøvrigt har Tælleren at befølge de nærmere Instruktioner,
som vedkommede Magistrat maatte give.
Det Statistiske Centralbureau, Kristiania i Oktober 1900
Døme på spesialliste for byane.
Ein fortsette med folketeljingar kvart tiande år, berre avbrote av 2. verdskrig då 1940-teljinga vart utsett til 1946. Siste folketeljing var gjennomført i 1980.
"Lov om tilveiebringelse af opgaver til den officielle statistik" 25. april 1907 slo fast (§ 1) "Naar folketællinger, erhvervstællinger og andre undersøgelser angaaende økonomiske og sociale forhold af kongen med stortingets samtykke besluttes iverksatte, skal næringsdrivende og andre private personer (derunder ogsaa selskaber) være pliktige til at meddeele saadanne oplysninger, som efter den for tællingen i overensstemmelse med stortingets beslutning udarbeidede plan er bestemte at skulle indhentes." Men hadde alle pålegg om å gje opplysningar, skulle det offentlege ha plikt til å skjerme opplysningane (§ 3): "De i henhold til foranstaaende bestemmelser af private meddelte oplysninger maa af dem, som modtager eller har befatning med samme, ikke benyttes i andet end statistisk øiemed og maa ikke offentliggjøres paa nogen maade, som kan frygtes at være skadelig for vedkommendes interesse."
På grunn av reglane i statistikklova har ein sperra folketeljingane i Noreg etter 1907 i 100 år. Folketeljinga frå 1910 vert etter den regelen tilgjengeleg for bruk 1. januar 2011 osv.
Listene frå folketeljingane 1910, 1930, 1950 og 1970 ligg i Riksarkivet, medan listene frå teljingane 1920, 1946 og 1960 ligg i dei respektive statsarkiva.
Forskarar kan søke om innsyn i dei teljingane som er regulerte av Statistikklova og som er avleverte til Arkivverket. Søknaden skal stilast til Riksarkivaren.
Det har vore haldne mange kommunale folketeljingar i Noreg i dette hundreåret. Dei vil normalt ikkje vere regulerte av Statistikklova, og då er det 60 år som er sperregrensa for opplysningar frå desse.
Ved ein brann i 1939 gjekk materialet frå jordbruksteljingane tapt.
Kva dei tyder finn ein gjennom disse lenkene:
Vidare har ein nytta spesialteikn når ein har dataregistrert materiala,
disse kan ein sjå her.
Litteratur:
Tranberg, Anna. 1986. "Folk og fant. Navnelister i folketellingsmaterialet
1815-1855". Norsk lokalhistorisk institutt.
Norges Offisielle Statistikk (NOS), (div. årstall).
Dyrvik, Ståle. 1983. Historisk demografi. Ei innføring i metodane.
Universitetsforlaget
Fonnes, Ivar. 1999. "Den norske arkivloven med forskift iverksatt" i Nordisk
Arkivnyt 1999/1.
ASC / BK 13.08.99
Oppdatert 02.08.02